Krev svar frå regjeringa etter Telia-avsløring: – Svært alvorleg

4 days ago 1



Bård Hoksrud, parlamentarisk nestleiar i Framstegspartiet, ser på avsløringa av sporing av Telia-kundar som «svært alvorleg».

– Eg reagerer kraftig på det som har komme fram. Dette er tryggingshol som kan vere svært alvorleg for personar i kritiske samfunnssituasjonar, seier han til NRK.

Frp vil sende skriftlege spørsmål til digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Oldernes Tung for å vite kva regjeringa gjer for å følge opp situasjonen på ein «trygg og god måte».

Torsdag blei det kjent at Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit og Datatilsynet opnar tilsyn mot Telia.

Det etter at NRK onsdag avslørte at Telia-kundar har vore sporbare via mobilen sin sidan 2023.

Feilen, som blei retta natt til tysdag, råka både privat- og bedriftskundar – som til dømes stortingspolitikarar, tilsette i politiet og journalistar.

– Vi tar avviket, som no er lukka, på største alvor, og beklagar overfor våre kundar, seier pressekontakt Daniel Barhom.

– Ettersom avviket er lukka, er det ikkje behov for at kundane gjer noko, legg han til.

Verksemda vil ikkje opplyse om kor mange som har vore direkte råka av feilen, samstundes hevdar dei at omfanget har vore «avgrensa».

Det er ingen indikasjonar på at feilen har blitt utnytta, ifølge Telia.

Les korleis NRK spora stortingspolitikar Peter Frølich her:

– Kjempealvorleg

Hoksrud ville sjølv ha vore sårbar for feilen.

Frp-politikaren har tidlegare vore valobservatør for OSCE – ei rolle som skal sikre frie og rettferdige val.

– Vi skal kunne bevege oss fritt rundt og kontrollere vallokal kor ingen skal vite kor vi er, seier han.

– Det er kjempealvorleg, legg han til.

En mann i dress snakker i en mobiltelefon. I bakgrunnen er en bygning med antenner på taket. En gren med knopper henger foran. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Hoksrud har sjølv vore sårbar for feilen hos Telia.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Hoksrud reagerer kraftig på det som har komme fram.

– Eg går ut frå at dette blir følgt opp av myndigheitene.

Frp skal sende skriftleg spørsmål til digitaliseringsministeren om kva regjeringa gjer for å følge opp.

– Det handlar om tryggleiken og personvernet til innbyggarane i Noreg, seier han.

Les fleire reaksjonar her:

  • IT-sjef Stortinget

    Peter Mydske / Stortinget / Stortinget

    Bjarne Østby, avdelingssjef for Stortinget si IT-avdeling

    – Stortinget ser alvorleg på tryggingsbrotet hos Telia, seier han til NRK.

    – Vi blei orientert om avviket tysdag ettermiddag og vi følger opp saka med leverandøren. Vi følger for øvrig Datatilsynet si videre behandling

  • Mann i dress og slips ser til siden. Han har en diskret bart og ring i øret. Bak ham er det røde seter i et rom. Det er et vannmerke med bokstavene NTB på bildet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Ole Berg-Rusten / NTB

    Remi Sølvberg (R), transport- og kommunikasjonskomiteen

    – Dette framstår som ei svært alvorleg sak. Når grunnleggande tryggleik i kritisk infrastruktur sviktar, kan det få store konsekvensar for enkeltmenneske, seier han.

    «Feil folk» kan ha utnytta feilen, ifølge Sølvberg.

    Han meiner at statsråden bør be Datatilsynet å gjennomgå tryggingssystema til alle tilbydarar av mobilabonnent i Noreg, og han etterspør tal frå Telia om kor mange som er råka.

  • Bengt Fasteraune

    William Jobling / NRK

    Bengt Fasteraune (Sp), kommunal- og forvaltningskomiteen

    – Dette er svært alvorleg og er med på å bryte ned tilliten til selskap som har blitt ein del av kvardagen til folk.

    Fasteraune meiner statsråden snarast må forvisse seg om kva som er årsaka til at dette har skjedd og kvifor selskapet ikkje oppdagar slike brot sjølv.

    – Skjult kontroll på rørslene til folk utført av tilfeldige er veldig inngripande.

Kan ikkje talfeste råka kundar

Sjølv hevdar Telia at «få eller ingen» personar kan vere råka av feilen, kjem det fram i ei avviksmelding til Datatilsynet som NRK har fått innsyn i.

Samstundes opplyser verksemda, med rundt 2 millionar mobilkundar i Noreg, at dei ikkje kan talfeste kor mange kundar som har vore direkte påverka.

Sårbarheita gjorde ikkje alle mobilar sporbare. For å utnytte feilen måtte fleire forutsetningar vere til stades, ifølge Telia.

Telia har mobilkundar i fleire europeiske land. Verksemda opplyser til NRK at dei ikkje har fått stadfesta om desse kundane var råka.

  • En kvinne med en uskarp bakgrunn av en bro.

    Line Coll

Det skal Datatilsynet finne ut av. Datatilsynet ser alvorleg på tryggingsbrotet som kan ha omfatta «veldig mange menneske», ifølge Line Coll, direktør i Datatilsynet.

Datatilsynet opna torsdag tilsyn mot verksemda.

– Vår foreløpige vurdering av saka støtter opp under alvoret i avviket, og vi opnar no tilsyn mot Telia. Vårt primære fokus i tilsynet vil vere konsekvensar avviket kan ha hatt for enkeltpersonar, seier Coll.

Også Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har opna tilsyn mot Telia.

Publisert 16.04.2026, kl. 14.01 Oppdatert 16.04.2026, kl. 14.55

Read Entire Article