– Ei stenging av Hormuzsundet er alvorleg for verda si matproduksjon, seier Hanna Opsahl-Ben AmmAr, konserndirektør i Yara.
Tysdag hevda Iran å ha stengt Hormuzsundet.
Det kan gjere at kunstgjødsel frå Midtausten og viktige råvarer for gjødselproduksjon ikkje kjem ut, fortel Opsahl-Ben AmmAr.
– I dag kjem 50 prosent av matproduksjonen i verda takka vere gjødsel, så situasjonen er alvorleg.
Felleskjøpet Agri meldte tysdag at dei sett salet av kunstgjødsel på pause på grunn av situasjonen i Midtausten.
Omkring ein tredjedel av såkalla urea-gjødsel blir frakta gjennom Hormuzsundet, fortel Opsahl-Ben AmmAr.
– Ein dobbeltsmell for gjødsel
– Matsystemet vårt er sårbart og gjødsel speler ei heilt sentral rolle i å sikre verda si befolkning mat, seier Opsahl-Ben AmmAr.
Ho fortel at Hormuzsundet er viktig for matproduksjonen i verda.
– Det er ein dobbeltsmell for gjødsel det som skjer no, seier konserndirektøren i Yara.
Hanna Opsahl-Ben AmmAr fortel at kunstgjødsel er svært viktig for verda si matproduksjon.
Foto: Peter Von Tange-Jordan / NRKDet norske selskapet er blant dei største gjødselprodusentane i verda, men har ikkje sjølv produksjon i Midtausten.
– På den eine sida er Midtausten ein stor produsent av gjødsel og no kjem ikkje denne gjødsla ut.
Ho peiker på at deler av produksjonen i regionen no er stengt ned i tillegg til at gjødsla ikkje kan bli frakta ut.
– I tillegg ser vi at fleire viktige innsatsfaktorar i gjødselproduksjonen ikkje kjem ut.
Ho peiker på råvarer som ammoniakk, fosfor og gass som er viktige i produksjonen.
– Dersom disse produkta ikkje kjem ut, så har det ein konsekvens for gjødsel- og dermed verda si matproduksjon.






Videoen viser tankskipet Skylight som brenner. Omans skipssikkerhetsorgan bekrefter at skipet ble angrepet. Fire personer ble skadet mannskapet er evakuert. NRK har har verifisert videoen.
Sosiale medierHar selt 70 prosent av forventa gjødsel
Felleskjøpet Agri og Felleskjøpet Rogaland Agder fortalde tysdag at dei mellombels stanser salet av gjødsel. Nationen stansen først.
– Uroa i Midtausten påverkar marknader som er viktige for produksjon av naturgass og nitrogenhaldig gjødsel, fortel Bjørn Stabbetorp, konserndirektør i Felleskjøpet Agri.
– Gitt den ustabile situasjonen, vel vi å stoppe salet for å sikre kontroll på våre innkjøp vidare fram mot våronna.
Han fortel at stansen er mellombels og at salet vil fortsette så snart dei har betre oversikt over prisnivå og tilgang i marknaden.
Stabbetorp fortel at dei har seld meir enn 70 prosent av det forventa volumet for 2026.
– Det er mindre enn 30 prosent av salet som gjenstår fram mot sommaren.
Ber regjeringa trygge produsentane
– Det skaper veldig mykje usikkerheit for norsk matproduksjonen, seier Trygve Slagsvold Vedum (Sp) om at gjødselproduksjonen kan bli påverka av situasjonen i Iran.
Han meiner regjeringa ikkje må vere passive i møte med situasjonen.
– Her må landbruksministeren gi tryggleik til Felleskjøpet og dei største aktørane ved at staten skal kunne fungere som eit buffer og ein tryggleik.
Partileiaren meiner staten må vere villig til å bere deler av den økonomiske risikoen produsentane tar.
– For eksempel kan Felleskjøpet selje gjødsel til ein viss pris, men så endrar ting seg veldig fort.
– Og dersom det blir usikkerheit rundt dette bør staten vere med å ta den risikoen i ein overgangsfase.
– Det viktigaste er at gjødsla kjem fram så ein får ein god vekstsesong, seier Vedum.
Foto: Javad Parsa / NTBVedum seier Noreg er i ein god posisjon med tanke på at Yara er ein stor internasjonal produsent av gjødsel.
– Så det treng ikkje nødvendigvis ha dei mest dramatiske konsekvensane. Men derfor bør ein også skape tryggleik.
– Viktig å ha is i magen
Leiar i bondelaget, Bjørn Gimming, fortel at han har forståing for stansen i salet.
– Eg skjønner godt at det er naudsynt å ta ein fot i bakken for å vurdere korleis både marknaden og prisen for gjødsel vil utvikle seg vidare.
Han fortel at mykje av den gjødsla som skal brukast for vekstsesongen 2026, truleg er kjøpt inn allereie.
Luftfotoet viser øya Qeshm og delen av Hormuzsundet som ligg tettast på Iran.
Foto: Nicolas Economou / Reuters / NTBSamstundes finst det bønder som ikkje har kjøpt gjødsel ennå, fortel han.
– Ein viss andel er det garantert.
– Og for dei bøndene er situasjonen no langt meir usikker og uavklart.
Gimming fortel at mykje kjem an på kor langvarig konflikten blir. Førebels er han ikkje veldig bekymra for det norske landbruket.
– I denne situasjonen er det viktig å ha is i magen og ikkje la usikkerheit og spekulasjon forsterke krisa meir enn naudsynt.
Publisert 05.03.2026, kl. 15.43
















English (US)