Kven kan bli Irans neste leiar?

5 hours ago 1



Irans øvste leiar kan alt vere peikt ut etter drapet på ayatollah Ali Khamenei.

Han hadde vore landets øvste leiar sidan 1989, med siste ord i alle sentrale politiske og militære spørsmål.

Tysdag kveld meldte eksilkringkastaren Iran International at sonen hans, Mojtaba Khamenei, er peika ut til ny øvste leiar i Iran.

Opplysningane er førebels ikkje stadfesta av iranske styresmakter eller fleire uavhengige kjelder.

Torsdag kastar USAs president Donald Trump seg inn i diskusjonen om kven som bør ta over etter Khamenei.

Desse kan ta over

Fleire namn blir no trekte fram som moglege etterfølgarar.

Regimet:

Politikarar og religiøse leiarar som ønsker å halde fram dagens maktsystem og den islamske republikken slik han er.

  • Hassan Khomeini – barnebarnet til revolusjonsleiaren Ruhollah Khomeini. Ein religiøs leiar som blir sett på som eit meir moderat alternativ innanfor systemet.
  • Mojtaba Khamenei – son av Ali Khamenei. Blir rekna som ein innflytelsesrik maktfigur bak kulissane, men kontroversiell på grunn av frykt for arvefølge.
  • Alireza Arafi – konservativ religiøs leiar og medlem av den mellombelse leiinga.
  • Ali Larijani – Tidlegare parlamentspresident i Iran og ein sentral konservativ politikar.

Reformistar:

Politikarar som ønsker politiske og økonomiske endringar som gir folk større fridom, men som framleis vil arbeide innanfor den islamske republikken og systemet rundt den øvste leiaren.

  • Hassan Rouhani – tidlegare president i Iran. Blir rekna som ein meir pragmatisk og reformorientert politikar.
  • Javad Zarif – Tidlegare utanriksminister og toppdiplomat i Iran og ein av arkitektane bak atomavtalen i 2015.

Opposisjonen:

Personar og grupper som ønsker større politiske endringar eller eit nytt styresett, ofte utanfor det eksisterande systemet.

  • Reza Pahlavi – son av Irans siste sjah og opposisjonsfigur i eksil.
  • Narges Mohammadi – menneskerettsaktivist og Nobels fredsprisvinnar i 2023.

Trump ønsker å vere involvert i leiarval

– Eg må vere involvert i utnemninga, slik som med Delcy Rodríguez i Venezuela, seier den amerikanske presidenten til Axios.

Han viser til den amerikanske aksjonen ved årsskiftet der Venezuelas president Nicolás Maduro blei tatt til fange og frakta til USA.

Et møte finner sted med en person ved bordet iført dress og slips, som peker med hånden. Det er et bord dekket med en blå duk, med et segl og en gjennomsiktig kopp på. I bakgrunnen henger amerikanske flagg, samt et offisielt presidentemblem. Møtet ser ut til å være i et formelt rom. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

USAs president Donald Trump vil vere med å bestemme kven som skal leie Iran.

Foto: Nathan Howard / REUTERS,NTB

Etterpå tok visepresident Delcy Rodríguez over som fungerande president.

Trump meiner samtidig det er uakseptabelt at Mojtaba Khamenei tar over etter faren.

– Dei kastar bort tida. Khameneis son er ein lettvekta.

Trump seier vidare at USA ønsker ein leiar som kan skape «stabilitet og harmoni» i landet.

Landet har per no sett inn eit mellombels leiarråd, ifølge fleire iranske medium.

Dette er rådet:

  • Irans president Masoud Pezeshkian tar over ledelsen av Iran midlertidig.

    AFP

    President Masoud Pezeshkian

    Irans president sidan 2024.

    Han har tidlegare vore helseminister og har lang erfaring som medlem av parlamentet.

    Han blir rekna som ein del av den reformorienterte fløya i iransk politikk.

  • To personer står foran en talerstol i en bygning med mørke vegger. Begge har på seg formelle klær, og en av dem bærer en tradisjonell hodebekledning. Foran dem er det en dekorasjon av blomster, som bidrar til den offisielle atmosfæren. Det er ingen tydelige bakgrunnselementer som gir mer kontekst. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    - / AFP / NTB

    Justisleiaren Gholam-Hossein Mohseni-Eje’i

    Irans justisleiar sidan 2021.

    Har hatt ei nøkkelrolle i rettsapparatet gjennom fleire tiår, som både etterretningsminister og riksadvokat.

    Ein lojal støttespelar for det etablerte systemet.

  • Ny iransk leder

    khamenei.ir / KHAMENEI.IR

    Ayatollah Alireza Arafi

    Sentral religiøs leiar i det iranske presteskapet.

    Sit både i Ekspertrådet og Vaktar-rådet, to av dei viktigaste maktorgana i landet.

