Kripos har hatt politifolk på plass i Sverige sidan før sommaren

1 month ago 17



Kripos har sidan før sommaren hatt ein «liaison» (sambandsmann) i Sverige, opplyser Trond Bruen Olsen i Kripos til NRK.

Nærmare bestemt ved Nationella operativa avdelningen i Stockholm, fortel Olsen, som er avsnittsleiar ved seksjon for organisert kriminalitet i Kripos.

– Liaisonen skal sikre eit tett og effektivt samarbeid i etterforsking som går på tvers av grensene. I tillegg til å sikre at infoutveksling skjer effektivt begge vegar. Ordninga har vore ein effektiv kanal mellom norsk og svensk politi, seier han til NRK

Oversikt over alvorleg kriminalitet i København i sommar, som svenske ungdommar er sikta for.

No har den danske justisministeren, Peter Hummelgaard også bestemt seg for å sende politifolk til Sverige.

– Slik at vi alltid kan vere på ballen på etterretning frå det svenske gjengmiljøet, seier ministeren frå partiet Socialdemokratiet.

Bakgrunnen er at dansk politi den siste veka har sikta to svenske 17-åringar og ein svensk 16-åring for drapsforsøk etter tre separate skyteepisodar.

Tidlegare i sommar har det også vore fleire alvorlege kriminelle hendingar med unge svenskar involvert i Danmark, skriv DR.

En mann i dress står ved siden av en grønn hekk og ser alvorlig ut.

Justisminister i Danmark Peter Hummelgaard (SD).

Foto: DR

Svenske «tilstande»

I førre veke åtvara sjefen for Danmark si spesialkrim-eining. Torben Svarrer, om at danske gjengar betalar svenske ungdommar for å gjere «møkkajobbane for seg».

Ved hjelp av «visse sosiale medium», tilbyr danske kriminelle svenske ungdommar 200 000 danske kroner og meir for å gjere ulike oppdrag, skriv DR.

– Det vi har sett nå er drapsforsøk. Men i Sverige har det vore drap. Det er nokon av dei same kanalane som blir brukt, seier Svarrer

Politimann ser alvorlig til venstre for kamera.

Torben Svarrer, leiande politiinspektør, NSK

Foto: DR

I fjor vart gjengrekruttering av mindreårige i Sverige kriminalisert. Bakgrunnen er at gutar langt ned i tenåra vart nytta av gjengane til å utføre drap, drapsforsøk, sprengingar og våpenlovbrot, skriv NTB.

I fjor haust meldte SVT om ei kraftig auke i unge lovbrytarar mistenkt for alvorleg vald i Sverige:

Berre fram til 31. august fjor var det 31 tilfelle der barn under 15 år var mistenkt for deltaking i drap, drapsforsøk eller førebuing av drap i Sverige.

«Dette var meir enn i heile 2022, då det var 23 tilfelle. For ti år sidan var det 4 tilfelle», skriv SVT.

En 19 år gammel svenske ble i juni siktet for å ha sprengt en håndgranat i Valby som en del av en gjengkonflikt.

Ein 19 år gammal svenske vart i juni siktet for å ha sprengt ein handgranat i Valby i Danmark som ein del av ein gjengkonflikt.

Foto: Steven Knap / Ritzau Scanpix / NTB

Kripos ventar svensk «bestillingsvald» i Noreg

NRK har spurt Kripos om dei trur norske gjengkriminelle også vil hyre svenske mindreårige til å drepe folk her til lands.

Kripos svarar ikkje direkte på dette. Men påpeikar at det allereie har vore fleire tilfelle der svenske kriminelle har utøvd vald i Noreg.

– Både på bestilling frå norske kriminelle og som ledd i eiga verksemd, seier Trond Bruen Olsen.

Ifølgje politiet si trusselvurdering for 2024, kan vi vente oss meir av dette.

«Det er sannsynleg at svenske kriminelle vil utføre vald i Noreg, enten på bestilling eller som ledd i eiga kriminell verksemd» heiter det der.

NRK har også spurt korleis norsk politi samarbeider med sine svenske og danske kollegaer.

Olsen svarar at dei ikkje er direkte involvert i dei danske etterforskingane omtalt i denne saka, men han understrekar viktigheita av internasjonalt samarbeid opp mot kriminelle nettverk.

– Dette er ikkje eit nasjonalt problem. Desse nettverka opererer i fleire land. Det sit bakmenn i utlandet som kontrollerer mykje av den kriminelle verdikjeda her i Noreg, seier avsnittsleiar Olsen.

Publisert 08.08.2024, kl. 11.33

Read Entire Article