Kona tok opp lyden av sitt eige drap. No er ektemannen dømd til 16 år i fengsel

1 week ago 24



Trøndelag tingrett meiner tiltalte skal dømast til eitt år meir i fengsel enn påstanden frå aktor.

Lydopptak av drapet

Det var dårleg stemning mellom tiltalte og kona då dei stod opp den dagen som enda med drap.

Det fortalde tiltalte (27) i retten.

Kona (24) og dei to små ungane var mykje hos familien hennar i denne tida. Dei budde også i Stjørdal.

Då han kom heim ut på kvelden 26. august 2022, stod kona saman med søstera og mor si utanfor huset der dei budde.

Det vart ei ordveksling der søster til kvinna sa at det var vanskeleg å snakke med ein som var dum, utan at ho nemnde tiltalte ved namn.

– Eg var veldig sint inne i meg, sa tiltalte i retten.

Saman med kona og dei to ungane deira gjekk dei opp i leilegheita.

Allereie på vegen opp trappa starta kona opptaket på mobiltelefonen sin.

Dermed vart lyden av drapet dokumentert av avdøde utan at tiltalte visste om det før fleire månader etterpå.

Tiltalte erkjente straffskuld i mars i år, då han fekk vite om mobilopptaket.

Tiltalte til kona like før drapet: – Tek du meg for ein idiot?

Krangelen på opptaket dreier seg om at tiltalte meiner kona og ungane stadig vekk er hos familien sin i staden for å vere heime.

Det er nesten berre tiltalte si stemme som høyrest.

– Tek du meg for ein idiot?, spør han fleire gonger.

Han ber kona svare.

I bakgrunnen høyrest barnegråt.

Tiltalte har forklart at ungane sat i sofaen, nokre meter unna.

Politiets bilde av en blodig kjøkkenkniv. Kniven ble brukt i forbindelse med et drap. Kniven er 20 cm,
total lengde 34 cm.

Bladet på kokkekniven er på 20 cm og låg på kjøkenet.

Foto: Politiet

Etter om lag fire minutt høyrest ei klirring.

Dette er truleg lyden av ei kjøkenskuffe som blir opna.

Tiltalte har forklart at han henta ein kniv.

På opptaket høyrer ein kona skrike høgt.

– Svarer du meg no, spør tiltalte på opptaket.

– Ja, eg skal bli verande ektefellen din. Ikkje tenk på noko anna, seier kona.

Dette er det siste ho seier.

Deretter høyrest fleire høge hyl og kraftig barnegråt.

Etter å ha vorte stukke i halsen fire gonger, greidde kvinna å kome seg ut av leilegheita.

Ho segna om i gangen.

På opptaket høyrer ein naboen i det fjerne som ringjer etter ambulanse.

Kvinna døydde av forbløding sjølv om ambulansen kom raskt til åstaden.

Kona ville ut av ekteskapet

Like etter drapet køyrde tiltalte til politistasjonen i Stjørdal. Der ringde han politiet. Samtalen vart spelt av i retten tysdag.

Her høyrer me tiltalte seie at han står utanfor politistasjonen og at han har med seg dei to barna sine.

– Eg har drepe kona mi, seier tiltalte.

Mobilen til avdøde vart funnen på stova.

Tiltalte erkjente ikkje straffskuld for drapet før han i mars i år fekk presentert lydopptaket som politiet hadde funne på mobilen til kona.

Under rettsaka fortalde fleire vitne at avdøde ville ut av ekteskapet.

Publisert 08.05.2024, kl. 09.04 Oppdatert 08.05.2024, kl. 09.20

Read Entire Article