Krev milliardar av kommunen: – Ein konsekvens av politiske skandalar

1 week ago 6



– Saksbehandlinga har vore ulovleg og det har blitt gjort saksbehandlingsfeil.

Det seier Anders Flaatin Wilhelmsen som representerer dei tre utbyggarselskapa i retten.

– Dette er ein konsekvens av politiske skandalar og skiftande maktforhold, seier han om søksmålet på 2,55 milliardar kroner.

  • Kvifor er Trondheim kommune saksøkt?

    Tre selskap har saksøkt Trondheim kommune for over 2,5 milliardar kroner fordi dei ikkje får bygge bustader på eit jorde.

    Saksøkarane meiner dei med rette kunne forvente å få bygge ut området fordi politikarane i 2019 vedtok at det kunne brukast til utbygging.

    Derfor sette selskapa i gang med investeringar og planlegging av å bygge bustader, men i fjor haust vedtok politikarane at området ikkje kan byggast ut likevel.

    Saksøkarane seier at politikarane har lov til å ombestemme seg, men dei meiner det er erstatningspliktig i dette tilfellet.

    Kommunen avviser krava frå utbyggarselskapa.

  • Kven saksøker Trondheim kommune?

    Saksøkarane er Overvik Eiendom AS, Overvik Lokalsenter AS og Blekkan Utvikling AS. 

    Kolbjørn Opsahl Selmer er styreleiar i alle dei tre selskapa.

  • Kva er Trondheim kommune saksøkt for?

    Trondheim kommune er saksøkt for 2,55 milliardar kroner av selskapa Overvik Eiendom AS, Overvik Lokalsenter AS og Blekkan Utvikling AS, for tapte utgifter.

    Utbyggarselskapa har lagt ned følgande påstand:

    i. Trondheim kommune betaler Overvik Eiendom AS erstatning fastsett etter retten sitt skjønn oppad begrensa til kr 1.911.000.000.

    ii. Trondheim kommune betaler Overvik Lokalsenter AS erstatning fasteatt etter retten sitt skjønn oppad begrensa til kr 322.000.000.

    iii. Trondheim kommune betaler Blekkan Utvikling AS erstatning fastsett etter retten sitt skjønn oppad begrensa til kr 322.000.000.

    iv. Overvik Eiendom AS, Overvik Lokalsenter AS og Blekkan Utvikling AS tilkjennast sakskostnader.

    Subsidiært ber dei om 688 millionar kroner, som er beløpet utbyggarane til no har brukt på planlegging og tilrettelegging for utbygginga.

  • Kan politikarane berre ombestemme seg for kva området skal brukast til?

    Begge partane i saka meiner at politikarane kan ombestemme seg.

    Trondheim kommune meiner dette ikkje er erstatningspliktig, medan utbyggarane meiner dei har rett på erstatning.

    Det har lenge vore ueinigheit blant dei politiske partia i Trondheim om kva området skal brukast til. Enkelte parti ville at det skal byggast ut, medan andre ville at det skulle brukast til landbruk og fleirtalet har variert mellom desse to standpunkta.

    Først var området definert som matjord, så vedtok politikarane at det skulle brukast til bustadbugging.

    Men i fjor vedtok eit einstemmig bystyre i Trondheim kommune at området skulle definerast som landbruksareal.

    Difor har utbyggarslskapa no saksøkt kommunen.

I 2014 vedtok politikarane i Trondheim at området på Overvik aust i Trondheim kunne byggast ut.

Men ti år seinare, etter mange diskusjonar og utgreiingar, snudde politikarane og verna området frå utbygging.

Utbyggarane meiner at vilkåra for erstatning er oppfylt. Kommunen er totalt ueinig.

OVERVIK: Utbyggarane krev fleire milliardar for at dei no ikkje får bygge ut på deler av dette området aust i Trondheim.

Roger Myren, NRK

– Kommunen har tvinga saksøkarane inn i ei einvegskøyrd blindgate

Overvik var områderegulert til bustadbygging, men blei ført tilbake til landbruksføremål av politikarane i 2024.

Dette var uføreseieleg og i strid med sterkt grunngjevne forventningar hos utbyggarane.

Saksøkarane meiner tilbakeføringa av området kom for langt ut i prosessen og at kommunen då er erstatningspliktig.

– Saksøkarane krev ikkje å få bygge ut. Det har politikarane i Trondheim bestemt at ikkje skal skje. Saksøkarane krev erstatning for det tapet dei lid som ein konsekvens av dette valet, seier Wilhelmsen i retten.

Onsdag legg han fram utbyggarane sin påstand og krav i retten. Torsdag er det kommuneadvokaten sin tur.

– Kommunen har tvinga saksøkarane inn i ei einvegskøyrd blindgate, legg Wilhelmsen til.

To personer sitter i et rom med trepanelvegg. Den ene personen har på seg en mørk dress og holder en hånd opp mot munnen. Den andre personen, med langt hår, er iført en blå skjorte og lytter. Det er et fokusert og alvorlig uttrykk i rommet.

