Ein må 9 år tilbake for å finne ei dårlegare NRK-måling for Sosialistisk Venstreparti (SV).
– Dette er ei ræva måling, 4,1 prosent er altfor dårleg, seier Haltbrekken.
Talet er henta frå januarmålinga som Norstat har gjort for NRK, Vårt Land og Dagbladet.
Meningsmåling januar 2026 Hvordan ville Norge stemt?
Vis i tillegg
Forrige måling Valget i 2025 Feilmargin
| 26,8 % | +2,8 |
| 25,2 % | −2,1 |
| 16,0 % | −1,2 |
| 7,0 % | +0,6 |
| 6,8 % | +2,4 |
| 4,7 % | +1,7 |
| 4,1 % | −1,1 |
| 3,7 % | −0,8 |
| 2,7 % | −1,2 |
Partimåling fra Norstat for januar 2026 med 1 000 spurte. Viser endring fra meningsmåling i desember.
Alle endringane sidan desembermålinga er innanfor feilmarginen.
Med nedturen i stortingsvalet i haust og ei etterfølgjande sjølvransaking bak seg, er ikkje Haltbrekken overraska over at partiet gjer det så dårleg.
Nektar for krisestemning
No trøyster han seg med at det er lenge til neste val.
– Dette er eit klart signal om at vi er nøydde til å skjerpe oss kraftig, seier Haltbrekken.
Slik ser utviklinga til partiet ut frå januar 2022:
Over tid Støtten til Sosialistisk Venstreparti
Sosialistisk Venstrepartis forløper Sosialistisk Folkeparti stilte til valg første gang i 1961. Dagens Sosialistisk Venstreparti ble stiftet i 1975. Grafen viser partiets oppslutning i stortingsvalgene frem til 2025, samt siste meningsmåling fra januar 2026.
– Er det krisestemning i SV?
– Nei, det er ikkje det.
– Har de eit leiarproblem?
– Nei, men det er klart at vi i leiinga har eit ansvar når vi gjer så ræva målingar som vi har gjort no.
SV-nestleiar Lars Haltbrekken held humøret oppe, trass i at partiet leverer det han kallar ei «ræva» måling.
Foto: Heiko Junge / NTB– Så det er ikkje snakk om å rokere på leiinga?
– Nei.
Har Raudt strigla seg opp?
Raudt, ein av SV sine største utfordrarar, har aldri før vore så mykje større enn SV som i denne målinga. I alle fall om ein ser på NRK sine målingar tilbake til 2013.
Raudt er i tillegg landets fjerde største parti.
– Det er veldig hyggeleg å lese. Folk er nøgde med at Raudt gjer det vi lova før valet, og vi skal bruke styrken vår til å skape endring for folk, seier Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen.
Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen (t.v.) kan glede seg over at Raudt er fjerde største parti på denne januarmålinga. Her frå ein lattermild augneblink etter at dei raudgrøne partia omsider vart samde om statsbudsjettet for i år, med Ap-nestleiar Tonje Brenna og SV-leiar Kirsti Bergstø.
Foto: Heiko Junge / NTB– Nokre hevdar at Raudt har strigla seg opp litt og flytta seg litt meir mot sentrum, og slik klart å fange opp fleire veljarar. Er du einig i det?
– Nei, ikkje i det heile tatt. Vi har heile tida jobba på same måte. Eg trur mange ser at vi prioriterer viktige saker som betyr noko for kvardagsøkonomien til folk. Det trur eg trengst i den verda vi lever i, seier Martinussen.
Borgarleg fleirtal, trass Ap-framgang
Arbeidarpartiet (Ap) er det største partiet på denne januarmålinga, og er også partiet som rykker mest fram frå desember.
Det gleder statsminister Jonas Gahr Støre som seier målinga er «motiverande».
Sidan førre måling har USAs president Donald Trump både tatt Venezuelas president Nicolás Maduro til fange, trua med tollauke og med å ta Grønland med militærmakt – og så trekt trugslane tilbake.
I tider med mykje internasjonal uro har veljarane ein tendens til å slutte opp om den sittande regjeringa. Dette kallast «rally round the flag»-effekten. Om Ap-framgangen kan tilskrivast denne effekten, er uvisst.
Trass dette, hadde ikkje Støre klart å danne fleirtal om det var val i dag med dette resultatet.
Flertall på Stortinget Kunne Støres regjering ha fortsatt?
Fordeling av politikere til venstre- og høyresiden
Venstresiden

Antall politikere: 84
Ned 4 politikere sammenlignet med valget 2025 ↓
Høyresiden

Antall politikere: 85
Opp 4 politikere sammenlignet med valget 2025 ↑
Viser politikere på Stortinget ifølge januarmålingen, sammenlignet med dagens storting. Støres regjering har støtte fra 88 politikere fra Ap, Sp, SV, R og MDG. En regjering må ha flertallet (85) av Stortinget bak seg. I målingen ligger de fem partiene an til å miste flertallet.
Så sjølv om både Frp og Høgre går tilbake på denne målinga, og Venstre på ny er under sperregrensa med 2,7 prosent, så er det borgarleg fleirtal med knappast mogleg margin.
Flertall på Stortinget Antall stortingspolitikere
| 13 | +4 ↑ | |
| 8 | −1 ↓ | |
| 48 | −5 ↓ | |
| 12 | +3 ↑ | |
| 3 | −5 ↓ | |
| 8 | +1 ↑ | |
| 2 | −1 ↓ | |
| 29 | +5 ↑ | |
| 46 | −1 ↓ |
Viser hvor mange politikere partiene ligger an til å få valgt inn på Stortinget ifølge NRKs partimåling januar 2026. Sammenlignet med hvor mange partiene fikk inn ved valget høsten 2025.
Publisert 27.01.2026, kl. 17.59 Oppdatert 27.01.2026, kl. 18.05









English (US)