Klar melding frå TV-profilen: – Skjønar ikkje kvifor folk kjøper sykkel til 150.000

1 hour ago 2



– Eg skjønar ikkje kvifor folk kjøper sykkel til 150.000, når dei kunne brukt nokre tusen på eit svømmekurs og lært seg å svømme betre.

Det fløymer over av emneknaggane #swim og #swimming på TikTok. I bassenget på Røa i Oslo viser tidlegare svømmar Grunde Myhrer nokre enkle teknikkøvingar.

Han meiner mange triatletar bruker altfor mykje pengar på utstyr, mens dei gløymer det som faktisk kan spare dei for tid og krefter: svømmeteknikk.

Skjermdump fra TikTok

Foto: Skjermdump fra TikTok

Myhrer har sjølv fått opp videoar av svømmeteknikk i TikTok-feeden den siste tida. Ifølge tal frå UrleBird er det kanskje ikkje så rart. #Swim skal ha blitt sett over 28 milliardar gonger.

Fascinerande prioriteringar

Som svømmar synest Myhrer det er fascinerande å sjå prioriteringane folk gjer.

– God svømmeteknikk handlar ikkje berre om å bli raskare, men også om å spare energi, seier han.

Han trur mange lèt seg fascinere av videoane fordi god svømming ser så enkelt ut.

Grunde Myhrer viser frem svømmeteknikk på Røabadet.

Svømmedelen i triatlon er ein stad du kan øydelegge løpet ditt og kaste bort mykje krefter, meiner Myhrer.

Foto: Johanna Hauge / NRK

– Det ser ut som ein berre glir gjennom vatnet utan å bruke ein kalori. Særleg i svømming er forskjellen mellom ein mosjonist og ein god svømmar enormt stor.

Grunde Myhrer går i land i Eidfjord under Norseman

Grunde Myhrer i Eidfjord under Norseman triatlon.

Foto: Privat / Lars Erik Blenne

Få tilbod for vaksne

Norges Svømmeforbund meiner veksten av triatlon dei siste åra har gjort at interessa for svømmeteknikk har eksplodert.

– Svømming er ein av dei mest teknisk krevjande idrettane som finst. Det gjer det ekstra utfordrande for vaksne som startar med triatlon, seier Erlend Alstad, anleggskonsulent i Norges Svømmeforbund.

en mann med bart og skjegg foran en plakat

Erlend Alstad i Norges Svømmeforbund seier ein kan spare mellom ein halvtime og ein time på ein full Ironman-distanse om ein er god til å svømme.

Foto: Johanna Hauge / NRK

Svømmeforbundet har også lagt merke til at videoar av svømmeteknikk har millionar av avspelingar på YouTube.

– Mange som begynner med triatlon, har aldri hatt svømming som barneidrett. Løping og sykling er lett å ta opp igjen, men vatn er eit heilt anna medium, seier Alstad.

Han seier det finst få stader der vaksne kan få god instruksjon i svømming.

– Nokre klubbar tilbyr kurs, men dei fleste vaksne er overlatne til å trene aleine i opningstida. Mangel på bassengkapasitet gjer også at dei organiserte tilboda ofte er reserverte for dei som allereie er på eit visst nivå, seier han.

Trur videoane kan redde liv

Myhrer meiner mykje av norsk svømmeopplæring heng att i fortida – og at langt fleire kunne redda livet sitt om dei lærte crawl i staden for brystsvømming.

Han samanliknar svømmevideoane på TikTok med videoar av hjarte-lunge-redning.

– Det er litt den same logikken. Jo meir folk ser, jo meir bevisst blir dei.

Grunde Myhrer i svømmehallen

«Når folk ser videoar og prøver litt sjølv, kan det faktisk bidra til at dei blir tryggare i vatn. Eg trur det er heilt reelt kan redde liv.»

Grunde Myhrer

Foto: Johanna Hauge / NRK

Foto: Johanna Hauge / NRK

Myhrer håpar fleire får auga opp for kor givande og viktig det er å lære rett teknikk – uansett alder.

– Lykke til med å prøve å svømme bryst om du hamnar i sjøen med bølger. Det går ikkje i lengda. Crawl er langt mindre utmattande, og er faktisk den sikraste svømmearten viss uhellet først er ute og du må svømme langt, seier han.

Grunde Myhrer i svømmehallen

– Vi svømmarar svømmer ikkje for å halde oss flytande. Vi flyt først og bruker svømminga for framdrift, seier Myhrer, som i dag er svømmeambassadør for Redningsselskapet.

Foto: Johanna Hauge / NRK

Kor god er du til å svømme?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Publisert 27.11.2025, kl. 17.41

Read Entire Article