    Har leia dei iranske teologiske seminara sidan 2016

Usikker overgang i krig

Banafsheh Ranji, postdoktor ved Institutt for sosiologi og statsvitskap på NTNU, meiner situasjonen i Iran er så uoversiktleg at det er vanskeleg å peike ut ein klar arvtakar.

  • Banafsheh Ranji

    Banafsheh Ranji

    • Postdoktor ved Institutt for sosiologi og statsvitenskap, NTNU. 

– Det er svært uklart kven som kan ta over. Vi veit ikkje eingong kven av toppleiarane som vil overleve dei pågåande angrepa. Situasjonen endrar seg frå dag til dag, seier ho.

Ifølge Ranji bremsar krig ofte politiske endringsprosessar.

– I ein krigssituasjon blir politiske overgangsprosessar ofte sett på pause. Det er langt meir sannsynleg at eksisterande maktstrukturar held fram enn at eit nytt system oppstår raskt.

Røyk og støv fyller himmelen over bygninger etter en eksplosjon. Flere fugler flyr gjennom scenen i bakgrunnen. Omgivelsene viser flere bygninger med antenner og klimaanlegg på takene. Den blå himmelen kontrasterer med den mørke røyken som stiger opp fra bakken. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Røyken stig over Irans hovudstad Teheran etter israelske og amerikanske angrep.

Foto: Majid Asgaripour / Majid Asgaripour / Reuters / NTB

Ho peikar også på at utanlandske aktørar i ein slik situasjon fyrst og fremst er opptekne av stabilitet.

– For eksterne aktørar handlar det mindre om kven som blir leiar, og meir om at det finst nokon dei kan forhalde seg til.

Avviser at Iran manglar opposisjon

Fleire analytikarar har peikt på at den iranske opposisjonen er splitta og manglar eit tydeleg politisk alternativ til regimet.

Ranji meiner det er feil å framstille Iran som eit land utan opposisjon.

– Det stemmer ikkje at Iran manglar opposisjon. Det finst sterke sosiale rørsler inne i landet, kvinnebevegelsar, arbeidarar, lærarar og fagforeiningar som held fram trass i undertrykkinga.

  • En person står i en utendørs setting og holder opp et skilt med teksten "MERCI TRUMP, BIBI". Skiltet inneholder også fargerike kartformer, mens personen vifter med et italiensk flagg. Det ser ut til å være en demonstrasjon eller en markering. Omgivelsene er preget av trær og bygninger i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    I fleire europeiske byar er det protestar til støtte for folk i Iran. Fleire utrykker glede over at ayatollah Ali Khamenei er drepen.

    Foto: Aurelien Morissard / AP / NTB
  • En gruppe mennesker deltar i en demonstrasjon, hvor mange holder flagg og hever hendene. En person med et flagg i hånden har sittet foran med et fargerikt symbol på klærne. Omgivelsene er preget av folkemengde og bygninger i bakgrunnen. Arrangementet ser ut til å være en politisk eller kulturell markering. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    I Amsterdam har personar som er mot det iranske regimet vist si støtte til USA og Israel sine angrep som tok livet av ayatollah Ali Khamenei.

    Foto: KOEN VAN WEEL / AFP / NTB
  • En stor gruppe mennesker deltar i en demonstrasjon, med flagg og plakater i ulike farger. Flere personer holder opp flagg fra forskjellige nasjoner, mens noen tar bilder med mobiltelefoner. Stemningen er engasjert, og deltakerne ser ut til å uttrykke sine meninger og følelser med håndtegn og hevede hender. Omgivelsene inkluderer trær og bygninger, noe som gir kontekst til hvor demonstrasjonen finner sted. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Ei kvinne har poppa ei champagneflaske under ein demonstrasjon i Paris etter USA og Israel sitt angrep mot Iran.

    Foto: Aurelien Morissard / AP / NTB
  • Bildet viser en person med krøllete, lysegrått hår. Bakenfor er det en uklar bakgrunn med røde og hvite farger, som kan tyde på et arrangement eller en atmosfære knyttet til festligheter. Personen ser ut til å stå stille, muligens i en gruppe eller ved et arrangement. Det er ingen andre detaljer som fremhever omgivelsene. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    I mange europeiske byar har folk tatt til gatene for å vise si støtte til iranske borgarar.

    Foto: Aurelien Morissard / AP / NTB
  • En stor mengde mennesker deltar i en demonstrasjon, hvor flere holder opp flagg og plakater. En person i fronten holder en plakat med teksten "OUR THOUGHT ARE WITH IRAN". Deltakerne viser fredelige gester, som fredstegn med hendene. Omgivelsene er preget av bygninger i bakgrunnen og en klar himmel. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Også i Berlin har store folkemengder gjennomført demonstrasjonar.

    Foto: Ebrahim Noroozi / AP / NTB
  • En gruppe personer deltar i en demonstrasjon, hvor de heiser flagg med grønne, hvite og røde farger. Noen har omfavnet flagg som de bruker som kapper. Atmosfæren er livlig, med folk som gestikulerer og applauderer. Omgivelsene er preget av bygninger i en urban setting. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Også italienarar i Roma har gjennomført protestar.