Kolbjørn Selmer er styreleiar i alle dei tre selskapa som har saksøkt Trondheim kommune. Tobb er medeigar i selskapa og i forgrunnen sit Tobb-sjef, Torbjørn Sotberg.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Advokaten meiner at politikarane sitt vedtak om tilbakeføring av området er i strid med plan- og bygningslova.

– Det er ikkje berre ein gal prosess etter plan- og bygningslova. Prosessen er ikkje gjennomført etter plan- og bygningslova i det hele tatt, seier Wilhelmsen.

Advokaten viste så til ei fersk utsegn frå Kommunal- og distriktsdepartementet om forholdet mellom reguleringsplan og kommuneplan.

Departementet skriv at ein kommune ikkje kan endre ein reguleringsplan dersom det bryt med plan- og bygningslova.

Meiner forventninga er like sterk som ein skriftleg avtale

Saksøkarane meiner at dei hadde ei rettmessig forventning til at dei skulle få bygge ut.

Dei vektlegg mellom anna eit tett samarbeid med kommunen og at det var utbyggarane, og ikkje kommunen, som utarbeidde områdereguleringa.

Det skaper eit grunnlag for ei forventning som må vere minst like sterk som om ein hadde nedfelt det i eit formelt avtaledokument, seier Wilhelmsen.

Fire personer er samlet i en rettssal, med tre i diskusjon. Den ene personen er kledd i dress og slips, mens en annen har på seg en sort kappe. To personer sitter ved et bord med datamaskiner, dokumenter og drikke. Bakgrunnen har trevegger og inneholder mikrofonstativ.

Saksøkarane og deira advokatar i retten.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Saksøkarane seier det ikkje var ein formell avtale om dette, men at det liknar eit avtaleforhold.

Spørsmålet er kven skal bere den økonomiske risikoen for dette politiske spelet i Trondheim kommune? spør Wilhelmsen i retten.

– Vårt syn er at sjølvsagt er det kommunen, svarar han sjølv.

– Ein rein snuoperasjon basert på dei same omsyna

Utbyggarane meiner at politikarane kom til to forskjellige avgjersler om området basert på den same informasjonen.

I denne saka har det ikkje skjedd noko nytt. Det er ikkje noko ny kunnskap som grunngjev denne snuoperasjonen, seier Wilhelmsen i retten.

Han viser igjen til at politikarane vedtok i kommuneplanen sin arealdel for 2012 til 2024 at området på Overvik skulle brukast til utbygging.

Og at politikarane vedtok at området skulle førast tilbake til landbruksføremål i ny arealplan for 2022 til 2034.

– Det er ein rein snuoperasjon basert på dei same omsyna, seier Wilhelmsen.

  • Områdeplan for Overvik i Trondheim kommune

    Opprinnelig vedtatt områdeplan for Overvik i Trondheim kommune fra 2019

  • Kart over hvilke områder på Overvik i Trondhiem kommune som ble tilbakeført til natur-, landbruk- og friluftsareal i 2024

    Endret ommrådeplan for Overvik i Trondheim kommune fra 2024. De fire sørlegaste områda er no markert i raudt (NRK sine markeringar) for å illustrere at dei er sett av som landbruk-, natur- og friluftslivområde.

I tillegg viser Wilhelmsen til at området og den dyrka marka på Overvik har blitt frådelt i ulike tomter og kjøpt av eigedomsutviklarar.

– Det er i realiteten ein ekspropriasjon. Eigedommane blir relativt sett verdilause.

Advokat Anders Flaatin Wilhelmsen og advokatfullmektig Terje Hovet Horpestad diskuterer foran en dataskjerm i en rettssal. Begge har formelle klær og ser fokuserte ut. Bakgrunnen viser tre paneler av treverk som gir en moderne rettsal-atmosfære. Det er flere personer i bakgrunnen, men de er ikke tydelig synlige.

Advokat Anders Flaatin Wilhelmsen og advokatfullmektig Terje Hovet Horpestad representerer utbyggarselskapa i retten.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

I tillegg å meine at det bryt med plan- og bygningslova, hevdar Wilhelmsen det også er brot på paragraf 105 i grunnlova, samt artikkel 1 i menneskerettslova.

– Dei skal ikkje drive med landbruk. Så effekten av dette for dei er at dei i realiteten blir fråteken sin eigedomsrett, seier Wilhelmsen.

– Og det tilseier at saksøkarane her blir tilkjent erstatning, konkluderer han.

En person i dommerrobe sitter i en rettssal. Det er en annen person delvis synlig i forgrunnen. Bakgrunnen viser en enkel, moderne rettssalsinnredning. Stemningen virker formell, muligens i forbindelse med en rettssak.

Kommuneadvokat Lars Marius Heggberget har høyrt på saksøkarane sin prosedyre og seier han vil kome med kommunen sitt syn i morgon, torsdag.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Publisert 19.11.2025, kl. 15.34

Read Entire Article