Kraft­selskap slår alarm – krev tiltak for å trygge straum­nettet mot sabotasje

2 hours ago 5



Den nye transformatorstasjonen ved Mongstad i Nordhordland sender kraft ut til verksemder som er viktige for energiforsyninga til Europa.

Her, og på andre anlegg i regionen, har dei opplevd hackingforsøk, droneoverflyging og at tilsette vert oppsøkte av ukjende som vil ha informasjon.

Eit bygg med straummaster i bakgrunnen

Denne transformatorstasjonen er viktig for olje- og gassleveransar til Europa – og eit mogeleg terrormål, meiner kraftselskapa.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

No meiner aktørar i bransjen at vi må vakne og forstå at kraftnettet vårt er sårbart for aktørar som ikkje vil oss vel.

Dei ber oss lære av kva som skjer i Ukraina, der nettet ofte vert sabotert. Der har dei gjort effektive tiltak for å sikre det.

1.2 millionar ukrainarar var utan straum etter store angrep 24. januar. Videoen er frå 20. januar.

Video: AP

– Vi meiner at det som eit strakstiltak bør innførast eit sterkare luftvern og forbod mot droneflyging over anlegga, seier Ragnhild Janbu Fresvik. Ho er konsernsjef i energiselskapet Eviny.

Fresvik viser til at PST meiner det er sannsynleg med sabotasjeaksjonar mot kritisk, norsk infrastruktur.

Mogelege terrormål

Med på omvisinga på transformatorstasjonen er og Bård Vegar Solhjell, administrerande direktør i Fornybar Noreg.

Han avviser at dei prøver å skremme når dei no krev strengare tryggingstiltak.

– Kraftsektoren kan vere eit terrormål. Det seier eg ikkje for å vere alarmistisk, men for å påpeike at vi må investere i tryggleiken der, seier Solhjell.

To personar i refleksklede og hjelm foran straummaster

Bård Solhjell i Fornybar Noreg eller Ragnhild Janbu Fresvik i Eviny.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

– Styresmaktene må stille meir tydelege krav om fysisk sikring, trening og selskapa sin evne til å reparere anlegg etter sabotasje.

Han seier kraftselskap over heile landet no bør gjere som Eviny og andre på Vestlandet. Beredskap må løftast, meiner han.

Å sikre infrastruktur knytt til straum er anslått til å koste mellom 10 og 15 milliardar kroner.

Kven som skal ta rekninga er og eit punkt dei meiner må diskuterast på eit politisk nivå.

Raud flamme og svart røyk frå ei av pipene ved Equinor Mongstad.

Stasjonen ligg på Monstad, som med Noregs einaste oljeraffineri er svært viktig for norske olje- og gassleveransar.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Har teke grep

Hjå Eviny og dotterselskapet BKK har dei allereie teke fleire grep for å trygge seg mot sabotasje.

Dei 1500 tilsette har blitt kursa i korleis dei skal verne informasjon. Den digitale informasjonen har blitt sikra betre.

Ei gruppe menneske i refleksklede og gule hjelmar kikkar inn døra til trafostasjonen

Eviny viste fram den nye transformatorstasjonen på Mongstad.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Og så er evna til å kjapt kunne få nettet opp at etter sabotasje blitt kraftig betra.

Administrerande direktør Kristin Aadland i BKK seier dei har styrka den såkalla reparasjonsberedskapen.

– Styresmaktene seier vi skal klare å ta oss av to hendingar eller sabotasjeaksjonar samstundes i vårt område. Det bur vi oss på. Vi identifiserer kritiske punkt og jobbar med å få større kapasitet til å kunne fikse feil raskt, seier Aadland.

Ingen vil vedgå at norske styresmakter og kraftselskap har vore naive. Men dei meiner at det no hastar å ta truslar i ei uroleg verd på alvor.

Publisert 12.03.2026, kl. 21.54

Read Entire Article