Kva huskar du frå koronapandemien i Noreg?

5 hours ago 3



Torsdag 12. mars 2020 kalla regjeringa inn til pressekonferanse der dei varsla dei mest inngripande tiltaka Noreg har hatt i fredstid.

Nordmenn fekk brått ei rekke nye ord og uttrykk å halde styr på, som heimekontor, kohort, r-tal, koronavenn og superspeidarar.

«Koronaen» blei også kåra til årets ord av Språkrådet i 2020.

Kø utenfor Vinmonopolet i Markveien på Grünerløkka i Oslo

Under pandemien måtte vi på nytt lære oss å stå i polkø.

Foto: Cicilie S. Andersen / NRK

Vi lærte oss nye måtar å jobbe på. Vi lærte oss å helse med olbogen og «halde meteren» for å unngå å bli smitta. Og det blei sett i gang «koronerulling» under «strøymekonsertar» med artistar som måtte avlyse turneen sin.

Drive-in-konsert med Klovner i Kamp

Klovner i kamp med drive-in-konsert utanfor Noregs Varemesse i Lillestrøm.

Foto: Cicilie S. Andersen / NRK

Men kor mykje huskar du framleis etter fem år? Ta denne uhøgtidlege sjølvtesten, og finn ut.

1/12 Stengd og avlyst

To kvinner prøver å hilse på hverandre, men en mann, som står mellom de to prøver å avskjære ved å strekke en hånd mellom dem.

Bent Høie klarte å avverje at Camilla Stoltenberg og Erna Solberg handhelsa på pressekonferansen.

Foto: Lise Åserud / NTB

12. mars kom Solberg-regjeringa med «dei strengaste og mest inngripande tiltaka i Noreg i fredstid» på grunn av covid-19. Ei rekke arrangement og tilbod blei forbode eller stengt. Kva tilbod blei ikkje stengt?

2/12 Tiltak for barn og unge

Alt blir bra!

Barn over heile Noreg laga regnbogeteikningar med håp om at alt skulle bli bra.

Foto: Lise Åserud / NTB

Nedstenginga førte til at mange brått måtte jobbe på heimekontor. Men styresmaktene var også uroa for spreiinga av viruset blant barn og unge. Kva tiltak blei sett inn i skulane frå 12. mars 2020?

3/12 Spriten kom på bordet

Tre flasker med håndsprit og ei flaske øl står på gresset i en park. I bakgrunnen skimtes åtte mennesker ute av fokus som sitter og prater.

Handspriten var lett tilgjengeleg under fadderveka i Bergen i 2020.

Foto: Eivind Senneset / NTB

Blant dei som kunne gni seg i hendene var produsentar av handsprit. Det blei sett opp dispenserar på offentlege stader, og mange hadde ei lita flaske i lomma eller handveska. Men kva var det viktigaste rådet for godt smittevern i det daglege?

4/12 Karantene etter utanlandsreiser

 Torstein Bøe / NTB

Det var ikkje tilrådd å reise utanlands. Men måtte du, måtte du gjennom både testing og karantene på grensa.

Foto: Torstein Bøe / NRK

Dei første tilfella av covid-19 i Noreg var personar som var smitta på reiser i utlandet. For å hindre såkalla importsmitte måtte dei som kom over grensa i karantene. Kor lang var karantenetida i starten?

5/12 Norske mann i hus og hytte

Drømmepåske i det folketomme fjellet.

Påska 2020 var det langt mellom ferierande i fjellheimen.

Foto: Erik Johansen / NTB

Når samfunnet elles var stengt ned, og mange måtte jobbe frå kjøkkenbordet, var det godt å ha ei hytte å reise til. Men våren 2020 blei det restriksjonar på bruk av fritidseigedommar. Kva gjekk hytteforbodet ut på?

6/12 Noreg i raudt, kvitt og blått

Nesten folketom Karl Johan 17. mai 2020 på grunn av koronapandemien.

Det var uvanleg lite folk på Karl Johan 17. mai 2020.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

I mai opna ein for offentlege arrangement igjen, men barnetoga 17. mai blei avlyste. Det var likevel mogeleg å feire nasjonaldagen saman med familie og vennar. Kor mange kunne vere samla i private arrangement?

7/12 Dersom ingen får korona, men passar seg for den ...

Et pyntet juletre. I bakgrunnen står en julenisse med munnbind og hansker.

I 2020 var det eit godt teikn dersom nissen lukta sprit.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Jula 2020 blei ei koronajul med mange råd og reglar. Kor mange gjestar kunne ein ha på besøk rundt middagsbordet julaftan 2020, ifølge dei nasjonale reglane?

8/12 Berre eit lite stikk i armen

En hånd holder et glass med vaksine mens den fylles på en sprøyte.

Romjula 2020 starta massevaksineringa i Noreg.

Foto: Tone Spieler / NTB

Arbeidet med å lage ein vaksine mot covid-19 kom raskt i gang etter at pandemien var eit faktum. I romjula 2020 fekk 5000 eldre dei første koronavaksinane i Noreg. Kva vaksine var den første som blei godkjent og distribuert i Noreg?

9/12 Ein engelsk variant

Koronavirus i Nordre Follo kommune

Kommuneleiinga i Nordre Follo fekk eit mutert virus i fanget.

Foto: Lise Åserud / NTB

Viruset begynte etter kvart å endre seg. I slutten av januar 2021 blei det oppdaga eit utbrot av eit mutert virus i Nordre Follo. Det førte til innstramming i tiltaka i ti kommunar på Austlandet. Kva var den utilsikta konsekvensen av dette, som gjorde at det blei gjort endringar dagen etter innføringa?

10/12 Pass på korona

Koronapass på mobiltelefon

Innføringa av koronapass var ei etterlengta hending for mange.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

For å kunne lette på reiserestriksjonar og opne opp meir av samfunnet, kom det forslag om å innføre koronasertifikat. Sommaren 2021 blei dette innført i Noreg, Kva opplysningar hadde sertifikatet?

11/12 Oppheving av smitteverntiltak

Munnbind henger på en knaggrekke

Etter ein periode med munnbind på offentleg stad, var det mange som var glade for å kunne henge dette frå seg.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Etter kvart som det blei mindre smitte i omløp, kunne Noreg opne meir opp. Når fjerna regjeringa smitteverntiltaka mot covid-19, med bruk av munnbind, avstand og plikt til isolasjon ved sjukdom?

12/12 Pandemien er over

Mennesker går nedover en gate på kveldstid.

Etter kvart kunne folk vende tilbake til normalen igjen.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Også pandemiar har ein ende. Når blei covid-19 fjerna frå lista over allmennfarlege sjukdommar i Noreg?

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.

Bonus: Også Kringkastingsorkestret til NRK måtte jobbe frå heimekontor under pandemien.

Hjemmekontor kan være ensomt, også for KORK, men hvem blir ikke glad av å spille denne udødelige klassikeren alenesammen?

Heimekontor kan vere einsamt, også for KORK, men kven blir ikkje glad av å spele denne udødelege klassikaren aleinesaman?

Publisert 12.03.2025, kl. 09.56

Read Entire Article