Kommune betalar for russecamp – men russen må jobbe for det

5 days ago 11



Formannskapet sa ja til at Fauske kommune skal bidra med 50.000 kroner til etablering av russecamp på Fauske, skriv Avisa Nordland.

Ordførar i Fauske kommune, Marlen Rendall Berg, foreslo at formannskapet gir denne eingangssummen til føremålet. Det sa formannskapet ja til torsdag denne veka.

Russecampen har blitt lagt til ulike plassar i Fauske kommune kvart år. Det har vore eit ønske frå russen, politiet og kommunen å finne ei løysing som kan stå seg over tid, står det skrive i saksframlegget.

– Det er riktig nok ikkje kommunen si oppgåve å etablere ein russecamp, men i lys av førebygging og tilrettelegging for ei fin russetid for avgangselevar, ønskar ordførar at kommunen bidrar, står det også.

Eit vidare vedlikehald av arenaen og eventuell opprustning må skje ved at russen skaffar midlar sjølve til å gjere det framover.

Som «betaling» for å leige arealet må russen stille til arbeidsoppdrag for Fauske kommune, som vil gjelde kvart russekull i åra framover.

– Russen må stille til eit årleg arbeidsoppdrag av praktisk karakter for kommunen. For 2025 er tanken at russen stiller på arbeidsoppdrag med å etablere ein kulturarena på rådhuset.

Read Entire Article