– Eg er som sist gong litt apatisk. Det er litt vanskeleg å finne fram følelsane no. Det er små marginar. Det betyr mykje, seier Johan-Olav Botn til NRK etter å ha gått inn til siger på sprinten i Östersund.
Botn gjekk for første gong med den gule trøya i verdscupen.
– Heilt vanvettig det han får til. Han går med den gule trøya. Det verkar ikkje som at presset bit på han, seier Marte Olsbu Røiseland.
Det er berre nokre dagar sidan han tok sin første verdscupsiger, då han trefte 20 av 20 på normaldistansen. Laurdagens sprint gjekk også utan bomskot for 26-åringen.
– Han er kongen av Östersund, seier Vetle Sjåstad Christiansen, som sjølv fekk ti treff på sprinten.
Fleire av dei norske gjorde det også gode løp. Martin Uldal gjekk inn til ein andreplass, med to fulle hus på sprinten. Franske Quentin Fillon Maillet tok tredjeplassen. Christiansen hamna på ein 6. plass, mens Sivert Bakken tok ein 7. plass.
GUL TRØYE: Johan-Olav Botn gjekk leia verdscupen før laurdagens sprint.
Foto: Anders Boine Verstad / NRKTrenar 1200 timar i året
Botn begynte med skiskyting allereie da han var fem år gammal. Etter å ha vakt like under toppen i mange år, kom til slutt det store gjennombrotet og første siger i verdscupen.
– Det er 21 år sidan eg starta, så det er mykje hard jobbing. mykje blod, sveitte og tårer som ligg bak. Eg er jo 26 år, så det har jo vore ein litt lengre veg enn dei fleste andre, innrømmer Botn, som for eksempel aldri har gått eit junior-VM.
– Det han har gjort og kor lang tid det har tatt før han har fått betalt for den jobben har gjort. Han har stått i det, og er heilt sinnssjuk når det gjeld treningsarbeid, fortel Endre Strømsheim.
Botn avslører sjølv at han trenar rundt 1200 timar i året. Men det er ikkje medrekna skyting.
– Det er ekstreme mengder, og når ein legg ned minst 200 timar skytetrening òg, så blir det veldig mykje, poengterer NRK-ekspert Ola Lunde.
– Eg trur ikkje eg har høyrt om nokon skiskyttar som trenar så mange timar, legg Marte Olsbu Røiseland til.
– Pushar grensene
Etter nokre år på privatlag, har han dei siste åra vore ein del av rekruttlandslaget, nivået under landslaget. Der har dei blitt kjente for store treningsmengder, dobbel terskel-økter og fleire andre treningsformer som skal sikre utvikling. Mykje med tanke på OL i Anterselva i februar.
– Vi er mange som pushar grensene på kva som har blitt gjort før, og kva ein kan gjere særleg innan skiskyting. Vi ser at dei siste åra har det vore ei generell heving av nivået i Noreg. På ein måte er eg med på ei bølge, og på ein annan måte er eg med og pushar dei andre til å trene meir og hardare, fortel Botn.
SIKRA PLASS: Johan-Olav Botn vann sprinten i sesongstarten på Geilo og sikra seg verdscupplass.
Foto: Marius Simensen / BildbyrånRekrutt-trenar Anders Øverby har ikkje færre lovord enn lagkameratar og ekspertar.
– Når til og langrennsløparane begynner å kikke etter det vi gjer, så vil eg seie at ein har nesten gått globalt, på sett og vis. Når ein seier namnet Johan-Olav Botn er det, i alle fall innanfor vinteridrett, mange som har ein referanse på han. Så han har jo sett ein standard som er heilt spinnvill, seier Øverby.
Trenaren «må halde på hatten»
Han meiner Botn dessutan har ei unik evne til alltid å søke det som gjer han litt betre, men samtidig finne balansen for å halde på det han er god på. Dessutan er han «eit av dei mest rasjonelle menneska» Øverby har møtt, og det trass i:
– Han kan også vere litt sånn «pain in the ass», for det er livsfarleg å la han tenke aleine i ein halvtime med ein kopp kaffi. Det kjem veldig mange idear, så det å møte han når han har hatt ei idémyldring for seg sjølv, da må du halde på hatten og bruke det du har av hjernekapasitet til å henge med. Så må vi prøve å finne ut «Korleis utfordrar vi dette?», «Kor reelt er det?» og «Korleis skal vi bruke dette?», fortel trenaren.
KRIGAR: Johan-Olav Botn gjekk ein feilfri etappe på blanda stafett i Östersund.
Foto: Mathias Bergeld / BildbyrånNoko av det Øverby og eleven har blitt einige om nå, er at alt av «galskap» skal leggast til side i den tøffe kampen om å sikre seg ein av OL-plassane. Men det er visst ikkje så lett å stole på at jobben som er lagd ned er bra nok for ein som er vand til å pushe grenser.
– Det er jo vanskeleg, og det er noko eg slit med. Eg har ikkje perfeksjonert det, merkar eg sjølv. Særleg i den overgangsperioden der ein går bra å trene mykje og dunke på, til konkurransesesong, innrømmer Botn.
– Har du spurt om råd frå dei litt eldre her når det gjeld å tøyme seg?
– Ja, eller det er avgrensa kor mykje eg kan høyre på dei. Dei ligg ikkje heilt på dei same mengdene som det eg gjer. Det er litt vanskeleg å samanlikne på sånne ting. Tala blir ikkje heilt dei same. Men det er mykje å lære, særleg av dei som har vore i gamet ei stund, svarer Botn.
Kjenner seg ikkje komplett
Øverby er på IBU-cup og ikkje til stades på dei første verdscuprundane, men har hyppig kontakt med Botn på telefon. Han veit det er utfordrande å skulle halde tilbake.
– Vi trivst jo best, og han spesielt trivst når det er utvikling og framdrift på noko. Men av og til treng ikkje den framdrifta vere 150 kilometer i timen, det kan vere 40 òg, og berre finne dei små nyansane mellom ekstremt bra og veldig bra, seier Øverby.
TREFFER BLINK: Johan-Olav Botn meiner han framleis har mykje å lære som skiskyttar.
Foto: Mathias Bergeld / BildbyrånSå langt denne sesongen ser det i alle fall ut som dei har treft bra med planen dei har laga. Og sjølv om ikkje Botns treningsmengder passar for alle, er det éin ting mange idrettsutøvarar kan lære av, meiner Øverby.
– Han er jo eit treningsprodukt og den innstillinga trur eg alle utøvarar bør ha inst inne. Du blir god på det du trenar på, seier han.
Og Botn er klar på at han framleis har mykje å lære.
– På eit tidspunkt kjem ein på eit nivå der ein ikkje berre kan køyre meir og meir og meir. Eg er jo langt frå ein komplett skiskyttar, så det er mange delmoment ein kan trekke fram. Det er hurtigheit og styrke og skytefart. Det er mange ting som kan bli betre. Det er framleis mykje ting å trene på, seier Johan-Olav Botn.
Publisert 06.12.2025, kl. 17.28 Oppdatert 06.12.2025, kl. 17.54



















English (US)