Kolstad tildelt plass i Meisterligaen: – Utruleg deilig og viktig

1 week ago 25



Tysdag stadfestar det europeisk handballforbundet at Kolstad er eit av laga som blir oppgradert til å spele i Meisterligaen neste sesong.

– Dette er utruleg deilig og viktig, seier dagleg leiar i Kolstad handball, Jostein Sivertsen, om nyheita.

Med det blir Kolstad eit av 16 lag som skal delta i den gjævaste europeiske turneringa.

– Veldig viktig

Noreg er ikkje sikra ein plass i meisterligaen, men Kolstad fekk mogelegheita til å søke om plass etter at dei vann sluttspelet i Noreg.

Saman med fem andre lag blei Kolstad oppgradert og får med det delta i turneringa.

– Det er klart, vi har jo sett i gang ei satsing som er rigga for å spele i Champions League. Det er masse store profilar og dyktige handballspelarar.

Kolstad vann sluttspelet i Noreg sist sesong.

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sivertsen peiker på at klubben har tatt store steg dei siste åra.

– Vi håper jo å ta enda nye steg i år og kanskje kome oss vidare frå eit gruppespel.

– Så det er klart at å kome inn i det gode selskap igjen er kjempeviktig.

Sivertsen fortel at meisterligaspel gjer jobben med å fylle Trondheim spektrum enklare.

– Her veit vi at vi får topp, internasjonale motstandarar som kjem på besøk i Trondheim. Med målsettingane vi har på billettinntekter, gjer det jobben enklare å nå budsjettet.

En smilende daglig leder i Kolstad håndball, Jostein Sivertsen. Han kikker rett i kamera. Bak ham ser vi en vegg hvor vi blant annet kan lese ordene "Kolstad håndball". Det er også sponsormerker på veggen, Rema 1000 og Sinkaberg,

Dagleg leiar i Kolstad, Jostein Sivertsen, er svært glad for at Kolstad er sikra plass i Meisterligaen.

Foto: Bjarte Johannesen / Bjarte Johannesen / NRK

– Vi har litt meir rutine

Også Kolstad-spelar Simen Lyse var glad for beskjeden om at det blir meisterligaspel.

– Det er artig. Ein har jo vore litt nervøs for om vi skulle få det, men eg synest det hadde vore rart om vi ikkje hadde fått det.

– Eg er veldig glad og eg synest vi fortener det, seier Lyse.

Neste sesong blir Kolstad sin tredje sesong i Meisterligaen. Dei to førre åra har Europa-eventyra enda i gruppespelet.

– Målet må vere å kome oss vidare frå gruppespelet og inn i ein åttandedelsfinale. Kanskje også ein kvartfinale om alt klaffar, seier Lyse.

– Dette blir vårt tredje år, så vi har litt meir rutine.

Christian Berge

Neste sesong blir tredje gong Kolstad skal ut i Meisterligaen. Dei to andre forsøka har enda i gruppespelet.

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Dei 16 laga som får spele i Meisterligaen vil bli delt i to grupper.

I fjor fekk trønderane besøk av storlag som franske Paris Saint-Germain, spanske Barcelona og danske Aalborg.

Kven Kolstad møter i gruppespelet blir klart allereie på fredag.

Vi håper jo kanskje at vi ikkje får ei så tøff gruppe som i fjor der vi var underdogs i så å seie kvar einaste kamp, seier Lyse.

Samstundes som han ønsker ei overkommeleg trekning freistar det også å bryne seg mot dei største laga.

Han peiker på lag som portugisiske Sporting, franske PSG eller tyske Füchse Berlin.

– Det er dei største kampane med mest folk på tribunen. Det hadde vore veldig morosamt, seier Lyse.

Publisert 24.06.2025, kl. 11.18 Oppdatert 24.06.2025, kl. 12.51

Read Entire Article