Kvinne hadde klatra over gjerde på bru – fekk hjelp frå Bon Jovi

1 week ago 8



Dramatiske scener utspilte seg under innspelinga av ein musikkvideo i Nashville i USA tysdag.

Ei kvinne hadde klatra over gjerdet på ei bru, og sto og held seg fast i gjerdet.

På ein overvakingsvideo som skal visa hendinga, kan ein sjå to personar gå roleg bort til kvinna – mellom anna artisten Jon Bon Jovi, skriv AP.

Personane vert ståande og prata med kvinna som står ute på kanten.

Etter ei stund snur ho seg mot dei, og får hjelp til å komma seg tilbake over gjerdet. Kort tid etterpå får ho ein god klem frå artisten, før dei går saman ned frå brua.

Det var politiet som offentleggjorde overvakingsvideoen som skal vise hendinga.

I ei kort utsegn dei sende ut saman med videoen, heiter det at dei gjerne vil gje ein «shout out» til Bon Jovi og folka hans, skriv BBC.

– Bon Jovi hjelpte til med å overtala kvinna til å komma ned frå bruavsatsen og til tryggleik.

Brua fekk namn etter liknande hending

Ifølge lokalavisa The Tennessean var Bon Jovi i ferd med å spilla inn ein musikkvideo til låta «The People's House»

Brua var likevel open for publikum medan innspelinga gjekk føre seg.

Politiet seier den dramatiske hendinga skjedde tysdag på Seigenthaler gangbru i Nashville, hovudstaden i staten Tennessee.

Jon Bon Jovi

Musikkvideoinnspelinga til Jon Bon Jovi vart meir dramatisk enn nokon hadde tenkt seg på førehand.

Foto: Michael Tran / AFP

Ifølge avisa vart brua i 2014 kalla opp etter John Seigenthaler, som på 1950-talet fekk hindra ein mann i å hoppa frå nettopp denne brua.

– Me trengst alle for å holda kvarandre trygge, sa politisjef John Drake i ei utsegn etter hendinga.

Lang karriere

Artisten har ikkje vilt kommentera hendinga, av omsyn til kvinna han hjelpte.

Han er mest kjend som vokalisten i rockegruppa Bon Jovi, som vart danna i 1983.

Blant dei mest kjende låtene deira er Livin' on a prayer (1987) og You give love a bad name (1986).

Jon Bon Jovi har òg hatt ei lang solokarriere som artist, og har i tillegg spelt i fleire filmar.

Publisert 12.09.2024, kl. 08.22 Oppdatert 12.09.2024, kl. 08.44

Read Entire Article