Det blei eit år med mange ulykker med fritidsbåt i 2024. Allereie halvvegs i året hadde Sjøfartsdirektoratet registrert 14 dødsfall i 13 ulykker.
Når direktoratet summerer opp heile året, er talet på døde nesten tre gongar så høgt.
Direktør i Sjøfartsdirektoratet Alf Tore Sørheim seier dette er tal som uroar.
– Når vi ser på det totale talet på omkomne i 2024, er det eit veldig høgt tal. Det er alvorleg at 39 personar er omkomne i fritidsbåt på eitt år.
Mange mangla redningsvest
Også generalsekretær i Redningsselskapet, Grete Herlofson, er uroa over dei høge tala etter ein sommar der det var dårleg båtvêr mange stader.
– Vi hadde settføre oss at vi ikkje skulle ha så mange ulykker fordi trafikken gjekk ned. Men det kan verke som vi har hatt korte, gode vêrvindauge, som har gjeve oss tett trafikk.
Men det som gjer henne ekstra uroa, er at mange av dei omkomne hadde droppa redningsvesten.
– Berre 70 prosent av tilfella der det skjedde ei ulykke, hadde redningsvest, som kanskje er det aller sikraste du kan bruke for å unngå at det skjer noko alvorleg.
Huskar ikkje noko
Tidlegare verdsmeister i båtracing, Jann Hillestad, kunne fort blitt nummer 40 i statistikken då båten han køyrde trefte ein stake i Oslofjorden i sommar.
Han fekk omfattande brot- og knusingsskadar og låg i koma i fire dagar etter ulukka.
Sonen, svigerdottera og barnebarnet var også med i båten. Dei blei også frakta til sjukehus med skadar.
Denne veka var Hillestad tilbake der ulykka skjedde, men han huskar lite av det som skjedde.
– Eg trur ikkje eg kan ha sett stakane før det var for seint.
Han skal ha køyrt i 33 knop, som svarar til litt over 60 kilometer i timen, då ulykka skjedde. Politiet etterforska saka, men la henne bort denne veka.
Hillestad fortalde historia om ulykka først til lokalavisa Budstikka.
Vil åtvare andre
Hillestad er ein erfaren båtførar, men ulykka var ein tankevekkar. Spesielt med tanke på at han hadde familie om bord då det skjedde.
No vil han åtvare andre båtfolk, og kjem med ei oppmoding.
– Det er viktig å vere aktsam. Følg med kvar du er, og kvar du er på veg. Og ver gjerne fleire om bord. Dersom det er fleire vaksne om bord, kan fleire følge med og sjå etter hindringar.
Han oppfordrar også alle til å bruke redningsvest når ein er i båt.
– Det er den største tryggingsforsikringa du kan ha. Sjølv brukar eg alltid vest. Den dagen hadde eg ikkje han på. Eg huskar ikkje kvifor, men eg vil gjerne oppfordre alle til å bruke redningsvest.
Publisert 14.01.2025, kl. 21.50