Kommunen vart åtvara om «svake batteri» i brannalarmen

7 hours ago 4



Dokument som NRK har fått innsyn i viser at det fleire gonger er loggført feil på varslingsanlegga på Lærdalsøyri, men at «svake batteri» ikkje er bytta ut.

Flammeinfernoet i Lærdal for elleve år sidan er framleis for eit nasjonalt traume å rekne, og tidlegare i juni braut det på ny ut brann i det verneverdige trehusmiljøet.

Til alt hell blei brannen varsla av ein forbipasserande som observerte røyk frå det eine huset.

Det automatiske varslingsanlegget slo ut først 15 minutt seinare – i eit nabobygg.

NRK har derfor bede om innsyn i brannvernrutinane i Lærdal kommune. Dokumenta viser at «batterifeil» og «kommunikasjonsfeil» i fleire tilfelle ikkje er retta opp.

Dette er svært alvorleg. Det er eit stort hol som nå blir avdekt, seier Lærdal-ordførar Audun Mo (Ap).

en bilulykke i et nabolag

«Det er ikkje mogleg å henta ut nøyaktig tidspunkt for batteribyte via loggen, og det er heller ikkje ført noko logg på kvar og når det blei skifta batteri», skriv selskapet som har ført tilsyn med brannvarslingssystemet i Lærdal.

Foto: Sondre Evenstad Dalaker / NRK

Ingen av batteria blei skifta

I huset der brannen starta blei det i fjor sommar rapportert om svakt batteri i to av branndetektorane.

Ingen av batteria blei skifta.

Den tredje detektoren i huset blei fjerna i 2020.

Ordføraren karakteriserer rapportane som «trist lesnad» og konstaterer at kommunen har «mykje å lære» etter at nasjonale kulturminne på ny har gått opp i røyk.

Det er ikkje noko eg er mykje stolt av. Men sånn er det, og eg kjenner det er veldig viktig å vere ærleg på det som har skjedd. Dette er realiteten.

Sjå fleire reaksjonar på brannvernrutinane i Lærdal lengre ned.

brann i lærdal

Normal levetid på batteri er 1–5 år for detektor med sirene, og 1–8 år for detektor utan.

Foto: Sondre Evenstad Dalaker / NRK

Vi synest dette er veldig leitt

Branntryggleiken i verneverdige trehusmiljø bygger på klare føresegner i lover og forskrifter om brann og bygningar.

Kommunen, eigarar og tilsynsmakter har eit felles ansvar i arbeidet med branntryggleiken.

Teknisk sjef i Lærdal, Harald Stadheim, erkjenner at kommunen ikkje har hatt gode nok rutinar, og at alarmane i husa som brann kan ha vore tomme for batteri.

Vi synest dette er veldig leitt.

To av husa blei øydelagd i brannen.

Alexander Colle i Brannvernforeningen seier at tidleg varsling er «heilt avgjerande for å avgrense skadeomfanget ved brann».

Automatisk brannvarsling, jamleg kontroll og godt vedlikehald av anlegga er sentrale element i det førebyggande arbeidet – særleg i tett trehusbusetnad der brann lett kan spreie seg raskt, seier han.

  • ein mann som står ved sidan av ein raud bil

    Sondre Evenstad Dalaker / NRK

    Odd Helge Brugrand, eigar av bygget som begynte å brenne

    Eg set pris på at kommunen tek ei viss form for ansvar, og at dei beklagar. Det er nok av eksempel på det motsette: tåkelegging og blame shifting. Som huseigar er det viktigaste at dette aldri må skje igjen.

  • Alexander Colle

    NRK

    Alexander Colle, Brannvernforeningen

    Vi oppfordrar alle involverte til å bruke erfaringane frå Lærdal til å styrke både rutinar og samarbeid vidare. Det er avgjerande at kontroll og vedlikehald av branntekniske tiltak blir følgt opp og utbetra. I verste fall sit vi igjen med ein falsk tryggleik når slike anlegg ikkje fungerer som føresett.

  • Ola Harald Fjeldheim

    Stein Lorentzen

    Ola Harald Fjeldheim, generalsekretær i Fortidsminneforeininga

    Varsling i enkelthus er komplisert og vanskeleg, det har lett for å oppstå feil. Men dette er openbert for dårleg følgt opp her. Særleg i Lærdal burde ein vite betre, og ha gode rutinar. Samtidig: god brannsikring består av fleire lag. Heldigvis fungerte det neste laget, sløkketiltak utanfrå, godt.

  • ein person som står utanfor ein bygning

    Trygve Heide / NRK

    Linda Veiby, Avdelingsdirektør hos Riksantikvaren

    På generelt grunnlag er det spesielt viktig at rutinane blir følgde i tette trehusområde. Det hjelper ikkje å ha gode anlegg, om dei ikkje er #halde ved like og sett i stand. Når fakta kjem på bordet, må alle som har ansvar for brannsikring i våre verdifulle trehusområde ta lærdom av dette.

  • Frøydis Helland

    NRK

    Frøydis Helland (H), kommunestyrerepresentant i Lærdal

    Vi er orienterte om at kommunen har ansvaret for varslingsanlegget. No går det føre seg ei etterforsking og vi får avvente inntil ho er ferdig med å konkludere. Dette er ei trist sak som råker oss alle, men takken vere iherdig innsats frå brannvernet er husa i stor grad intakte på utsida.

Ekstra viktig med gode rutinar i eit område som Lærdal

Linda Veiby hos Riksantikvaren understrekar at Lærdal er eit heilt spesielt trehusmiljø med store kulturhistoriske verdiar.

– Det er alltid viktig at ein har gode rutinar på plass for på å sjekke varslings- og sløkkeutstyr, og ekstra viktig i område som Lærdal der konsekvensane av ein brann kan bli så store.

Lærdal

Dokument som NRK har fått innsyn i viser at det fleire gonger er loggførte feil på varslingsanlegga på Lærdalsøyri, men at «svake batteri» ikkje er bytta ut.

Foto: NTB

Publisert 19.06.2025, kl. 21.38

Read Entire Article