Det starta med ein husmannsplass som blei bytta bort for småpengar til ein engelsk lord med laksefeber. Nå har etterkommarane lagt 10 millionar kroner på bordet for å hente eigedommen heim.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 10 minutter siden
– Mange vil nok seie at det er galskap. Og me veit jo at pengane fyk fort, mens inntektene lar vente på seg.
Sverre Underbakke (67) humrar. Saman med sonen Otto (31) har han akkurat overteke nøklane.
Det var presist klokka tolv 12. desember at lakseslottet Lindum skifta eigarskap.
Prislappen var 10 millionar kroner – to millionar under prisantyding.
Men dei nye eigarane er tydelege på at kjøpesummen berre er inngangsbilletten. Dei reknar med at påkostnadene minst vil matche kjøpet.
– Klarer me å stoppe der, er me nøgde.
Historisk sirkel slutta
Det er nesten så ein kan høyre suset frå 1885 i dei gamle veggane.
Då Lord Sibthorp, med den engelske adelens handlekraft, bestemte seg for å byggje eit lakseslott ved Suldalslågen, gjekk det unna.
På bare tre månader reiste trebygningen seg – eit monument over ei tid med lange kjolar og lysande kandelabrar.
For far og son er overtakinga meir enn ein eigedomshandel.
– Me er «tilbake» på den husmannsplassen kor tippoldefar min budde, men som han bytta bort til den engelske lorden, fortel Sverre Underbakke.
Husmannen fekk ein annan bustad i bytte, og eit økonomisk oppgjer med 30 kroner i året i tillegg.
At etterkomarane nå kjøper godset tilbake, markerer at ein historisk sirkel er slutta.
Sverre Underbakke har alltid visst at slekta kom frå dette området. Men detaljane var uklare.
– Det var først då me hadde kjøpt, at det var ein som skreiv i ein kommentar på Facebook at det var akkurat her tippoldefar min hadde husmannsplass.
– Det er ganske fantastisk, sjølv om me ikkje visste det før etterpå.
Eigentleg var det tilfelle som førte far og son til Lindum.
Otto, som til dagleg flyr helikopter, var på jakt etter ein roleg base når han ikkje er i lufta.
Han hadde vore og sett på Juvåsen lenger nede ved elva.
Det er også eit gammalt lakseslott med 90 mål og eit gammalt murbygg. Men denne eigedomen var vanskeleg å rekne heim og skape business.
Då blikket fall på Lindum, såg reknestykket litt annleis ut. Familien driv allereie hotell på Sand, og Lindum passa godt inn i porteføljen.
Eigedommen på 63 mål har 350 meter eige strekk langs Suldalslågen og omfattar lakseslottet, ei hotellfløy med 24 dobbelrom, campingplass med servicebygg, seks hytter og 60 bubilplassar.
Campingen har allereie ei omsetning på halvannan million og skal drivast vidare.
Hotellfløya kan raskt takast i bruk, og dei ser potensial for arrangement som bryllaup, konsertar, konferansar og servering – slik eigedomen også har vore brukt tidlegare.
– Målet er å få lys i vindauga og liv i slottet igjen.
– Det blir inga gullgruve, men me trur det er mogleg å få dette til å bere seg over tid.
Dei kjøpte eigedommen av lege og eigedomsutviklar Rune Dramsdahl frå Haugesund, som har styrt Lindum i over 20 år.
– Nå er det vår tid til å få Lindum i bruk og tilbake til stordomstida med lys og liv i bygget.
Dei nye eigarane ser forbi flassande måling og mosegrodde takstein.
– Det er ein helt spesiell eigedom. Folk har eit forhold til denne staden, seier Sverre, som har merka at mange set pris på at lokale krefter tar over roret.
Arbeidet med å redde låven og skifte tak på hovudhuset står øvst på lista. Dei har henta inn pris på dette arbeidet.
Otto jobbar turnus med 14 dagar i helikopteret og 14 dagar fri. No skal friperiodane brukast på Lindum. Han har allereie hatt si første natt på slottet.
– Mykje godt arbeid er i vente, men det er kjekt. Dette er jo ei perle som treng litt hjelp til å skinna etter mange år med forfall.
Dei har erfaring med å redde gamle bygg før. Eit sjøhus på Sand som stod til forfall er gjort om til pub og selskapslokale.
No er dei klare for ein ny runde.
Og kven skal stå i stige med målarkost?
– Det er godt det er dei unge som skal gjere jobben.
Publisert:
Publisert: 31. desember 2025 07:56

4 hours ago
2











English (US)