Kubjølle-klanen slår alarm: – Vi må ha påfyll

1 hour ago 1



– Ja, eg veit jo ikkje om TikTok ein gong. Men vi har lagt ut songen vår der og videoen.

Det fortel styreleiaren i Håndballens venner, Sigvard IR Magelssen, til NRK.

Han deltek i sitt 40. meisterskap som ihuga handballfan. Høgdepunktet er likevel OL i Sydney tilbake i år 2000.

Og det var ikkje fordi Noreg sikra seg bronse i meisterskapet, men fordi det var før terroren hadde slått til for alvor i den vestlege verda.

– Det var ikkje noko politi som likte å passe på. Det var eit fritt område i OL-parken og vi hadde ei fantastisk oppleving. Det var 350 frå oss i det OL, seier Magelssen.

Det er i grell kontrast til årets meisterskap i Nederland og Tyskland.

I innleiande runde i den tyske byen Trier har dei berre vore elleve i reisefølgjet med raud genser og kubjølle rundt halsen.

Også på tribunen Westfalenhalle, som tek 12.000 tilskodarar, har det vore glissent både av folk med kubjølle og andre tilskodarar.

Langt under 2000 hadde kjøpt billett for å sjå Noreg knuse Sverige.

Norske håndballspillere varmer opp på banen før en kamp. De har på seg drakter med teksten "Norge" på ryggen. Bakgrunnen viser en arena med LED-skjermer og tilskuere som venter. Belysningen skaper en spent atmosfære før oppgjøret. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

GLISSENT: Det var mange ledige sete på tribunen, då Henny Reistad og dei norske jentene rundspelte svenskane i VM-byen Dortmund.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Det er ikkje så mange som har anledning til å reise i nesten tre veker. Så det kjem fleire etter kvart, seier Sigbjørn Teigen på 74 år og blant dei yngre i reisefølgjet.

Håpet er at dei skal få samla 100 til finalehelga i nederlandske Rotterdam til helga.

– Ja, vi må ha påfyll, kjem det raskt frå styreleiaren som får støtte frå Stein Vidar Lie på 80 år.

Han delar bekymringa.

– Nei, det er jo med tanken på framtida. Foreininga vår har jo vakse og vakse, men vi blir også eldre og eldre. Så vi må ha nye. Men utfordringa er jo at det å reise på eit heilt meisterskap, det kostar jo pengar. Og ein del folk jobbar, så vi må ha nokon unge pensjonistar.

– Er det dei som er målgruppa?

– Ja. Og dei heilt unge sjølvsagt. Men ja, det er jo nokon barn av og til. Og nokon yngre. Men vi treng fleire, svarer Lie.

Lanserer ny song for å rekruttere yngre

Den livsglade gjengen ikledd sine ikoniske raude genserar, fargerike parykkar i raudt, kvitt og blått og med kubjølle rundt halsen, har difor tatt grep før dette meisterskapet.

– Det er ein ny song som vi presenterer i år. Som vi har lagt ut på YouTube og TikTok. Så vi håpar det skal gi eit nytt løft for Håndballens venner, fortel Magelssen tydleg stolt.

Her kan du sjå og høyre videoen: (ekstern lenke)

Håndballens venner

PÅ TUR: Håndballens venner klarar å skape stemning sjølv om dei er få.

Foto: Håndballens venner

TikTok-general er 80 år gamle Stein Vidar Lie. Det er han som står bak songen.

– Det har vore veldig moro å lage den, og eg håper at den får god respons etter kvart som den blir kjent, seier Lie.

– Kvifor tenker de at det er lurt å vere på TikTok, då?

– Det er fordi at då vil fleire bli merksame på oss. Det er jo det som gjeld no. Så vi håpar og satsar på at det blir vellykka framover, svarer han.

Hyllar initiativet

«Har du høyrt at Håndballens venner er på TikTok?»

Utbrotet kjem frå Stine Skogrand til landslagets pressesjef Halvor Lea etter at NRK har informert om ho den nye satsinga til kubjølle-klanen.

To personer står utendørs i en park, begge iført vinterjakker med logoer. Den ene personen holder en mikrofon og ser mot den andre. Omgivelsene består av trær og busker, med en bygning synlig i bakgrunnen. Det er en gråaktig dag med høstlige blader på bakken. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

LATTER: At Håndballens venner har lansert video på TikTok får fram smilet hjå dei norske landslagsspelarane. Her Stine Skogrand saman med Malin Aune på pressetreff i Dortmund.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Det er mykje som fungerer på TikTok. Eg har det ikkje sjølv, men det må vi få sett. Det kan vere ein god strategi om det er unge dei vil rekruttere. For det er vel der dei høyrer heime, seier Skogrand.

Nora Mørk som spelar sitt 14. meisterskap med flagget på brystet hyllar grepet.

– Eg tenker eigentleg at dei er smarte. Det hadde vore kult om fleire ville vore med. Kvifor ikkje ta til sosiale medium for å rekruttere litt? Det er ein god tanke, seier Mørk.

– Dei har det, ja. Det er gøy. Ja, det kan absolutt hjelpe, trur Thale Rushfeldt Deila som kan fortelje at bestemora hennar i fjor var med Håndballens venner på tur.

– Det er jo kanskje litt meir vanleg for yngre folk å ha reist mykje, så dei treng kanskje ikkje like mykje den same hjelpa som ein får i ei gruppe. Men for dei som ønsker å vere sosiale, så er det jo perfekt å vere med.

i raudt, kvitt og blått

FANS: Eit utval av klanen frå Håndballens venner på plass for å følgje dei norske kvinnene.

Foto: Håndballens venner

Også dei norske landslagsstjernene har merka seg at det er glissent på tribunen i den tyske storbyen Dortmund.

– Det er jo berre slik det er. Vi var veldig positivt overraska i Trier. Men det er viktig at vi klarar å skape god stemning sjølv på bana, og vi er ikkje avhengig av publikum for å klare det, seier Vilde Ingstad.

Henny Reistad skulle gjerne møtt vertsnasjonen og fått kjenne på trykket til heimepublikumet.

– Jo, vi har snakka om det. Det hadde vore gøy å spele mot Tyskland og kunne få ei slik oppleving.

Tysdag spelar Noreg kvartfinale i VM. Kampen kan du høyre på NRK Sport.

Publisert 09.12.2025, kl. 05.21

Read Entire Article