Kvifor bør kommunen kjøpa hytta til Åse-Marie Nesse?

1 week ago 12



DEBATT: Mange lurer sikkert på kvifor nystarta «Åse-Marie Nesses venneforening» er så overtydd om at dette er viktig? Her kjem eit forsøk på forklaring.

Foto: Jarle Aasland
  • Marianne Øvregaard

    «Åse-Marie Nesses venneforening»

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Inni diktarhytta ved stranda på Sele – full av historie – opplever ein ei sjeldan ro. Og ånda etter ein av dei klokaste kleppsbuane som har levd sit framleis i veggane. Derfor er akkurat denne staden – med utsikt til havet og ein høg himmel – rette plassen å formidla den rike kulturarven etter vår nasjonalt godt kjende diktar: Åse-Marie Nesse.

I ei verd full av influensarar, knapt tørre bak øyra, men med allslags råd om korleis det er best å leva, treng vi innsikta og klokskapen til ei dame som verkeleg har vågd å leva livet. Ho søkte alltid etter kunnskap om det å vera menneske – på tvers av religionar, etnisitet, kjønn og andre skiljeliner som set menneske i bås.

I diktet «Til ei ung jente» (kan likeins vel vera ein ung gut!) står det mot slutten:

vesle søster, ikkje spør

kva alle andre ventar av deg

du skal leve dine svar

du skal leve

leve sjølv

det finst vegar så vide som verden

vesle søster, ikkje vent

gå i gang

Ei sterk oppfordring til dei unge i dag, som mange gøymer seg bak ein skjerm og heilt har mista trua på eigne krefter!

Få har reist så mykje ut i verda som Åse-Marie Nesse på leiting etter meir kunnskap og fleire svar, og etter 2 år i byen Tuxla Guiterres skreiv ho barneboka Mexico-Lexico med eitt dikt for kvar bokstav i alfabetet. Mange tusen barn i Klepp – 250 framførte kvart år i meir enn 15 år dikta i ei enkel scenisk oppsetjing – levde seg med opne sansar inn i skjebnen til den fattige skopussaren utan far til å tene pengar, eller det stakkars eselet med dei tunge børene. Ikkje rart at denne boka fekk pris som beste barnebok det året ho kom ut – dikta er klassiske og tidlause. Klepp kommune fekk i 2010 gitt ut boka på ny – denne gong i fargar – og hundrevis av barn sende inn teikningar til konkurransen om å illustrera boka.

Alle desse barna kjenner til namnet Åse-Marie Nesse. I dag er dei ungdommar eller unge vaksne på leiting etter mål og meining, og dei fortener å få vita meir om denne dama.

Til dømes treng dei å vita korleis ho kjempa for ytringsfridom som leiar av den internasjonale PEN-klubben (forfattarane sin organisasjon som arbeider for ytringsfridom). Ho skreiv brev som dåverande statsminister Gro Harlem Brundtland fekk med på statsbesøk til Gorbachev. Her tok ho opp skjebnen til 29 år gamle Irina som sat i ei iskald fengselscelle i Sibir dømd til 7 år for 5 dikt – innhaldet i dikta blei sett på som antisovjetisk propaganda. Dagen før toppmøtet mellom Reagan og Gorbachev, som enda den kalde krigen, blei Irina sett fri som ei symbolsk handling. Ho hadde då sona 2 år og helsa var dårleg. Dåverande TV-programleiar Erik Bye arrangerte eit møte mellom Irina og Åse-Marie i London i etterkant.

Åse-Marie Nesse fekk og prøvd livet i motgang, og mange finn trøyst i dikta ho skreiv då ho vart ramma av kreft heile 3 gonger. Då mora fekk demens-sjukdom skreiv ho om dette i ei tid då det nærast var tabu å snakka om. I dag er dikta meir aktuelle enn nokon gong.

Sjølv om Åse-Marie Nesse må kunna kallast ein ekte verdsborger, var ho like mykje ein svoren lokalpatriot. Dei aller fleste dikta hennar kom til i diktarhytta på Sele. I Klepp-songen – kåra til beste bygdesong i Norge – malar ho med ord ut heile landskapet i Klepp: «Ja, det spirer og gror etter traktor og plog – sjå det blømer frå Sele til Tu».

Dikta hennar – desse fortetta augeblinkane fanga med ord – hjelper oss å sjå og oppleva verda rundt oss. Dei gir håp og tru i den urolege verda vi lever i i dag, og som ho sjølv seier det så nyttar det ikkje å stira seg blind på «blodflekkane på vegen. Det vakre finst – og det må takast vare på»

Visjonen

av ein betre verden

er ein betre verden

litt på veg (frå diktet «Fata Morgana», 1978)

Eller som journalist i Stavanger Aftenblad Jan Zahl skriv så treffande etter nyleg å ha dekka konferansen «Wonderful World» i Stavanger: «Ser du berre etter, vil du oppdaga det. Det er – framleis – ei vedunderleg verd.» Dette er den raude tråden i diktinga til Åse-Marie Nesse, og vi treng å bli minna på det. Og kraftsenteret i dette formidlingsarbeidet er diktarhytta på Sele.

Marianne Øvregaard «Åse-Marie Nesses venneforening»

Publisert:

Publisert: 3. juni 2026 19:25

Read Entire Article