Like før klokka eitt natt til laurdag norsk tid meldes det om kraftige eksplosjonar i Kyiv.
Opplysningane blir bekrefta av ordførar Vitalij Klitsjko, som ber innbyggarane gå i bomberomma.
– Eksplosjonar i hovudstaden. Luftvernet er aktivert. Gå i dekning, skriv han på Telegram.
Minst 19 personar er skadd.
Eksplosjonane har leia til brann fleire stadar i byen.
Foto: STATE EMERGENCY SERVICE OF UKRAINE / Reuters / NTBOgså NRK sin korrespondent i Kyiv melder om eit kraftig angrep. Han opplyser at angrepet verkar å vere retta med fleire av fjernvarmeanlegga i byen.
Guvernøren i Kyiv-regionen, Mykola Kalashnyk, seier at 320.000 forbrukarar er utan straum laurdag morgon.
Samstundes er det oppretta beredskapspunkt der innbyggjarane kan få straum, varme, vatn og lade telefonane sine.
Det ukrainske forsvaret melder at Russland har fyrt av både kryssarmissil og ballistiske missil.
Luftsirene er utløyst i store delar av Ukraina.
Følg utviklinga i Ukraina her:
Zelenskyj til USA
Fredag morgon melde Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj at han skal møte USA sin president Donald Trump i Florida søndag.
Han seier vidare at ein fredsplan med 20-punkt er 90 prosent ferdig.
USA sin president Donald Trump og Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj under eit møte i Det kvite hus i oktober.
Foto: TOM BRENNER / AFP / NTBTorsdag snakka Zelenskyj med dei amerikanske utsendingane Steve Witkoff og Jared Kushner.
Zelenskyj uttalte at samtalane var «veldig gode», og at fokuset er å få slutt på den «brutale russiske krigen».
Interessert i det som skjer i verda? Følg utanriksredaksjonen sin podkast her:
Publisert 27.12.2025, kl. 01.27 Oppdatert 27.12.2025, kl. 09.35
















English (US)