La ut denne meldinga i 2012 – no går den viralt

1 month ago 26



Han hadde nok gitt opp draumen sin den gongen, den spanske fotballspelaren Joselu.

I 2012 hadde han nettopp blitt seld til tyske Hoffenheim frå Real Madrid etter å ha mislykkast med å slå gjennom i favorittklubben.

For dykk som ikkje følger så nøye med på fotball: Det er litt forskjell på Hoffenheim og Real Madrid, for å seie det slik.

Joselu fekk berre éin kamp for det spanske storlaget før fotballkarrieren fortsette andre stader.

I staden måtte han følge favorittlaget som supporter, noko det er fleire eksempel på.

I 2012, nokre veker etter at han blei seld til Hoffenheim, la han ut denne meldinga på det som da heitte Twitter:

«Kan nokon gi meg ein god link for å sjå Madrid-kampen»?

D

Foto: Skjermdump X

I 2022, da Real Madrid vann meisterligafinalen 1–0 mot Liverpool, var Joselu til stades på Stade de France iført Real Madrid-drakta – som supporter.

Viss du er glad i ei skikkeleg Hollywood-historie, eller berre ein amerikansk sportsfilm med ein heilt urealistisk slutt, vil du like det som så skjer.

I juni 2023 valde nemleg Real Madrid å hente han tilbake til klubben på lån frå Espanyol, som han spelte for da – til ikkje mindre enn 1,5 millionar euro.

Da hadde han rokke å vere innom åtte klubbar sidan sist gong han spelte for Bernebeu-klubben.

Real Madrid ville eigentleg berre ha han som ei nødløysing i ein periode dei sleit med fleire skadar på sentrale spelarar – ikkje minst fylte han opp ein verdifull kvote av såkalla «heimedyrka» spelarar med den spanske passet og bakgrunnen sin frå Real Madrid.

Men så var det dette med hollywood-film da. Den usannsynlege helten blir ofte den som sigrar til slutt.

Og klimakset, i alle fall foreløpig, det kom 8. mai i år.

Real Madrid var på full fart mot å bli slått ut av Meisterligaen og låg under 2–3 samanlagd mot det tyske storlaget Bayern München.

Men i det 81. minuttet valde den karismatiske trenarlegenda Carlo Ancelotti å sette innpå Joselu i eit forsøk på å skåre målet som sikra dei ekstraomgangar.

Åtte minutt seinare hadde Joselu skåra to mål rett før kampslutt og på eiga hand sendt favorittlaget vidare til meisterligafinalen på mest dramatisk vis.

xvFYTf2CkLE

KLAR FOR FINALE: Real Madrid jubla hemningslaust etter sigeren mot Bayern i semifinalen. Nå ventar eit anna tysk lag i finalen.

Foto: Reuters

Ein fotballkveld ingen Real Madrid-supporterar vil gløyme, ein kveld dei blei redda av ein av sine eigne.

– Real Madrid hadde jo ikkje spelt denne finalen om det ikkje var for han. Ein spelar som eigentleg aldri har nådd dei store toppane før. Ein som har vore ein i mengda, ein omstreifande spiss som har leita etter ein stad å ha tilhøyrsel. Han har blitt ein veldig usannsynleg heilt, seier Noregs fremste La Liga-ekspert Petter Veland.

– Skjebnen hadde ein plan for meg til slutt, sa han etter kampen.

Nokon som sa Hollywood-manus?

– Eg var der som ein «madridista» i 2022 da dei vann finalen, og skjebnen vil ha det til at eg skal spele i den neste finalen. Eg er veldig, veldig, veldig, veldig glad, sa Joselu etter semifinalen.

2-23FLAGorU

HELTEN: Her har akkurat Joselu sendt Real Madrid til finale i Meisterligaen.

Foto: Reuters

– Det var eigentleg ingen som skjønte all verda da dei henta han på lån frå Espanyol, meiner Veland.

Eksperten peikar på to viktige årsaker til at Joselu enda opp i Real Madrid for andre gong:

Han hadde allereie skåra jamt og trutt for svakare lag, men det viktigaste var kanskje at han hadde status som ein såkalla «heimedyrka» spelar og fylte opp ein slags kvote for den spanske storklubben.

– Han var eit ganske billig lodd som ingen forventa noko særleg av. Og så viser det seg at det er han som sender dei til finalen to år etter han var i Paris og heia på Real Madrid som supporter. Og dette er ein ekte supporter som har vore på stadion og som faktisk har noko å vise til som supporter. Sånn sett var det jo veldig gøy at det var han som fekk vere den som avgjorde det, seier Veland.

Petter Veland

EIT EVENTYR: Slik beskriv Petter Veland historia om Joselu.

Foto: Viasat

Eksperten meiner det er lett å heie på ein spelar som Joselu. Sjølv om han har hatt ein ganske fin sesong og nådd tosifra talet på skåringar, har han akseptert rolla si i hierarkiet.

– Han har vore ein kjempefin plan B, og han har aldri klaga over at han ikkje har fått spele meir. Sånn sett er han ein perfekt spelar som sørger for at det er harmoni i gruppa i alle ledd. Og historia blir jo berre kjempefin når han har vore rundt i Tyskland, England og andre stader i Spania – men endar opp her, meiner Veland.

Laurdag kveld kan draumen bli fullbyrda når Joselu og Real Madrid speler meisterligafinale mot Dortmund på Wembley.

Han har vore der før. Men denne gongen får andre ta seg av heiinga frå tribunen.

Finalen mellom Real Madrid og Borussia Dortmund har avspark 21.00 laurdag. Følg kampen på NRK Sport på radio eller sjå den på TV 2.

Stygt fall for Ingvaldsen: – Håper ikke han strakk noe bånd 00:31

Publisert 31.05.2024, kl. 21.50

Read Entire Article