Kva er vitsen med straumselskap?

1 week ago 6



I ein tid der mange snakkar om effektivisering av staten, og meiner at vi skal kutte alt det unødvendige, korfor kutter ingen i straumselskap?

Kva verdi tilføyer straumselskapa samfunnet vårt, spør innsenderen. Foto: Tore-André Baardsen

Med dagens modell er det stort sett slik at straumen blir generert i dei same kraftverka og straumen blir sendt til huset over dei same kablane. Straumen er av same kvalitet og nettleia kostar det same. Avgiftene er dei same og straumen kostar det same nå som vi har norgespris.

Kva så er det faktisk straumselskapa gjer for oss? Kva verdi tilføyer dei samfunnet vårt?

Før i tida var argumentet at eit straumselskap vil, om den er konkurranseutsett, kunne gi kundane ein lågare straumpris. Dette gjeld heller ikkje lenger, fordi nå får alle same pris med norgespris. Det vil si at det er over 100 selskap der ute som gjer så godt som ingenting.

Slik vises Norgespris på strømregningen din

Tenk om vatn var organisert på same måte. Tenk om vi hadde bestemt oss for å lage 100 nye vatnselskap, og at vi no skulle betale desse for vatnet vi brukte. Ingen hadde jo trudd at dette var ein god investering, fordi det hadde ført til ingen forandring, anna enn mange direktørstillingar.

Folk meinte at direktørlønnane i helseføretaka var alt for høge, og det har dei rett i, så korfor snakkar ingen om direktørane i straumselskapa? Her er det mykje pengar som blir brukt på ingenting.

Read Entire Article