Kva er fakta og fiksjon i «Tiltalt»?

1 week ago 8



Denne veka er det premiere på eit heilt nytt reality-konsept: Fem kjendisar må dømme i ei drapssak skriven av krimforfattar Jørn Lier Horst.

Serien er inspirert av verkelege hendingar, og sjølv om plottet er fiktivt er det også mykje som er ekte.

Kva er eigentleg fakta og kva er fiksjon av det du ser på skjermen?

Er Ariana-saka ei sann historie?

Klipp fra TV-serien «Tiltalt»

Nei

Ariana-saka er ei fiktiv drapssak som kjendisane Bjarne Brøndbo, Anine Olsen, Yousef Hadaoui, Unni Lindell og Gaute Berg Næss skal dømme i. Kor den tiltalte, Stig Homme, skal ha kvelt og drepe kona si, Ariana Homme, natt til 26. mai 2024 på grunn av sjalusi.

Men, for å lage ei drapssak som blir opplevd som ekte for meddommarane, og som kunne ha skjedd i Noreg, har vi late oss inspirere av fleire ekte norske drapssaker.

Gjennom å lese etterforsking, dommar og rapportar fann vi nokre fellestrekk ved alle drapa. For eksempel korleis offera blei drepne, kva drapsvåpen drapsmannen brukte og korleis lika blei prøvd skjult.

medvirkende i en fiktiv rettsal bygget opp i NRKs studio

Foto: Patrick da Silva Sæther

Desse fellestrekka brukte krimforfattar Jørn Lier Horst da han skreiv historia om kva som skjedde kvelden da Ariana Homme blei drepen.

Det har vore veldig viktig at dei drapssakene som vi har late oss inspirere av, ikkje er mogleg å kjenne igjen eller saumfare.

Så kvifor var det viktig at historia var inspirert av ekte saker?

Fordi meddommarane skulle kjenne på at «Ariana-saka» kunne ha skjedd i Noreg. Den fiktive saka kjendisane skal dømme i, er inspirert av «norsk verkelegheit», der andre har hatt same meddommarrolle som dei. Og dømt den tiltalte skuldig eller ikkje skuldig.

Er advokatane ekte?

Berit Reiss Andersen, Marius Dietrichson og Siri Ross Wessel i svarte kapper

Foto: Agnete Brun

Ja

Sjølv om «Ariana-saka» er fiksjon, er advokatane ekte. Berit Reiss Andersen, Marius Dietrichson og Siri Ross Wessel har alle svært lang erfaring som advokatar og ført nokre av dei største straffesakene i Noreg.

For eksempel så har Marius Dietrichson vore forsvarsadvokat i Nokas-saka, rådgjevar for Moland i Kongo-saka, forsvarer i Bolivia-saka og for Matapour i Pride-saka. Berit Reiss Andersen har lang erfaring som forsvarsadvokat med møterett for Høgsterett. Siri Ross Wessel er forsvarsadvokat, bistandsadvokat og har tidlegare jobba fleire år som politiadvokat i Oslo politidistrikt.

Klipp frå TV-serien «Tiltalt»

I «Tiltalt» utfører advokatane jobben slik dei ville ha gjort han i ei ekte rettssak. I førebuingane har dei fått lese ein krimteknisk rapport på avdøde «Ariana» som er utarbeidd av krimteknikar, ein obduksjonsrapport utarbeidd av rettsmedisinar og ein hendingsgang og bakgrunn på vitna skriven av Jørn Lier Horst.

Ut frå det har advokatane sjølve lagt opp korleis dei skal føre saka. Verken aktor eller forsvarar har eit manus med skrivne replikkar, berre sine eigne notat om saka. Dei veit derfor ikkje konkret kva vitne eller ekspertane vil svare på eit spørsmål.

Er krimteknikar, rettsmedisinar og politietterforskar ekte?

Klipp frå TV-serien «Tiltalt»

Ja

Ida Gravensteen, Per Angel og Arnfinn Sandstad er alle ekte fagpersonar. Ida Gravensteen jobbar som rettsmedisinar og forskar, Per Angel er tidlegare krimteknikar i politiet og Kripos, og Arnfinn Sandstad er tidlegare etterforskingsleiar i Kripos.

Alle saman vitnar i tråd av å vere fagperson. Angel og Gravensteen har sjølv utarbeida krimteknisk rapport og rettsmedisinsk rapport, som blir brukt i serien. Sandstad har berre forhalde seg til hendingsgangen og bakgrunnen for politiarbeidet som Jørn Lier Horst har skrive.

For å få innhaldet truverdig og nøyaktig har fagekspertane tilpassa rapportane i «Ariana-saka» slik at dei samsvarer med kva dei meiner ville vore naturleg viss saka var sann.

Eksempel på det er kor mange dagar eit lik må ligge i vatnet for å sjå slik ut som Ariana på obduksjonsbilda, eller kva fingermerke ho må ha på halsen viss drapsmetoden er kveling.

