Klima-Andreas verst i klassen: Tre prosent nynorsk

4 hours ago 1



Klimadepartementet ga heilt blaffen i nynorsk-kravet i fjor. Noregs Mållag vil gje dei bot.

 Gøran Bohlin / VGFÅR SKJENN: Klimaminister Andreas Bjelland Eriksen. Foto: Gøran Bohlin / VG
Oppdatert onsdag 3. juni kl. 12:55
  • Klimadepartementet brukte berre tre prosent nynorsk i fjor, langt under det lovpålagde kravet på 25 prosent.
  • Noregs Mållag krev bøter for ikkje å følgje Språklova.
  • Dep.råd Tom Rådahl lovar at departementet skjerpar seg med nye rutinar.
  • Energidepartementet oppnådde 50 prosent - og var beste nynorskbrukar i regjerings-klassen i 2025.

Tre prosent nynorsk. Det er eit stykke opp til det lovfesta kravet på 25 prosent. Og enno lenger opp til bjøllesauen Energidepartementet på 50 prosent nynorsk.

– Dette er jo kjempeflautt for klimaminister Bjelland Eriksen. Han skal kutte klimagassar, ikkje nynorsken, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge til VG.

14 prosent i snitt

Han er slett ikkje nøgd med at nynorsk-bruken nærmast stuper i regjeringa sine departement.

Medan snittet i 2024 var på 22 prosent, enda det på 14 prosent i 2025, ifølge NRK som skreiv om nynorskbruken først.

Klima- og miljødepartementet legg seg flat som ei svele.

 Hanna Johre / VGSVELE: Døme på svele. I ferd med å bli eten opp av Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen på Bastøyferja ved eit tidlegare høve. Foto: Hanna Johre / VG

– Ja, tre prosent nynorsk er altfor lågt, skriv departementsråd Tom Rådahl i ein e-post.

Han understrekar at det skal bli betring.

Men Mållaget vil ha bot.

– Mållaget ynskjer at språklova får sanksjonar, til dømes bøter og trekk i løyvingar. Det må svi å vere lovbrytar, forlangar Lofnes Hauge.

 Thomas Brun / NTBMÅLMANN: Peder Lofnes Hauge er leiar i Noregs Mållag. Foto: Thomas Brun / NTB

Hen seier rett ut:

– Bjelland Eriksen er ein av fleire lovbrytarar i regjeringa som bør be statsministeren om orsaking for å skjemme han ut. Dette er ikkje godt nok, skjenner sjefen i Mållaget.

Skal skjerpe seg

Rådahl, som er den øvste administrative leiaren i Klimadepartementet, skriv til VG på nynorsk:

– Vi har no fått på plass rutinar som skal sikre at minst 25 prosent av publikasjonane våre blir skrivne på nynorsk.

 Helge Mikalsen / VGPÅ VERSTINGLISTA: Statsrådane Cecilie Myrseth og Jan Christian Vestre. Foto: Helge Mikalsen / VG

Dei andre lovbrytarane som ikkje etterlever Språklova, er:

  • Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (16 prosent nynorsk).
  • Landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen (16 prosent).
  • Barne- og familieminister Lene Vågslid (15 prosent).
  • Finansminister Jens Stoltenberg (11 prosent).
  • Justisminister Astrid Aas-Hansen (9 prosent).
  • Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (8 prosent).
  • Næringsminister Cecilie Myrseth og fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss (5 prosent).
  • Utanriksminister Espen Barth Eide og utviklingsminister Åsmund Aukrust (4 prosent).

Lofnes Hauge i Mållaget nektar å tru at ein ellers oppegåande statsråd er ute av stand til å meistre eit språk alle skuleelevar i Noreg får opplæring i.

Han mistenkjer at det handlar om uvilje.

 Naina Helén Jåma / VGI BETRING: Departementsråd Tom Rådahl i Klima- og miljødepartementet. Foto: Naina Helén Jåma / VG

Klimadepartementet sin dep.råd Rådahl har ei anna forklaring:

– Klima- og miljødepartementet hadde tidlegare faste publikasjonar som alltid blei skrivne på nynorsk, noko som sikra at vi nådde det lovpålagde kravet. Det har vi no gått bort frå. I fjor endra vi desse rutinane. I samband med endringa nådde vi dessverre ikkje kravet om 25 prosent nynorsk, skriv Rådahl i si forklaring.

Men ting har skjedd. Mikroandelen frå 2025 nærmar seg eit nynorskløft.

 Helge Mikalsen / VGNYNORSK-KONGEN: Ministeren for straum, Noregspris, olje og gass, Terje Aasland tronar på nynorsktoppen i regjeringa. Foto: Helge Mikalsen / VG

– Så langt i 2026 har Klima- og miljødepartementet, etter ei manuell teljing, publisert 24 prosent av publikasjonane våre på nynorsk. Vi har òg eigne rutinar som skal sikre at nyheiter, pressemeldingar og stillingsutlysingar oppfyller kravet om 25 prosent nynorsk, og her nådde vi vårt interne mål i fjor, nyanserer han.

Viktig at departementa etterlever språklova om 25 prosent nynorsk?

aJa, dei har eit spesielt ansvar for å følgje lova - so lenge vi har to skriftspråk.bNei, for eg tykkjer det er ei tullelov.

– Har de ikkje teke 25 prosent-kravet på alvor?

– Bokmål og nynorsk er likestilte skriftspråk. Som offentleg organ har vi plikt og ansvar for å bruke begge målformene. Men i fjor gjorde vi ein for dårleg jobb, og det har vi teke konsekvensane av. I år skal vi ha ein nynorskprosent på 25 prosent, og så langt ligg vi an til å klare det.

PS

Den flinkaste eleven i regjeringa sin «nynorsk-klasse» er energiminister Terje Aasland. I hans departement vart halvparten av tekstane skrivne på nynorsk i 2025.

Nynorsk-eliten

  • Energiminister Terje Aasland (50 prosent nynorsk)
  • Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (38 prosent)
  • Arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng (36 prosent)
  • Statsminister Jonas Gahr Støre (32 prosent)
  • Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (27 prosent)
  • Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og forskingsminister Sigrun Aasland (25 prosent)

(Kjelde: Språkrådet)

Les også: Damene frå Fjærland viser naturen slik den er

Les også: Harry viser nesten alt

Read Entire Article