Kor lenge skal vi sjå på dette tullet?

1 hour ago 1



Europa har bestemt seg for å vere best i klassen på klima. Problemet? Det er ingen andre i klasserommet.

Smelteverket Eramet i Kvinesdal er en av fabrikkene som rammes av ny EU-toll. Foto: Jacob J. Buchard

Mens EU påfører eigen industri stadig strengare klimakrav, dyrere energi og byråkrati som ingen bedrifter lenger taklar, kjører USA og Asia full gass på vekst, billig kraft og industriell ekspansjon.

Resultatet er ikkje til å misforstå: Europeisk industri er i fritt fall.

Fabrikkar stenger. Produksjon flyttar. Investeringar renner ut av kontinentet. Men EU svarar som vanleg: endå strengare krav, endå dyrare reguleringar – og ein klapp på skuldra til seg sjølve for å vere «ambisiøse».

Samtidig skjer det mest absurde av alt: Europa blir oversvømt av kinesiske bilar, masseprodusert med kullkraft og statsstøtte. Billige, subsidierte og totalt umoglege å konkurrere mot. Mens europeiske bilprodusentar knelar under eigen klimapolitikk, fyller Kina heile marknaden. Det er som å sjå ein brannmann hive bensin på flammene.

Og så – når EU til slutt innser at eigen industri er i ferd med å gå under – kjem hykleriet fram i fullt dagslys: EU begynner å verne om sin eigen industri og trør EØS-avtalen rett i søla.

Tollen på ferrolegeringar frå Norge og Island er eit klart signal: Når EU kjenner presset, gjeld ikkje avtalar, prinsipp eller «det indre marknaden». Då gjeld berre EUs eigne interesser for å verne seg sjølv.

EU innfører toll på jernle­geringer – Norge rammes

Åpen

USA støttar industrien sin.

Asia bygg og produserer i rekordfart.

Europa? Dei straffar sine eigne – for så å bryte reglane når realiteten bankar på døra.

Og Norge?

Vi sit på ein stat som er styrtrik, mens folk flest knapt har råd til mat, straum, drivstoff og dei nye skattane og avgiftene som jamt og trutt rullar inn. Politikarane seier at vi må «bidra meir», medan dei pøser milliardar inn i symbolpolitikk ingen andre land bryr seg om.

Vi må slutte å sitte på gangen

Åpen

Det grønne skiftet kunne vore ein moglegheit.

I staden har Europa gjort det om til ein konkurransedrepande sparebluss, der industri, arbeidsplassar og folk flest betaler prisen – mens Kina og USA takkar og bukkar.

Europa taper. Industrien taper. Folk flest taper.

Det einaste spørsmålet som står igjen er: Kor lenge skal vi sjå på dette tullet før nokon faktisk trykker på stopp-knappen?

Read Entire Article