Kristin (59) heldt på å døy av eit vepsestikk

1 month ago 34



– Eg hugsar det veldig godt. Kjensla av eit teppe som rulla opp over beina og slukte meg. Eg berre forsvann. 

Det er snart ti år sidan Kristin Bugge Søyland såg døden i kvitauge. 

Ho var på ein fotballkamp og ana fred og ingen fare. Så blei ho stukke av ein veps. 

– Eg visste eg reagerte på veps og pleidde ha med epi-pen. Det hadde eg gløymd denne dagen, seier Søyland. 

Slik handterer du allergisk sjokk:

Dette gjer du dersom du eller andre får ein allergisk sjokkreaksjon, også kjent som anafylaktisk sjokk:

Sett adrenalinpenn! Personar som har hatt anafylaktiske episodar tidligere, eller har høg risiko for å få det på grunn av alvorleg allergi, skal ha ein adrenalinpenn. Denne har best effekt viss den blir sett i løpet av dei første minutta.

Ring 113! Ring alltid ambulanse, uansett om adrenalin er gitt eller ikkje. Dersom du ikkje har ein adrenalinpenn, kan ambulansen gje dette.

Sikre luftvegar! Ved pustevanskar bør personen sitte godt heva med overkroppen. Om vedkommande er medvitslaus, bør han bli lagt i stabilt sideleie. Om det skulle gå så langt at personen sluttar å puste, må ein starte livreddande hjarte- og lungeredning med ein gang.

Fjern den utløysande faktoren! Viss du er kjent med, eller mistenker, kva det er som utløyste den allergiske reaksjonen, bør dette bli fjerna så fort som mogleg. Dette for å unngå at vedkommande kjem i kontakt med dette på nytt.

Kjelde: Astma- og allergiforbundet.

Alvorleg reaksjon 

Søyland har blitt stukke av veps fleire gongar. Sjølv om ho har blitt dårleg og uvêl etter stikka, har ho aldri hatt bruk for epi-pennen ho har pleidd å bere med seg. 

Ho visste ikkje at allergien hennar kunne få eit så alvorleg utslag som det fekk på denne fotballkampen. 

NOREGS FARLEGASTE DYR? Er du allergisk mot veps, kan eit stikk vere livstruande. Foto: Paul Kleiven
NOREGS FARLEGASTE DYR? Er du allergisk mot veps, kan eit stikk vere livstruande. Foto: Paul Kleiven

– Det gjekk ikkje mange minutta frå eg kjende stikket til eg var medvitslaus.

Med eit varmt mørke omgitt henne, rakk ho akkurat å tenke:  «For ein dum dødsårsak.»

Nær døden

Heldigvis var det ein lege til stades på fotballkampen. 

Han hadde ein epi-pen som han sette på henne og han ringde 113. Ambulansen kom med ein gong og frakta Søyland til sjukehus. 

Først då ho ringde til legen for å takke han for å ha redda livet hennar, skjønte ho alvoret. 

– Då sa han til meg at nærmare døden kjem ein ikkje. 

 Privat
HELDIG: Søyland seier ho var heldig som hadde ein lege i nærleiken då ho blei stukke av veps og hadde gløymd epipenen sin. – Det var ikkje min tur! Foto: Privat

Han råda henne til å kontakte legen, og då fekk ho vite at det finst ei behandling mot vepseallergi. 

Det var ein kjærkommen nyheit for Søyland, som på den tida kjende på ei konstant frykt for å treffe på vepsen.

– Eg hadde ikkje noko val om å ta den behandlinga. Eg turte aldri gå nokon stad åleine fordi eg var redd for kva som kunne skje om eg blei stukke. 

Går utover livskvalitet

Elin-Johanne Katle er spesialist i øre-, nase- og halssjukdommar ved sjukehuset i Stavanger. 

Ho seier det er mange med vepseallergi som kjenner på frykta som Søyland skildrar.

 Svein Lunde / Helse Stavanger
Elin-Johanne Katle er spesialist i øre-, nase- og halssjukdommar. – Det er ein mangel i folkeopplysningen, rett og slett. Foto: Svein Lunde / Helse Stavanger

– Adrenalinpennar kan vere livreddande, men studiar viser at det ikkje gjev god livskvalitet. Folk er redde for å døy av vepsestikk, og pennen minner dei på denne frykta. 

Ho meiner det generelt er mangel på kunnskap om vepseallergi og behandling i Noreg.

– Det er mange med alvorleg vepseallergi som går rundt med adrenalinpennar utan å vite at det finst allergivaksinasjon, seier Katle. 

God effekt 

Allergivaksinasjon, eller allergen immunterapi som det heiter på fagspråk, er ei tidkrevjande behandling som inneber at pasienten får ein vaksine kvar 8. veke i om lag fem år. 

Behandlinga er på blåresept, som betyr at pasientane som har bruk for ho, får ho dekka. 

Dette må du sjå etter

Det finst to typar allergiske reaksjonar på eit vepsestikk; lokal eller systemisk reaksjon.

– Dei som har fått lokal hevelse av eit vepsestikk treng ikkje denne behandlinga. I desse tilfella er stikket berre ei smertefull hending med ein lokal hevelse som for dei fleste varer i mindre enn eit døgn og som hos vepseallergikarar kan vere litt meir valdsam og vare litt lengre, seier Katle.

– Dei som får blodtrykksfall, får utslett på andre stadar enn lokalt rundt stikket, får problem med å puste eller får betydeleg påverka almenntilstand etter stikket, bør kontakte legen for eventuell utgreiing.

– Behandlinga er tidkrevjande, men har god suksessrate og hjelper for dei aller fleste. 

Ho oppmodar alle med vepseallergi til å vurdere behandling. 

– Ein må kunne seie at denne behandlinga kan redde liv. 

Også Astma- og allergiforbundet rådar dei med vepseallergi til å kontakte legen for å vurdere om dei bør få vaksine. 

Mindre redd 

For Kristin Bugge Søyle var den femårige behandlinga vel verd det. 

No er ho ikkje lenger redd for å døy om ho skulle møte på ein veps. 

 Privat
TURGLAD: Før ville Kristin Bugge Søyland alltid gå på tur i lag med nokon, slik at nokon kunne ringe ambulansen om ho fekk eit vepsestikk. No kan ho gå tur åleine utan å vere redd. Foto: Privat

– Eg blei stukke tidlegare i sommar, og då gjekk det heilt fint. No har eg klart å senke skuldrene og vere mindre redd når eg er ute åleine. 

Ho har ei klar oppmoding til dei som kjenner dei reagerer på vepsestikk. 

– Oppsøk legen med ein gang. Ikkje vent til du står i ein situasjon der du kan døy av det. 

Read Entire Article