    Foto: Matteo Minnella / Reuters / NTB

Ho understrekar at eksistensen av politiske fangar nettopp viser at motstanden lever vidare.

– Opposisjonen eksisterer, men har ikkje hatt høve til å organisere seg fritt eller konkurrere politisk.

Ingen samlande opposisjonsfigur

Ifølge forskaren gjer både politisk undertrykking, og stort sosialt mangfald det vanskeleg å samle landet bak éin alternativ leiar.

– Iran er eit svært mangfaldig samfunn med mange etniske grupper, noko som gjer det lite sannsynleg at éin opposisjonsfigur kan samle heile landet.

Ho meiner difor at framstillinga av til dømes eksilprins Reza Pahlavi som ein samlande kandidat gir eit forenkla bilete.

Reza Pahlavi

Reza Pahlavi er son av Irans siste sjah

Foto: OLIVIER DOULIERY

– Pahlavi har støttespelarar, særleg i eksil, men han representerer berre éin del av opposisjonen. Det finst ingen dokumentasjon på at han samlar fleirtalet av iranarar.

– Narrativet om at alle iranarar samlar seg bak éin opposisjonsfigur, er misvisande.

Ranji er også feministisk og antirasistisk aktivist, men uttaler seg her som forskar.

Splitta syn på kven som kan samle Iran

Samstundes går det føre seg ein diskusjon blant iranarar, både i og utanfor landet, om kven som kan samle Iran dersom regimet fell.

Sarah Gaulin, dagleg leiar i organisasjonen Likestilling, integrering og mangfald (LIM), meiner eksilprins Reza Pahlavi framstår som ein av dei få tydelege samlande figurane

  • Sarah Gaulin i lyse klær. Smilende utendørs.

    Sarah Gaulin

    Dagleg leiar i organisasjonen Likestilling, integrering og mangfald (LIM),

– Mi oppfatning er at mange roper og heiar på Reza Pahlavi, fordi han er kandidaten som samlar flest. Namnet hans blir ropa i gatene, og han har ein plan og noko konkret å vise til, seier ho.

Også stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap) har uttrykt støtte til Reza Pahlavi som overgangsleiar for Iran, mellom anna til VG.

Gaulin seier ho fryktar eit maktvakuum dersom regimet fell utan eit klart alternativ.

– Eg ser dessverre ikkje at det er andre kandidatar som blir løfta fram. Når vi ikkje har andre alternativ, kan vi få situasjonar som i Syria eller Afghanistan.

Pahlavi har samstundes vore kritisert for manglande demokratisk legitimitet og for banda til det autoritære styret under faren før revolusjonen i 1979.

En mann med grått skjegg og hodeplagg snakker i mikrofon.

Ayatollah Ali Khamenei, leia Iran i nærmare 40 år.

Foto: AFP / NTB / AFP / NTB

Gaulin meiner eksilprinsen har forplikta seg til ei mellombels rolle.

– Han har lagt fram dokument og konkrete planar. Dersom han ikkje held det han lovar, trur eg iranarane raskt vil gå ut i gatene igjen.

Åtvarar mot eksilprinsen

Siavash Mobasheri, gruppeleiar for Raudt Oslos bystyregruppe meiner på si side at det er feil å peike ut ein ny leiar, fordi vi ikkje veit kva iranarar i Iran vil ha.

– Vi veit ikkje om dei vil ha republikk, monarki eller noko anna, fordi dei aldri har fått stemme fritt om det.

Han er særleg kritisk til at iranarar i eksil skal definere framtida til landet.

– Eg meiner det er prinsipielt feil at vi i eksil skal kome med ein kandidat og definere kven som skal ta makta.

  • To personer samtaler i en innendørs setting. Den ene personen har kort hår og bærer en burgunder genser, mens den andre er delvis synlig med en brun jakke. Bakgrunnen viser en moderne arbeidsplass med svake, uklare former av møbler og interiør. Belysningen er naturlig og bidrar til en uformell atmosfære.

    Siavash Mobasheri

    Gruppeleiar for Raudt Oslos bystyregruppe

Han påpeikar at Iran er eit land med over 90 millionar innbyggarar, og mange folkegrupper med ulike interesser.

– Pahlavi har ei viss støtte, men vi veit ikkje kor stor den er.

Mobasheri åtvarar mot å samle makt hos éin person.

– Khomeini sa også i 1979 at han berre skulle vere ein mellombels figur. Historia viser kor raskt «midlertidig» kan bli permanent når makt først er konsentrert.

Både Gaulin og Mobasheri peikar på at det internasjonale samfunnet kan få ei viktig rolle dersom Iran går inn i ein overgangsfase, mellom anna gjennom støtte til demokratiske institusjonar.

Utanriksredaksjonen i NRK følger utviklinga tett. Følg med på podkasten her:

Publisert 05.03.2026, kl. 21.20

Read Entire Article