Den kristne asylsøkaren Heydari er sendt ut av Noreg og tilbake til fødelandet Iran.
Her fryktar han forfølging og livsfare fordi han har konvertert frå islam til kristendom.
Søndag landa iranaren på flyplassen i Teheran, ifølge støttespelar Thea Strand som har snakka med han fleire gonger.
Utsendinga var varsla og Heydari sa han var redd.
På flyplassen blei Heydari pågripen av shariapolitiet, fortel han til NRK.
Sidan skal han ha blitt avhøyrd tre gonger.
– Eg vil ikkje skjule trua mi for det iranske samfunn og myndigheiter, seier han til NRK.
Vesam Heydari vil ikkje halde trua skjult i Iran.
Nå oppheld han seg hos bror sin mens han ventar på ei avgjerd frå shariadomstolen.
Han trur sjølv han vil hamne i fengsel og bli utsett for tortur.
Vesam Heydari er no i Iran. Han fortel at han har blitt avhøyrd tre gonger.
Foto: PrivatKrf-leiar: – Oppriktig bekymra
Heydari har fått mykje støtte i kampen sin og støttespelarane hans fryktar for tryggleiken hans.
Ein av dei er KrF-leiar Dag-Inge Ulstein.
Han har følgt saka tett dei siste åra.
– Det er heilt ufatteleg. Eg er oppriktig bekymra for både liv og helse, når vi veit kva kristne konvertittar må gjennomgå i Iran.
– Dette er berre timar før sjølve julehøgtida. Det verkeleg ikkje til å tru, seier han.
KrF-leiar Dag-Inge Ulstein seier at han er oppriktig bekymra for den kristne konvertitten Vesam Heydari i Iran.
Foto: William Jobling / NRKPolitiets utlendingseining skriv til NRK at det blir gjort konkrete vurderingar i kvar enkelt sak for å sikre at uttransporten blir gjennomført på ein forsvarleg måte for alle involverte.
Dei kan ikkje uttale seg om konkrete vurderingar.
Avviser at han er i fare
Sidan Heydari kom til Noreg i 2009 har han kjempa for å verte buande i Noreg.
Han har også vore gjennom ei rekkje rundar i rettsapparatet.
Men i mai blei det avgjort at han ikkje får vern i Noreg.
Utlendingsnemnda (UNE) meiner han ikkje har rett til vern sjølv om han er kristen konvertitt. Dei hevdar at han ikkje er i fare fordi han ikkje har ei leiande rolle i kristne miljø.
– I denne saka har vi gjort ei heilskapleg og grundig vurdering av både karakter og omfang av kristen aktivitet, men komme til at det ikkje er av ei grad som gjer at det er sannsynleg med reell fare for forfølging ved retur til Iran, skriv einingsleiar i Utlendingsnemnda, Terje Østraat, til NRK.
Dei peiker også på at han ikkje har vore i søkelyset til iranske styremakter tidlegare.
– Sjølv om det er eit faktum at enkelte som har halde ein låg profil og handla med varsemd har blitt domfelt, skjer dette unntaksvis, skriv UNE i avslaget.
– Ei skam
Ulstein lêt seg ikkje trygge av dette. Vesam har også blant anna vore aktiv på sosiale medium og som gateevangelist i Bergen.
– Men UNE seier at det ikkje er nokon fare for han, sidan han ikkje har hatt noko leiande roller i det kristne miljøet?
– Det er fleire bevis på at andre som har vore i tilsvarande situasjonar har blitt fengsla, torturert og mishandla i avhøyr, seier Ulstein.
Heydari saman med kristenkonvertitten Aref Movasaq Rodsari i ein kyrkje i Berlin.
Foto: Gero Breloer / AP / NTBHan seier dei ikkje blir sluppen fri før ein har signert på at ein fråseiar seg trua.
– Ofte under et enormt press, og i fleire tilhøve også under grov mishandling. Alternativet er lange fengselsstraffer, seier han og legg til:
– Korleis kan norske myndigheiter lukke auga, og utsette Vesam for dette? Nei, det er ei skam!
Skal ha blitt arrestert
I domstolen vil han få krav på seg til å seie frå seg den kristne trua, fortel ven og støttespelar Thea Strand.
– Han er veldig redd og veldig lei seg, seier ho til NRK.
– Burde Heydari ha loge i avhøyr og ikkje seie at han er kristen?
– Jo, fleire har sagt akkurat det, men det vil han ikkje. Og det bryt jo også med menneskerettane å forlange noko sånt av eit menneske, seier ho.
For vennene og støttespelarane til Heydari er det tøffe dagar.
– Vi gret utruleg mykje, tenkjer på han og ber for han. Eg veit at det er mange som gret for han. Dette blir ei veldig rar jul, seier Strand.
Amund og Thea Strand har blitt kjent med Heydari og støttar han i kampen.
Foto: Privat / privatBiskopen: – Farleg for kristne
Også Den norske kyrkja reagerer, deriblant biskop Ragnhild Jepsen i Bjørgvin bispedøme.
– Vi veit at det er farleg for mange kristne i dagens verda. Fridom til å tru har tronge vilkår i verda, ikkje minst i land som Iran. Eg appellerer til ansvarlege styresmakter å ta særleg omsyn til dette, uttaler ho.
Tidlegare biskop i Sør-Hålogaland, Tor B. Jørgensen har følgt saka.
Også han er uroleg over det han fryktar Heydari vil møte i Iran.
Han meiner rettstryggleiken ikkje er godt nok ivareteke.
– Og det er eit dårleg julebodskap, seier han.
Biskop Ragnhild Jepsen i Bjørgvin bispedøme seier at det er farleg for mange kristne i dagens verda.
Foto: Marit Hommedal / NTBPublisert 23.12.2025, kl. 20.02


















English (US)