Kronprins Haakon besøker Kyiv

7 hours ago 3



Tysdag morgon rulla toget med Kronprins Haakong og energiminister Terje Aasland inn på stasjonen utanfor den ukrainske hovudstaden.

Der blei han hilst velkommen av den norske ambassadøren, Helene Sand Andresen, og ein ukrainsk delegasjon med viseutanriksminister Oleksandr Misjtsjenko i spissen.

Besøket er eit uttrykk for den sterke og vedvarande norske støtta til den ukrainske regjeringa og det ukrainske folket, skriv Kongehuset i ei pressemelding.

Kronprins Haakon trer ut av toget og blir møtt av ambassadøren og Ukrainas viseutanriksminister.

Kronprins Haakon blir møtt av protokolldirektør Olena Yalova og viseutanriksminister Oleksandr Misjtsjenko på perrongen.

Foto: Heiko Junge / NTB

Energiminister Terje Aasland er også med til Kyiv. Dei to tok nattoget frå Polen.

Under besøket skal Kronprinsen mellom anna besøke ukrainske myndigheiter og norske samarbeidspartnarar, samt prosjekt som har fått støtte gjennom Nansen-prosjektet.

Tidlegare i år auka Stortinget støtta til Nansen-programmet frå 50 milliardar i 2025 til 85 milliardar.

Terje Aasland sitter på et tog

Energiminister Terje Aasland på togstasjonen i i den polske grensebyen Przemysl måndag kveld før han skulle ta nattoget til Kyiv.

Foto: Heiko Junge / NTB

Første besøk

Dette er første gong norske kongelege besøker Ukraina etter starten av fullskalainvasjonen.

Av andre kongelege besøk til Ukraina etter at krigen starta, finn vi berre grevinne Sophie, svigerinna til britiske kong Charles. Ho besøkte hovudstaden våren 2024.

Sist Noregs kongehus var på offisielt besøk i Ukraina var då kronprinsesse Mette-Marit besøkte Kyiv i oktober 2008.

Kronprinsparet møtte Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj til audiens då han besøkte Oslo i mars.

Han var i audiens hos kong Harald og dronning Sonja i desember 2023.

Publisert 20.05.2025, kl. 07.33 Oppdatert 20.05.2025, kl. 07.59

Read Entire Article