Lagkameratar slutta i protest: Heit VM-debatt rundt transkvinna Noa-Lynn (28)

11 hours ago 6



– Eg er veldig stolt over at eg kan stå her, etter alt eg har vore gjennom. Som den første nederlandske kvinna, la oss kalle det det, seier van Leuven (28) til NOS.

Ho er første transkvinne som spelar VM, men meiningane er delte rundt deltakinga.

– Eg vil sette nederlandsk kvinnedart på kartet og bety noko for folk i samfunnet mitt med synlegheita mi her. Eg kjempar for alle, eg håpar å inspirere menneske. Alle kan vere seg sjølv, seier van Leuven.

2025 PDC World Darts Championship

HISTORISK: Noa-Lynn van Leuven skreiv historie da ho blei den første transkvinna til å delta i VM.

Foto: Matthew Childs / Reuters

Slutta i protest

VM, som spelast i London og varar til 3. januar, består av ein open klasse med 96 spelarar totalt. Van Leuven kvalifiserte seg ved ta éin av to plassar som er i spel i seriespelet til kvinnene.

At transkvinner fått delta i kvinneserien – og attpåtil vere med i kampen om spel i VM – er svært omdiskutert.

Engelske Deta Hedman trekte seg frå ein kamp mot van Leuven i mai. Ho meiner van Leuven har fleire fysiske fordelar samanlikna med biologiske kvinner. Ho presiserer overfor DW at ho ikkje har noko problem med van Leuvens deltaking i VM, men:

– Mitt einaste problem er at ho kvalifiserte seg gjennom serien for kvinnene. Eg meiner transkvinner ikkje burde få delta i kvinneklassen, seier Hedman.

To av van Leuvens tidlegare lagkameratar på landslaget har slutta i protest.

– Augeblinken når du skammar deg over å representere det nederlandske landslaget fordi det er ein biologisk mann som speler på damelaget. Da er det på tide å dra. Eg har prøvd å akseptere det, men klarer det ikkje, skreiv Anca Zijlstra på Facebook.

– Ingen menn i kvinneidrett, ei heller i darts, skrev tennislegenda Martina Navratilova på X.

2025 PDC World Darts Championship

POPULÆR: Her signerer Noa-Lynn van Leuven autografar i VM.

Foto: Matthew Childs / Reuters

– Giftige kjerringar

Denne hausten stemte medlemmene i det internasjonale dartsforbundet (WDF) for å ekskludere transkvinner frå kvinneklassen i turneringane sine. Det er likevel uklart når regelverket blir sett i verk.

Van Leuven reagerte veldig i eit intervju med den nederlandske nettavisa Nu. Der kalla ho VM-avansementet for «den ultimate langfingeren» til kritikarane.

– Det er mange konservative og giftige kjerringar i dameserien. Dei ser på meg som ein trussel, uttalte ho til Nu.

Mona-Lisa Brodin, president i Noregs dartsforbund, støttar avgjerda til dartsforbundet.

Mona-Lisa Brodin

KRITISK: Mona-Lisa Brodin, president i Noregs dartsforbund, meiner Noa-Lynn van Leuven har ein fordel samanlikna med biologiske kvinner.

Foto: Privat

– Ein er den ein er, men dersom du speler i den klassen du er fødd i, så trur eg problemet er løyst, seier Brodin til NRK – og utdjupar:

– Eg trur det ville vore den enklaste løysinga på det. Da kan ingen kritisere, hyle eller skrike om det, for da er reglane sette. Det er derfor vi køyrer open klasse og dameklasse. Dersom du kan slå gutane, kan du spele med gutane.

Brodin fortel at tematikken foreløpig ikkje har vore ei problemstilling i Noreg, men at det har vore heitt tema, med «krasse» tonar, på møte i det internasjonale forbundet.

– Eg er av den oppfatninga at ho har eit fysisk fortrinn, basert på det eg har lese av dokumentasjon. Det er av den enkle grunn at Noa-Lynn har gått gjennom tenåringsperioden og blitt vaksen mann før det blei sett i gang ei behandling med hormon. Det vil seie at ho har muskelminnet til ein mann, for eksempel.

Britain Darts Worlds

I VM: Noa-Lynn van Leuven har fått mykje merksemd under VM i London.

Foto: Steven Paston / AP

– Hadde ingenting å leve for

Mange internasjonale medium har skrive om van Leuven dei siste åra. Det rår ulike oppfatningar om når ho fullførte kjønnsskiftet. Dette adresserte ho sjølv før VM.

– Dei skriv: «Noa-Lynn skifta kjønn i 2022». Det stemmer ikkje, overgangen min skjedde for ni–ti år sidan. Dei får det til å høyre ut som eg bytt kjønn eitt år før eg begynte å konkurrere i dameklassen. Det stemmer ikkje, seier van Leuven til Sky Sports.

Sjølv om ho har opplevd mykje motgang, har ho òg fått offentleg støtte av stjerner som regjerande meister Luke Humphries, og Michael van Gerwen, sistnemnde eit ikon i nederlandsk idrett.

– Det er veldig snilt av dei. Dei trong ikkje gjere det, men gjorde det og det set eg verkeleg pris på. Den støtta varmar meg, seier van Leuven.

28-åringen rauk ut i 1. runde mot Kevin Doets. VM avsluttast med finale 3. januar.

Britain Darts Worlds

SLÅTT UT: Her feirar Kevin Doets (til høgre) sigeren mot Noa-Lynn van Leuven.

Foto: Steven Paston / AP

Publisert 25.12.2024, kl. 18.39

Read Entire Article