Lågaste oljepris sidan 2021

6 days ago 13



Etter at president Donald Trump kom med sin omfattande tollplan, har oljeprisen falle kraftig.

En gruppe skip i vannet

Foto: TOM LITTLE / AFP / NTB

Publisert 04.04.2025, kl. 10.50 Oppdatert 04.04.2025, kl. 10.59

Eit fat nordsjøolje blir i føremiddag handla for 67,8 dollar fatet.

Ein må tilbake til 2021 for å finne like låg pris.

Dette skjer etter at to viktige ting har skjedd:

  • USAs president Donald Trump har varsla omfattande tollsatsar på varer frå heile verda. Dette meiner fleire vil kunne bremse verdshandelen, og dermed også behovet for drivstoff til både fly, skip og lastebilar som skal frakte alle varene
  • Åtte medlemsland i oljekartellet Opec+ vart midt i dette, torsdag, samde om å auke sin oljeproduksjon raskare enn dei tidlegare hadde annonsert, ifølgje CNBC. Det vil tilføre marknaden meir olje, og kan på den måten presse prisen ned

Publisert 04.04.2025, kl. 10.50 Oppdatert 04.04.2025, kl. 10.59

Read Entire Article