Kristen konvertitt blir snart sendt ut av Noreg: – Eg er redd

2 hours ago 2



Den kristne asylsøkaren Vesam Heydari frå Iran er på Trandum utlendingsinternat i påvente av å bli transportert ut av landet.

Det stadfestar advokaten hans, Nadin Askeland, til NRK.

– Vi har fått eit siste avslag på omgjeringskravet frå Utlendingsnemnda, men eg har førebels ikkje fått stadfesta uttransportering, seier ho.

Laurdag ettermiddag opplyser ein av støttespelarane at han skal ha fått beskjed om uttransport søndag føremiddag, nærare bestemt fly til Iran via Tyrkia.

Heydari kom til Noreg første gang i 2009, og vart aktiv kristen to år seinare.

Han har budd på 10 asylmottak, mellom anna i Florø og Sogndal, og vore gjennom sju rettsrundar for å unngå å bli sendt tilbake til Iran.

– Eg er redd og bekymra, seier han til NRK fredag.

Vårt Land var først ute med å omtale at Heydari var henta frå asylmottaket og frakta til Trandum.

Den iranske konvertitten Vesam Heydari.

Vesam Heydari har mange støttespelarar i Noreg som har engasjert seg for at han skal få bli verande. Dette biletet er frå 2023.

Foto: Olav Røli

Får støtte

Saka hans har fått stor merksemd, mange støttespelarar i Noreg har teke til orde for at han skal få bli.

Han vart nesten transportert til Iran i mars i år, men då han mellomlanda i Istanbul fekk han kontrabeskjed og blei frakta tilbake til Noreg for den siste rettsrunden.

I mai avgjorde tingretten at han ikkje får vern i Noreg.

Vesam Heydari

Vesam Heydari har vore gjennom sju rettsrundar og budd på 10 asylmottak. Dette biletet er frå 2023.

Foto: Olav Røli / NRK

Lang kamp i rettssystemet

NRK har tidlegare skrive om Heydari sin kamp i rettssystemet. Då hevda han at han ville blitt utsett for forfølging dersom han vart send tilbake til Iran.

Det meiner han framleis.

I eit kort intervju med NRK seier han at han er bekymra for følgjene av å bli sendt tilbake.

– Fordi eg forlèt islam og konverterer til kristendom. I tillegg er eg aktiv i media og på sosiale medium.

Heydari var muslim før han vart kristen, og sentrale spørsmål har vore om han er «strategisk konvertitt», kor mykje han har «eksponert» trua si, og kva som er risikoen ved retur til heimlandet Iran.

Den iranske konvertitten Vesam Heydari.

Vesam Heydari vart aktivt kristen i 2011, han har vore i Noreg sidan 2009.

Foto: Olav Røli / NRK

UNE: Meiner han ikkje er i fare

Så langt har 171 støttespelarar skrive under på ein appell til Utlendingsnemnda (UNE) om å la han bli i Noreg.

Men nemnda slo fast i eit brev datert torsdag 18. desember at han ikkje har rett til vern, trass i at han er kristen konvertitt. Dei peiker på at han ikkje har ei leiande rolle i kristen samanheng i Iran, og ikkje har vore i søkelyset til styresmaktene tidlegare.

– Sjølv om det er eit faktum at enkelte som har halde ein låg profil og handla med
varsemd har blitt domfelt, skjer dette unntaksvis, skriv UNE i avslaget.

Støttespelar og ven, Thea Strand, er usamd i den tolkinga.

– Vesam har vore særs aktiv som kristen her i Noreg,
både på sosiale medium, og også med gateevangelisering i Bergen og i Arna.

Nadin Askeland Humlen

Nadin Askeland Humlen er advokat til Vesam Haydari, og seier han har fått eit siste avslag på omgjeringskravet frå Utlendingsnemnda.

Foto: Privat

Bekymra for liv og helse

UNE skriv vidare at iranske styremakter først og fremst er interesserte i personar med framståande og leiande roller. Altså personar som har evne til å mobilisere inn mot kristne miljø i Iran.

– Klagaren har ikkje ein slik profil, står det i vedtaket.

Til det svarar Strand:

– Vesam vil bli sett på som ein trugsel mot den islamske staten, ettersom han vil vere ein aktiv, evangeliserande kristen i Iran.

Ho er bekymra for Heydaris liv og helse.

NRK har spurt Politiets utlendingseining om når uttransporten faktisk kjem til å skje. Dei svarar at dei har tausheitsplikt og ikkje kommenterer enkeltsaker.

Publisert 20.12.2025, kl. 17.39

Read Entire Article