Krigen som alle taper

1 month ago 22


SmartFishFarm - Automatic
SkyRadio.no



Hanne Eggen Røislien har skrive eit både nærgåande, sympatisk og skremmande portrett av soldatar i det israelske forsvaret.

Hanne Eggen Røislien er religionshistorikar, jobbar i Forsvaret og er ein av Norges fremste Israel-kjennarar. Foto: Bonnier norsk forlag
  • Tom Hetland

    Tom Hetland

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

Hanne Eggen Røislien:

Alt er tapt – israelske soldatar fortel

351 sider

Bonnier Norsk Forlag

 5 out of 6

Midtausten-konflikten er den mest deprimerande eg veit om. Trekvart hundreår med stadig vondare sirklar av krig, terror og gjengjelding. Generasjon etter generasjon opplever død og liding, hatet blir sterkare og håpet om ei løysing fjernare.

Samstundes er det lett å sitja her oppe i fredsnasjonen og mala konflikten mellom israelarar og palestinarar i svarte og kvite fargar. Begge partar har historiske erfaringar som ligg milevis frå våre eigne, og som pregar menneska sterkt. Dei må me prøva å forstå før me ropar ut våre enkle slagord.

Hanne Eggen Røislien kan hjelpa oss med det. Ho er religionshistorikar, jobbar i Forsvaret og er ein av Norges fremste Israel-kjennarar. I 2010 tok ho doktorgraden på ei avhandling om rolla religionen spelar i det israelske forsvaret (IDF). Etter Hamas sitt angrep på Israel 7. oktober 2023 og den etterfølgjande krigen i Gaza tok ho opp att kontakten med soldatar frå det gamle nettverket sitt, reservistar som endå ein gong blir kommanderte ut i krigen.

Ein israelsk soldat patruljerer ved grensa mellom Israel og Gaza. Foto: Jarle Aasland

Det har det blitt bok av, ein svært innsiktsfull nærstudie både av det israelske militæret og det israelske samfunnet. Røislien skriv ikkje for å ta parti, men ho veit at det er få nøytrale i denne konflikten, at mange vil seia at å forstå er lik å forsvara, og etterlysa dei palestinske stemmene. Perspektivet er likevel israelsk. Ein sympati for soldatane sin vanskelege situasjon ligg under, men forfattaren vegrar seg ikkje for å stilla kritiske og nærgåande spørsmål. 

Mennene ho har løpande kontakt med, er forbløffande opne, både om soldatlivet og privatlivet. For i Israel er det fletta tett saman. Verneplikt og stadig krigsteneste tek fleire år av livet, og det har sin pris i form av psykiske påkjenningar, skilsmisser og sjølvmord. 

Krig er krig

Samstundes er IDF den institusjonen som nyt høgast respekt blant israelarane. 86 prosent av den jødiske befolkninga i landet har høg tillit til forsvaret, berre 19 prosent seier det same om politikarane i nasjonalforsamlinga Knesset. Det ligg djupt i israelarane at i siste instans har dei berre seg sjølve og si eiga våpenmakt å stola på. Det er Israel mot resten. Derfor prellar også kritikken frå verdssamfunnet lett av.

Boka til Røislien viser at soldatane i IDF er alt anna enn ein konform masse. Det finst haukar og duer også der, mange foraktar dei ortodokse som ikkje vil gjera si verneplikt, og busetjarane som berre lagar trøbbel. For min del kunne palestinarane fått heile Vestbreidda om eg berre hadde fått fred, seier ein av dei.

Dei hatar Hamas, og rasar mot eigne politikarar. Dei har samvitsgnag etter å ha trødd over moralske grenser, men byggjer eit tjukt psykisk skal og finn støtte i soldatfellesskapet. Krig er krig, og har sine eigne lover. Du må drepa fienden før han drep deg, forsvarer dei seg med.

Uendeleg konflikt

Bodskapen i boka er pessimistisk. Israel vinn krig etter krig, men er likevel grunnleggjande utrygt. Håpet om fred er borte. Ein av soldatane seier rett ut at hæren er eit fengsel. Han og kameratane hans er drivne av plikt, men fanga av politiske leiarar som dyrkar krig og vald og ikkje synest å ha ein tanke om korleis konflikten kan løysast på fredeleg vis. 

Benjamin Netanyahu lever opp til ordet om at den som går rundt med ein stor hammar, trur at alle problem ser ut som ein spikar. Og den kyniske terrorstrategien til Hamas og andre palestinske grupper har rive grunnen vekk under den israelske fredsrørsla og gitt palestinske ungdommar meir å døy for enn å leva for.

Boka sluttar med at Israel går til angrep mot Hizbollah i Libanon. Hanne Eggen Røislien får si siste tekstmelding frå soldaten Noah: «Det tar bare aldri slutt». 

Dessverre ser det ut til at han får rett.

Publisert:

Publisert: 27. november 2024 08:10

Read Entire Article

Live Support is offline. Click Here to leave a message