Er den tiltalte og vitne ekte?

Klipp frå TV-serien «Tiltalt»

Nei

Tiltalt, offer og vitne, som ikkje er fagekspertar, er skodespelarar.

For somme av dei er det første gong dei speler ei stor rolle på TV. I motsetning til andre TV-seriar som bruker skodespelarar, har ingen av dei manus med replikkar.

Så når skodespelarane avlegg vitnemål, og blir spurt ut av advokatane eller kjendisane, kan dei berre svare på bakgrunn av den bakgrunnsinformasjonen dei har fått om rollekarakteren sin. Ikkje noko meir. Målet er å skape ein nerve i rettssalen slik det er i røynda.

Vi var redde for at skodespelarane skulle gløyme heile historia si, seie ting om karakteren som ikkje var sant eller finne på detaljar som ville bli avgjerande når meddommarane skulle avgjere skuldspørsmålet.

Det skjedde òg, men vi avslører ikkje kor i serien det skjer.

Bruker de ein ekte rettssal?

En fiktiv rettsal bygget opp i NRKs studio

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Nei

Rettssalen er bygd opp frå botnen av i eit av dei største studioa på NRK Marienlyst. Men måten kjendisane, hovuddommar, advokatar, tiltalt og vitne er plasserte, er slik dei sit i ein ekte norske rettssal.

For at kjendis-meddommarane skulle oppleve rettssalen vår som ein ekte rettssal og ikkje eit TV-studio, skjulte vi nesten alle TV-kameraa i vegger og tak slik at ikkje dei kunne sjå dei.

Er det nokon i «Tiltalt» som har replikkar med manus, og har advokatane øvd med skodespelarane på førehand?

To kvinner og en mann står i en fiktiv rettsal bygget opp i NRKs studio

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Nei

Ingen har manus med replikkar. Og ingen av advokatane møtte vitna før innspeling. Forsvarar Marius Dietrichson møtte den tiltalte Stig Homme eit par gonger før opptak. Men då var skodespelar i rollekarakter. Det er vanleg prosedyre for ein advokat å møte klienten sin før rettssaka.

Er obduksjonsbilda av «Ariana» tatt på ein ekte obduksjonsbenk?

Klipp fra TV-serien «Tiltalt»

Ja

Skodespelaren som speler «Ariana» måtte ligge på ein ekte obduksjonsbenk på seksjon for rettspatologi og klinisk rettsmedisin på Oslo universitetssjukehus da lik-bilda av henne blei tekne.

Fekk kjendisane vite noko om drapssaka før dei møtte opp i rettssalen?

Klipp frå TV-serien «Tiltalt»

Nei

Kjendisane fekk vite minimalt. Det dei fekk vite var at dei skulle vere meddommarar i ei fiktiv rettssak. Dei fekk ikkje vite kva slags sak det var, eller kven som var drepne.

Dei fekk heller ikkje vite kven dei skulle vere meddommarar saman med. Alt dei fekk vite for å avgjere skuldspørsmålet, får dei vite under rettssaka.

Stoppa de TV-produksjonen viss ein skodespelar gløymde noko eller ein advokat ville stille spørsmål på nytt?

Mange skjermer viser det som skjer i studio mens tre personer jobber med å redigere

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Nei

Vi stoppa aldri produksjonen sjølv om nokon gløymde noko. Vi brukte nærare 20 kamera, og kvar opptaksdag blei teken i ei taking. Dette for at kjendisane skulle oppleve dette som ei ekte rettssak og ikkje ei TV-innspeling. Dette kravde svært mykje i planlegginga.

Meddommarane skal dømme den tiltalte skuldig eller ikkje skuldig, men får vi sjåarar vite om han faktisk drap «Ariana»?

En stor statue av Justitia med kamerautstyr foran

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Nei

Det er meddommarane som avgjer om dei trur han har drepe Ariana eller ikkje. Som i ekte norske rettssaker får vi aldri vite om den tiltalte faktisk gjorde det eller ikkje, om han ikkje erkjenner drapet.

Lagar NRK «Tiltalt» berre for å underhalde?

NRKs fotografer foran en grønnskjerm

Foto: Patrick da Silva Sæther

Nei

Vi eksperimenterer med meddommarordninga og viser korleis nokre av dei som skal dømme andre tenkjer.

Er avgjerda dei tek rettferdig, eller lèt dei seg påverke av eigne fordommar, moral, magekjensle eller gruppedynamikk når dei skal dømme den tiltalte skuldig eller ikkje skuldig.

For kan vi eigentleg stole på at vanlege folk klarar å dømme rett?

Sjå i NRK TV: Kjendisane blir kasta inn i ei drapssak. Stig nektar for å ha drepe kona si, men trur dei på han?

En stor gruppe mennesker står i en fiktiv rettsal bygget opp i NRKs studio

Foto: Patrick da Silva Sæther

Publisert 19.11.2025, kl. 15.58

Read Entire Article