Kokevarsel til 9000 på Stord

1 day ago 1



9000 abonnentar på Stord har fått varsel om å koke drikkevatnet.

Det skjer etter brot på hovudvasslinja i går kveld.

– Vatnet kan vere forureina. Ein skal koke vatn som skal nyttast til matlaging og drikke. Kok vatn til ny melding vert gitt, står det i meldinga frå Stord Vatn og Avløp.

Fleire butikkar har gått tom for vatn utan kolsyre, erfarer NRK.

Feilen på vasslinja er reparert.

Read Entire Article