Kometen fekk startnekt for fem år sidan: «Søppelmat» blei redninga

17 hours ago 2



28 år gamle Karoline Simpson-Larsen kunne søndag juble for sin første verdscupsiger -eit resultat som langt på veg sikrar ho ein plass i den norske OL-troppen. Men vegen dit har ikkje vore lett.

Langrennskometen hugsar med gru tilbake for fem år sidan da ho ikkje bestod helseattesten for å få lov til å gå skirenn. Ho var overtydd om at ho åt best mogleg for å gå raskast mogleg på ski.

– Det trur eg alltid vi henge over meg når eg skal inn og ta den helseattesten om våren. For det var ein brutal beskjed å få når ein ikkje er førebudd på det, seier ho til NRK.

Karoline Simpson-Larsen jubler

TIL TOPPS: For aller første gong stod Karoline Simpson-Larsen på toppen av pallen i verdscupen.

Foto: Maxim Thore / Bildbyrån

For der ho trudde ho gjorde alt rett, så viste det seg at det ikkje var tilfellet.

– Ein er gjerne oppvakse med at ein skal ete veldig sunt, men det einaste eg var opptatt av var å gå fort på ski. Så eg gjorde alt det eg trudde var rett for å gå fort på ski, fortel ein openhjarta Simpson-Larsen.

– Å ete ekstremt sunt var det bildet eg hadde danna meg for å kunne ta innersvingen på konkurrentane mine. Så felte eg berre meg sjølv.

– Det var min feil

Eivind Arne Bjaaland hugsar også godt den ikkje godkjente helseattesten. Han var trenaren til Simpson-Larsen på det tidspunktet.

– Eg kan vel seie at det eigentleg var min feil. Det var i mangel av kunnskap. Mange knyter det til ein sjukdom, men det var jo ikkje det. Det var rett og slett for mykje energi som gjekk ut, kontra det ho fekk inn, forklarer Bjaaland til NRK.

Eivind Arne Bjaaland, trener for Team Elon SørVest

TRENAR: Eivind Arne Bjaaland trena Simpson-Larsen på regionlaget Team Elon Vest. I helga var han sjølv på skandinavisk cup i Östersund og fortel at dei nærast køyrde av vegen da dei på radio høyrde at Simpson-Larsen vann rennet i Davos.

Foto: Norges skiforbund

– Det var ein brutal lærdom for ho, og også for meg som trenar. Det var jo frykteleg. Verda hennar rann jo i grus, og det var vanskeleg for meg, fordi eg følte at ansvaret var mitt, seier Bjaaland.

Han kallar omstillinga til den tidlegare eleven sin «eksemplarisk»

– Ho har gjort denne jobben sjølv, og snudd ein situasjon som er håplaus til ei eventyrhistorie, seier Bjaaland, som trena Simpson-Larsen i fleire år på eit av Skiforbundets regionlag, før Simpson-Larsen gjekk over til eit privatlag før denne sesongen.

Gjorde det om til eit mattestykke

Vegen ut av problema var å gjere alt om til eit enkelt mattestykke, samtidig som Simpson-Larsen måtte endre vanar.

– I starten var det å trene mindre og ete meir. Balansere inntak og uttak. Eg har fått meir kunnskap om at kroppen treng meir energi enn eg trudde på det tidspunktet der, seier Simpson-Larsen.

Det høyrest ikkje ut som ei lett øving?

– Det tok tid å snu. Eg hadde mange uvanar på det tidspunktet, så det tok tid å snu dei. Det var hovudforskjellen.

yA8oVyVTU7Y

HUMPETE VEG TIL TOPPEN: 28 år gamle Karoline Simpson-Larsen har kjempa mange år for å lykkast i sporet. Her frå Lysebotn Opp i 2020.

Foto: Carina Johansen / NTB

Bjaaland fortel at det heile handla om å finne ut av kor mykje energi ho brukte på trening, for deretter å finne ut av kor mykje energi ho måtte få i seg.

– Det var jo det som kanskje var augeopnaren. Skulle ho få i seg nok næring måtte ho ha i seg 40 brødskiver eller noko sånt. Da begynte vi å kikke etter meir energirik mat. Berre det å byte ut brødskiver med ris gav ein energitettleik som var mykje større. Og godteri og sånne ting da, forklarer Bjaaland.

Simpson-Larsen og Bjervig Drivenes

RÅ SESONGSTART: Karoline Simpson-Larsen og Julie Bjervig Drivenes klemmer etter sigeren til førstnemnde søndag. Begge har for alvor vist seg fram denne sesongen.

Foto: Matthias Trinkl / Gepa Pictures/Bildbyrån

– Nå et eg godteri og is

Det var i tillegg noko anna som hjelpte Simpson-Larsen med å innsjå kor mykje, og kva ein faktisk kan ete.

– Eg var heldig med å vere på lag med mange gutar. Det trur eg har vore veldig positivt, for der handlar det berre om å kaste i seg alt mogleg. Kall det «søppelmat» eller drit. For min del hjelpte det mykje å sjå at her må eg berre prøve å gjere som dei, og sjå at det eg trudde var sunt ikkje nødvendigvis var sunt for ein toppidrettsutøvar, seier Simpson-Larsen.

Du har sett dei hive i seg mykje. Hjelpte det på hovudet ditt?

– Ja, absolutt.

– Det var nok ei stor hjelp, for du blir jo ofte forma av det miljøet du er ein del av. Når ho såg kor store mengder dei åt, så må det nok ha hjelpt, seier Bjaaland.

Så nå et du «søppelmat»? spør NRK Simpson-Larsen.

– Nå et eg godteri og is og det meste. Det var det ikkje så mykje av før.

Mcdonalds og?

– Innimellom! svarer 28-åringen og ler.

Er du redd for å få startnekt igjen?

– Ja. Det var ein brutal beskjed å få når ein ikkje er førebudd på det. Det var ikkje noko forvarsel. Eller, eg såg dei ikkje sjølv, sjølv om folk rundt meg mest sannsynleg såg det. Det trur eg at eg alltid vil vere litt redd for. Det vil alltid vere utanfor min kontroll, det er berre nokre andre som bestemmer.

Publisert 15.12.2025, kl. 09.11

Read Entire Article