Nær tusen nordmenn får kreft i bukspyttkjertelen kvart år.
Bukspyttkjertelkreft er vanskeleg å oppdaga og blant dei mest dødelege kreftformene.
Ein ny internasjonal studie viser at kunstig intelligens kan bli eit avgjerande verktøy for å oppdaga sjukdommen tidlegare.
– At me finn måtar å oppdaga bukspyttkjertelkreft tidlegare, trur eg vil vera naudsynt for at fleire skal overleva. I tillegg må ein sjølvsagt jobba med å få fram nye måtar å behandla sjukdommen på, seier Anders Molven.
Han er professor i patologi på Haukeland universitetssjukehus og ein av fleire forskarar ved Haukeland som har bidrege i studien.
Professor i patologi, Anders Molven.
Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRKVanskeleg å oppdaga
Bukspyttkjertelkreft er ei aggressiv kreftform og den tredje vanlegaste kreftrelaterte dødsårsaka i Noreg.
Berre lungekreft og tjukktarmskreft tek fleire liv i befolinga.
Noko av grunnen til at mange døyr av denne krefttypen, er at han er blant dei vanskelegaste å oppdaga.
Førebels blir det ingen endring i diagnostiseringa på Haukeland, men på sikt kan KI-verktøyet koma i bruk.
Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK– Det er diffuse og uklare symptom som eigentleg kan bety mange forskjellige ting, seier professor Anders Molven. Han forklarar at dette gjer at pasientane ofte kjem seint til lege.
– Det fører til at sjukdommen er komen for langt og har spreidd seg til utanom sjølve organet. Då kan ein ikkje lenger operera pasienten og kurera sjukdommen.
Når ein lege mistenkjer svulst i bukspyttkjertelen, blir pasienten sendt til CT. Så blir bileta derfrå tolka av radiologar.
Men funna er ofte små, utydelege og krevjande å vurdera.
Derfor lurte forskarane på om kunstig intelligens kan gjera jobben betre.
Det korte svaret er ja.
Den nederlandske studien der forskarane frå Haukeland har bidrege, viser at KI-modellar kan trenast til å oppdaga bukspyttkjertelkreft på CT-bilete.
– Dette er lovande for moglegheita til å bruka kunstig intelligens til å assistera radiologar. Det bidreg til at me oppdagar svulstar tidlegare og dermed kan behandla dei tidlegare. Det vil gjera det mogleg å betra overlevinga for pasientane, seier avdelingsdirektør ved Radiologisk avdeling, Ingfrid S. Haldorsen.
Men dette er ikkje noko som pasientar vil merka noko til når KI-en kjem i bruk.
– Det vil ikkje vera forskjell og ein tek CT-bilete som før. Så blir bileta sende til eit røngtensystem og KI-en ser på det, forklarer radiolog og overlege Marjolein Liedenbaum.
Fekk 250 KI-forslag
KI-miljø over heile verda vart inviterte til å laga algoritmar som kan oppdaga kreft. Dei fekk då tilgang til CT-bilete der det allereie var kjent kvar kreftsvulsten sat.
Det kom inn over 250 forslag.
– Dei tre beste metodane blei testa vidare, fortel Liedenbaum.
Noko av det som er spesielt med denne studien, er at forskarane har henta inn materiale frå ulike stader. Slik har dei fått testa verktøyet med pasientbilete frå ulike ct-maskiner.
Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRKVidare testa dei algoritmane på CT-bilete frå 1130 personar. 400 av dei hadde kreft.
Samtidig skulle 68 radiologar vurdera eit utval av det same materialet.
Verken KI eller radiologane kjende til fasiten.
Konklusjonen blei at KI trefte like godt eller betre enn radiologane når dei skulle skilja mellom kreft, andre sjukdommar og normale forhold.
– KI vil få ei større og større rolle
Molven er tydeleg på at dette funnet berre er byrjinga på det som vil skje framover.
– I all medisinsk diagnostikk er dette med å kjenna att mønster viktig. Så utvilsamt kjem kunstig intelligens etter kvart til å få ei større og større rolle.
Og sjølv om dette KI-verktøyet har lovande resultat, står det att ein del testing før det kjem i bruk i Noreg.
Men ved Haukeland universitetssjukehus brukar dei allereie KI til fleire ting. Både til å effektivisera journalskriving og til mammografitolking.
Haldorsen og Liedenbaum fortel at resultata frå studien viser at KI presterer minst like godt som spesialtrente fagfolk.
Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK– Me ser at det sparar tid for radiologane utan å gå på bekosting av kvaliteten, seier Haldorsen.
Ingen av dei tre forskarane er uroa for at KI skal ta over jobben deira.
– Me kjem etter kvart til å oppleva mangel på legar. Det er stadig større behov, fleire eldre og meir som skal gjerast. Då er me nøydde til å ta i bruk denne typen verktøy for å kunna bruka ressursane meir optimalt, seier Molven.
– Dette kan vera eit nyttig verktøy for radiologar, seier Liedenbaum, som gler seg til ho kan dette og andre KI-verktøy i bruk.
Liedenbaum er radiolog og jobbar med å tolka CT-bilete.
Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRKPublisert 04.12.2025, kl. 05.30




















English (US)