Køyrte gjennom sentrum i rusa tilstand

1 month ago 24



3. august 2024 kl. 08:23

Politiet i Nordland melder at ein person mista førarkortet natt til laurdag. Vedkomande kom køyrande til utestad gjennom Fauske sentrum og var ikkje edru.

Personen er tatt hand om av politiet.

Ein annan person blei fjerna av politiet frå utestad i Vefsn, og blei vist vekk frå sentrum til klokka 08, men høyrde ikkje på pålegget, og returnerte til utestaden. Vedkommande blir meld til politiet for brot på oplitiet sitt pålegg. Seinare var personen tilbake på ein annan utestad, og blei køyrt til arresten.

I Vestvågøy skal ein person ha blitt slått og sparka i natt, av to moglege gjerningspersonar. Dei mistenkte hadde reist frå staden då politiet var på plass. Personen som blei slått og sparka blei køyrt til legevakt av politiet.

Read Entire Article