– Situasjonen er heilt skammeleg. Eg kjenner at eg eigentleg er ganske rasande.
Omar Samy Gamal reagerer kraftig etter at NRK søndag fortalde om 9 år gamle Qusai Al-Najja.
SV-politikar og tidlegare byråd Omar Samy Gamal reagerer kraftig på byrådets handtering.
Foto: Terje Pedersen / NTBQusai og familien, som kom som flyktningar frå Gaza, fekk ikkje den oppfølginga dei hadde krav på frå Oslo kommune.
Fekk ikkje oppfølging etter operasjon
Etter å ha fått ein augeskade i ein eksplosjon på Gaza, kom Qusai til Noreg for å få ein operasjon.
– Han var ute og leika, då noko han plukka opp frå bakken eksploderte, fortalde mora Sohir Al-Najjar.
Operasjonen vart gjennomført som planlagt. Men Qusai fekk ikkje oppfølging av kommunale helsetenester.
Les heile historia om familien her:
– Det her er menneske som har opplevd dei mest grufulle ting, har masse traume med seg og har behov for heilt grunnleggjande oppfølging som alle andre, seier Gamal.
Han varslar nå at SV vil fremme ein såkalla interpellasjon til bystyret der dei krev handling frå byrådet.
Han meiner kommunen burde sette ned ei eiga gruppe som tek ansvar for flyktningane, slik at dei får fysisk og psykisk helsehjelp, rådgjeving og tannlegetenester.
– På akkurat same måte som vi var skikkeleg gode da ukrainske flyktningar kom til Noreg, seier Gamal.
9 år gamle Qusai Al-Najjar kom til Oslo frå Gaza for ein augeoperasjon, etter at splintar frå ein eksplosjon øydela synet hans.
Foto: Ksenia Novikova / NRK– Full gjennomgang
SV kjem til å krevje full gjennomgang av oppfølginga av kvoteflyktningane frå Gaza.
Dei kjem også til å krevje at kommunen går i dialog med flyktningane og sørgjer for at dei får den hjelpa dei treng.
Helsebyråd Saliba Korkunc (H) seier han tek kritikken på alvor.
Helsebyråd Saliba Korkunc er takknemleg for at frivillige har tatt seg av familien, men innrømmer svikt frå kommunen si side.
Foto: Thomas Fure / NTB– Det som har skjedd er ikkje godt nok. Dette er ein stakkars familie som har falle mellom to stolar.
– Dette skal ikkje skje og det må ikkje skje igjen, legg han til.
– Kan det bli aktuelt å opprette eigne team til å følgje opp flyktningane, slik SV foreslår?
– Det kan absolutt vere aktuelt. Vi hadde eit møte med alle involverte aktørar for nokre veker sidan der vi gjekk gjennom rutinane, og vart einige om endringar rundt rutinar.
Han seier at ansvaret ligg hos kommunen, men er spreidd over mange ulike bydelar.
– Her er det heilt openbert at rutinane ikkje er gode nok. Vi har endra på rutinane og skal også gjere meir for å forhindre at dette skjer igjen.
– Kva tenker du om at SV fremmer interpellasjon?
– Eg synest det er heilt fint og heilt naturleg at eit politisk parti tek dette opp til debatt.
Familien budde først på eit mottak utan helsehjelp. Nå har dei flytta inn i ei leilegheit på Hovseter i Oslo.
Foto: Ksenia Novikova / NRK– Uakseptabelt
Oslo kommune har peikt på at det er mottakets ansvar å søke om fastlege og kople på andre kommunale tenester.
I tillegg mangla bydelen der Qusai bur såkalla migrasjonssjukepleiar fram til august.
Det meiner Gamal ikkje er godt nok:
– Dette er heilt uakseptabelt. Det held ikkje å skylde på at folk har blitt tilsett for seint, og at det har vore svikt i kommunikasjonen.
– Oslo kommune må ta ansvar. Denne kasteball-leiken går ut over desse menneska.
Han reagerer også på at Qusai og familien har blitt busett på eit flyktningmottak.
– Når kvoteflyktningar kjem til Noreg, skal dei ikkje vere på asylmottak i det heile tatt. Dei skal bli busett. Og det skal skje innan 48 timar.
Familien har nå flytta inn i ei leilegheit på Hovseter i Oslo.
Qusai i den nye leilegheita på Hovseter.
Foto: Ksenia Novikova / NRKPublisert 13.11.2025, kl. 12.03 Oppdatert 13.11.2025, kl. 12.54




















English (US)