Kven tek ansvar for nynorsken på UiA?

2 weeks ago 11



Mange nynorskelevar på Agder skiftar målform når dei byrjar på skule og studium i byen. UiA har eit særleg ansvar, men bryt språklova.

Sommaren 2025 skreiv Khrono at UiA skåra verst på å oppfylle lovkravet til veksling mellom nynorsk og bokmål på nettsidene. «I same artikkel lova Sunniva Whittaker, rektor på UiA, å innfri lovkravet med 25 prosent nynorsk i 2026. Ho er sjølv språkprofessor,» skriv innsendaren. Foto: Kjartan Bjelland

På Agder er det i grunnskulen litt over 1300 elevar som har nynorsk som hovudmål. Flest finn ein i dei indre strøka av fylket. Blant desse er det fleire som flyttar vekk når dei byrjar på vidaregåande skule, fordi det ikkje finst tilstrekkeleg med vidaregåande-tilbod i området. Ein syner ein tendens til at når elevar som er vaksne opp med nynorsk, flyttar til meir sentrale område med bokmål i skulen, byter dei hovudmål frå nynorsk til bokmål. Denne endringa skjer fordi bokmålet er det målet elevane vert vande med å sjå, og det vert difor enklare å velja. Det er òg fleire unge som ikkje tek eit aktivt val med å endra hovudmålet sitt, men det hender automatisk når dei kjem til den vidaregåande skulen, utan at dei legg merke til det.

Etter enda vidaregåande opplæring kjem elevane gjerne til Kristiansand eller Grimstad for å studera på UiA. Dei elevane som har vore flinke til å halda på nynorsk som sitt hovudmål, vil sjå at det òg på universitetet er utfordrande å halda på han. Den mest synlege, dessutan gjentakande mangelen på nynorsk på universitetet, er at mange ikkje får eksamen på sitt valde mål. Det hender stadig at ein berre får eksamensoppgåva på bokmål, eller at den nynorske utgåva har for dårleg språkføring. Hovudgrunnen til at dette ikkje vert betra, er at det ikkje finst noka reell «straff» for institusjonane som bryt språklova. Språkrådet kan gje åtvaringar, men har ikkje makt til å bøteleggja institusjonane.

I paragraf 13 i språklova heiter det at «sentrale statsorgan skal over tid bruke minst 25 prosent av både bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument». Då UiA skulle rapportera om bruken av nynorsk og bokmål i 2022 til Språkrådet, viste det seg at universitetet i svært liten grad brukte nynorsk på nettsider, dokument og i sosiale medium. Dei fleste digitale skjema og sjølvbeteningsløysingar fanst både på nynorsk og bokmål, men fem fanst berre på bokmål. Dette vil seia at UiA bryt språklova.

Leiinga på UiA si haldning til nynorsk har generelt vore dårleg. I 2018 gav Forskerforum ut ein artikkel der det står at UiA sende brev til Kunnskapsdepartementet for å be dei vurdera å la UiA sleppa språklova. Grunnen var at universitetet vert meir og meir internasjonalt, og det å skriva på tre språk – engelsk, bokmål og nynorsk – ville vera for ressurskrevjande. I tillegg hadde UiA i fleire år unngått å senda inn rapport om bruken av nynorsk og bokmål. Heldigvis er dei vortne betre på det no.

Leiinga på UiA si haldning til nynorsk har generelt vore dårleg.

Dei dårlege haldningane til nynorsk er knytt til at bruk og synleggjering av språket er ressurskrevjande. Det er viktig å hugsa på at nynorsk er eit språk som er knytt til identitet, tradisjonar, historie og kulturforvaltning for me som brukar det.

Sommaren 2025 slapp Khrono ein artikkel om korleis «6 av 32 lærestader oppfyller lovkravet til veksling mellom nynorsk og bokmål på nettsidene», der dei konkluderte med at UiA skåra verst. I same artikkel lova Sunniva Whittaker, rektor på UiA, å innfri lovkravet med 25 prosent nynorsk i 2026. Ho er sjølv språkprofessor.

Universiteta skal vera førebilete når det kjem til å ønskja å halda på språket sitt. UiA er oppteken av å ivareta internasjonale studentar og bokmålsstudentar sine rettar. Det er difor synd at UiA ikkje har vist tilstrekkeleg interesse for å ivareta nynorskbrukarar sine rettar. Målet bør vera å overtyda leiinga på UiA til å villa bruka meir nynorsk. På framsida av bygget til UiA på Gimlekollen står slagordet deira: «sammen om kunnskap» og «creating knowledge together». UiA skal òg vera «saman om kunnskap».

Som nynorskbrukar og nynorskstudent ser eg fram til å sjå betring av nynorskbruken på universitet eg sjølv går på, og håpar leiinga held det dei har lova. JA til meir nynorsk i 2026 og åra som kjem!

Foto: Bjelland, Kjartan / Fædrelandsvennen
Read Entire Article