Kurerte høgdeskrekk på absurd vis: – Ikkje noko behageleg

2 hours ago 1



Om du hadde sett deg på toppen av ein skiflygingsbakke med høgdeskrekk, så ville du neppe ha sloppe taket frå bommen.

Du ville truleg ikkje ha sloppe deg utfor Holmenkollbakken sjølv om du ikkje har høgdeskrekk.

Sjølv om Philipp Raimund har slite med høgdeskrekk heile livet, så har han altså valt dette som levebrød. Å fly på ski.

– Ja, eg har hatt problem med høgdeskrekk, seier Raimund til NRK.

En skihopper svever gjennom luften over en folkemengde under et skirenn. Hopperen har på seg en hvit drakt med oransje detaljer og er i fritt fall. I bakgrunnen kan man se en stort antall tilskuere, noen iført grønne jakker, som følger med på hendelsen. Området er tåkete, noe som gir en dramatisk effekt til scenen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

SKUMMELT: Å stupe utfor skiflygingsbakken i Planica er ikkje for alle. Her Domen Prevc frå Slovenia.

Foto: Borut Zivulovic / Reuters / NTB

Den tyske skihopparen er nummer seks i hoppveka etter to renn og for fullt med i pallkampen. Men frykta har stoppa han før.

I Planica i fjor valde han å stå over renna i den enorme skiflygingsbakken på grunn av høgdeskrekken.

– Nokre gonger, spesielt med skiflyging, så har eg opplevd nokre situasjonar der kroppen min reagerer utan at eg klarer å gjere noko. Da mistar eg kontroll for eit par sekund og kan berre observere meg sjølv, skreiv han på Instagram da.

En skihopper hever hånden i triumf, iført en svart konkurransegensere og en hvit hjelm. I bakgrunnen er en lys, blå himmel som gir kontekst til sportsarrangementet. Hopperen holder ski i den andre hånden, og det er tydelig feiring etter et vellykket hopp. Bildet fanger spenningen og følelsen av seier i skihopping. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

I TOPPEN: Philipp Raimund har tre pallplassar så langt denne verdscupsesongen.

Foto: Lisi Niesner / Reuters / NTB

Funne ein kur

Han har brukt delar av oppkøyringa til sesongen på å kvitte seg med høgdeskrekken.

– Men heldigvis, så har eg jobba med ein mentaltrenar denne sesongen, så eg har fått kontroll på det. Eg har sjekka av den boksen. Så nå ser det bra ut, seier han.

Kombinasjonen med hjelpa frå mentaltrenaren og eksponeringsterapien ved å kaste seg utfor ekstreme høgder har hjelpt på.

– Ja, eg vil seie eg har kurert det med skihopping, seier han.

Sjølv om det er ganske uvanleg at skihopparar har høgdeskrekk, så har også den tidlegare norske skihopparen Daniel-André Tande hatt same utfordring.

– Eg kjente mykje på det da eg var junior. Eg torde aldri å stå hoppet heilt ut når eg hadde høve til å hoppe langt, fordi det gjekk høgt, seier han til NRK.

NRK spør Tande om skihoppinga, som med Raimund, har hjelpt han med å overvinne skrekken.

– På ingen måte. Eg er framleis skremt for høgder, ja. Det er det ikkje nokon tvil om, seier han.

Daniel-André Tande

LA OPP: Daniel-André Tande la opp som skihoppar før 24/25-sesongen.

Foto: Brede Bleiklie Thomassen / NRK

– Ikkje noko behageleg

Marius Lindvik seier han har høyrt om fleire hopparar med høgdeskrekk. Sjølv har han ikkje det problemet, men innrømmer at det kan bli skummelt innimellom.

– Det er ikkje noko behageleg. Eg har jo sjølv opplevd å miste bakkekontakten i lufta. Da vil du ned fortast mogleg. Det er første instinktet ditt, seier han til NRK.

Forfang og Lindvik

DUO: Johann André Forfang og Marius Lindvik har litt ulike reaksjonar på høgdeskrekken til tyskaren.

Foto: Matthias Schrader / AP / NTB

Johann André Forfang er litt skeptisk til kor stor høgdeskrekken til den tyske kollegaen faktisk er.

– Dersom det plagar han veldig, så er det andre ting ein kan drive med. For om han mistar kontroll i lufta, så trur eg han fort ville ha funne på noko anna, seier Forfang til NRK.

Etter dei to første renna i Tyskland, er det Innsbruck i Austerrike som er vertskap for det tredje rennet i hoppveka. Der er det kvalifisering laurdag og renn søndag.

Publisert 02.01.2026, kl. 06.34

Read Entire Article