– Vi opplever det som tonedøvt.
Det seier direktør i Davvi – Senter for scenekunst, Jens Smith Wergeland.
I forslag til statsbudsjettet neste år foreslår regjeringa å bruke 52,5 millionar kroner på eit danseløft.
I ei pressemelding seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) at dei med dette styrker infrastrukturen for utvikling og visning av profesjonell dans rundt om i landet.
Pengane går til 10 regionale kompetansesenter, Proda profesjonell dansetrening, og Danseinformasjonen.
I eit Facebook-innlegg skryt Kultur- og likestillingsdepartementet av dette, med eit bilete av ei danseframsyning som er laga i samarbeid med Davvi.
Men dei får ikkje ei krone ekstra, og er ikkje på denne lista.
– Det er i seg sjølv kjempeflott at Kultur- og likestillingsdepartementet er begeistra for løftet, men i denne samanhengen blir det umusikalsk, fordi at ein då frontar eit kompani som ikkje er ein del av dette danseløftet.
Kulturdepartementet skryter av satsinga i eit Facebook-innlegg.
Foto: Skjermdump 24.10.2025– Gløymd 35 prosent av Noreg sitt areal
Ifølge han er dei på sett og vis det einaste regionale senteret for scenekunst, med eit mandat til å styrke, samle og bygge vidare det frie scenekunstfeltet i Nord-Noreg.
Men det kostar pengar. Det er dyrt å drive med scenekunst i nord, på grunn av blant anna kostnadar knytt til reise.
– Det kostar meir og meir pengar å produsere og skape scenekunst.
Så det at dei andre sentera sør i Noreg får auke i støtte, gjer at han meiner dei blir haldne utanfor.
– Å bli halde utanfor eit sånt løft, då har ein gløymd 35 prosent av Noreg sitt areal og ein heil landsdel. Det stiller vi oss uforståande til.
Dagleg leder i Davvi – senter for scenekunst, Jens Smith Wergeland meiner dei blir haldne utanfor.
Foto: PrivatHan seier vidare at dette kan få konsekvensar for dei.
– Vi får iallfall ikkje den utviklinga som er ønskt. Det vil også føre til at færre kunstnarar ønsker å bu og verke i Nord -Noreg. Då blir det færre moglegheiter for å skape kunst med nordnorsk forankring.
– Tar pengar frå nord
Det er ikkje berre scenekunst-senteret som reagerer.
Det gjer også direktøren i Arktisk Filharmoni, Trud Berg.
– Det er med heva augebryn og med vantru at vi registrerer det som skjer.
Direktør for Arktisk Filharmoni, Trud Berg, kritiserer Kulturdepartementet for å nedprioritere Nord-Noreg.
Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRKHo reagerer på at ingen av dansesentera som får ekstra midlar er nordnorske. Skryten på Facebook, syns ho heller ikkje noko om.
– Det er nesten ironisk det som skjer no.
Det er ikkje berre dans som får mindre pengar. Arktisk Filharmoni blir trekt 10 millionar kroner, ifølge ho.
Til saman blir det sett av om lag 3,5 milliardar kroner til musikk- og scenekunstinstitusjonane i statsbudsjettet for neste år.
Musikk for mannskor og orkester av Fridthjov Anderssen (1876-1937). frå Stormen i Bodø 26. april 2024.
Foto: Arktisk Filharmoni / Vidar Thorbjørnsen– Det som kjenneteiknar det heile, er jo at ingenting kjem til nord. Snarare tvert imot så hentar du jo pengar ut av nord ved at vi i Arktisk Filharmoni blir fråteke 10 millionar. Og alt går jo i den her omgangen sørover, seier Berg.
– Kva synest du om det?
– Det er kjempeuheldig.
– Prioriterer institusjonar andre stadar
Statssekretær i kultur og likestillingsdepartementet, Trude Storheim (Ap) seier dei har fått med seg kritikken.
– Det er gjort ei prioritering basert på søknadane frå alle sentra. Blant anna er det fleire senter som over tid har hatt svært låge tilskot som no har fått ei auke.
Ho seier dei gjerne skulle gitt meir til alle dansesentera, men dei har måtte ta ei hard prioritering.
– Det er også slik at Proda får ei auke i budsjettet og det vil innebere ei auke også til avdelinga i nord.
Dansesenteret Proda har ni avdelingar i landet, åtte av dei er sør for Nordland. Med andre ord har dei berre eitt kontor i Nord-Noreg, og det er i Tromsø.
Davvi – Senter for scenekunst
Foto: Tom Melby/Davvi - senter for scenekunst– Kan de ha ei ubevisst negativ haldning om Nord-Noreg, blir det litt gløymd eller oversett?
– Nei, absolutt ikkje. Politikk handlar om å prioritere, og det har vi også måtte gjere på kulturbudsjettet.
Vidare viser ho til at det også er foreslått auke til både Internasjonalt Samisk Filminstitutt (ISFI) og til det samiske kunstnarkollektivet Dáiddádallu i 2026.
Ho trekk også fram at i budsjettet for i år så fekk fleire institusjonar i Nord-Noreg auka drifts- og investeringsmidlar. Som til dømes Nordlandsmuseet og Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana, men på same tid innrømmer ho at Nord-Noreg ikkje er like heldig neste år.
– I 2026-budsjettet har vi prioritert behov hos kulturinstitusjonar i andre delar av landet.
Når det kjem til kutta til Arktisk Filharmoni har dei tidlegare fått unntak frå 70–30 finansieringa, og fått meir pengar frå staten. Men no er det stopp.
– Dei har i to år fått unntak for at fylke og kommune skulle kunne prioritera sin del av finansieringa. Vi har hatt fleire møte med både Arktisk Filharmoni, fylke og kommune der dette har vore tydleg kommunisert. Reglane må vere like for alle og det vil uthola ordninga om ein stiller ulike krav.
Publisert 09.11.2025, kl. 10.05


















English (US)