Kjetil har brukt over 200.000 kroner på Manchester United

1 month ago 18



– Det er vel den lykkerusen du får, når det går den vegen du vil, seier Kjetil Reianes.

Han er ihuga supporter av Manchester United. I kjellaren på Rennesøy har han dekt veggane med banner, drakter og skilt med logoen til det engelske fotballaget.

Men det har kosta.

Han har brukt så mykje pengar på å heidre klubben at han blir kvalm av å tenke på det.

– På berre drakter så har eg vel brukt over 100 000 kroner, fortel han.

Kjetil Reianes i fotballkjellaren

– Det er skremmande å tenke på kor mykje ein bruker når ein set det opp i budsjett. Ein skjemmest jo av det.

Kjetil Reianes

Fotballsupporter

Det har også blitt fleire turar til Old Trafford for å sjå laget i aksjon. For billetten må han som regel ut med minst ein tusenlapp. I tillegg kjem fly og hotell.

Han har også abonnent på strøymetenesta, som gir han høve til å sjå alle kampane heime. Det kostar 9000 kroner i året.

Han meiner prisen for å vera fotballsupporter nå har blitt for høg.

– Det er så græla dyrt, seier Reianes.

Kjetil Reianes i fotballkjelleren

Denne drakta kostar omkring 5000 kroner, seier Reianes.

Foto: Philip Kollstrøm / NRK

– Ikkje lenger ein middelklassesport

– Premier League er nesten håplaust, seier leiar for supporterunionen for britisk fotball, Ray Tørnkvist.

– Det har blitt ein middelklassesport, det er ikkje lenger ein sport for arbeidarklassen.

Han har vore fotballsupporter lenge. I 1981 fekk han plassar under Europacupen for 7 kroner.

Ray Tørnkvist er lidenskapeleg oppteken av fotball.

Leiar for supporterunionen for britisk fotball Ray Tørnkvist er lidenskapeleg opptatt av fotball. Han påpeikar at trass i dei høge prisane elskar han framleis engelsk fotball.

Foto: Privat

– Nå kostar det over 100 pund.

Men det er fleire døme på stive prisar i Premier League.

– Eit sesongkort kostar minst 15 000 kroner og dei er det mange års ventetid på. Korta som er moglege å få tak i kostar over 30 000 kroner, fortel supporterleiaren.

Ein kan få billigare billettar ved å dra på fellesturar gjennom supporterklubbane, men da må ein også betale for medlemskap i klubben.

Ei ny fotballtrøye kostar over 1000 kroner. Skal du til dømes sikre deg ei drakt som er lik draktene spilleirane bruker på banen må du ut med over 1700 kroner. Og om du både skal ha den årlege heime- og borte drakta, kan du doble den prisen med to.

Bilde av signerte Manchester United-trøyer

Philip Kollstrøm

Manchester United

Kostnader for å vera Manchester United-supporter:

  • Den autentiske heimedrakta til Manchester United kostar 143 euro eller 1 710 kroner.
  • Om du skal ha drakta med spelarnamn blir det 2.140 kroner.
Martin Ødegaard spiller for Arsenal.

Reuters

Arsenal

Kostnadar for å vera Arsenal-supporter:

  • Den autentiske heimedrakta til Arsenal kostar 1.800 kroner.
  • Om du skal ha drakta med spelarnamn blir det 2.059 kroner.
Fotballdrakter for Liverpool

Reuters

Liverpool

Kostnadar for å vera Liverpool-supporter:

  • Den autentiske heimedrakta til Liverpool koster 125 euro eller 1.494 kroner.
  • Om du skal ha drakta med spelarnamn blir det 1.685 kroner.
Tre Viking-spillere på stadion, de smiler og er glade.

Carina Johansen / NTB

Norske drakter er rimelegare

  • Viking sine drakter kostar 800 kroner, og med trykk blir dette til saman ein tusenlapp.
  • Bodø/Glimt sine supporterar må betale 1.049 kroner, og med trykk blir dette 1. 373 kroner.

Kilde:

Prisene er hentet fra klubbene sine egne nettbutikker.

Til samanlikne kostar ei fotballtrøye frå eit norsk lag lågt under 1500 kroner.

– Går spesielt ut over barnefamiliane

Ifølge Tørnkvist har prisane til ligaen blitt håplause for mange og det påverkar aller mest barnefamiliane.

– Draktene, utstyret og alt anna har blitt såpass dyrt at det ikkje er ei bruksvare lengre, men heller ei finare gåve.

– Nå må barna ønske seg ei ny fotballdrakt, i staden for nye slalåmstøvlar.

Han rettar fingeren mot dei høge spelarutbetalingane, som syndebukk for dei auka prisane.

– Det er marknaden som styrer. Vi meiner jo at det burde vore mykje billigare. Supporterane kan gjere førespurnader, men med lønningane og sånn så blir det vanskeleg.

Rimelegare i Noreg

Heldigvis er ikkje prisane like høge i norsk fotball.

Ifølge Norsk supporter allianse (NSA) er det viktig at prisane er rimelege, slik at både dei som er tilreisande, men også nøytrale gidd å komme.

– Av og til er prisane i overkant høge, fortel styreleiar i NSA, Anders Kjellevold.

Anders Kjellevold, Styreleder i Norsk supporterallianse.

Anders Kjellevold, Styreleiar i Norsk supporterallianse.

Foto: privat

Men norske klubbar er ofte flinke til å prise seg rimeleg, legg han til.

I Noreg kan eit sesongkort koste mellom 2000 til 3000 kroner.

– Du blir sjeldan prisa ut. Generelt oppfordrar vi klubbane om å ha nedprisa billettar for ungar slik at ein kan halde oppe rekrutteringa. Det er vi gode på i norsk fotball.

Må avgrense seg

Kjetil Reianes brenn for engelsk fotball, men til og med han har måtta avgrense seg.

– Eg kan ikkje lenger kjøpe både av den årlege heime- og bortedrakta. Nå må eg halde meg til ei av dei, seier han.

Kjetil Reianes i fotballkjelleren

Dette er hobbyen hans.

Foto: Philip Kollstrøm / NRK

Om få veker skal han til England igjen for å sjå Manchester United spele i «Community Shield».

– Billettane kosta 750 kroner, men med fly og hotell blir det skamdyrt.

Har du noen gode tips?

Heisann! Takk for at du har lest helt hit. Du kan lese litt til, men om du sitter inne med noen gode tanker eller tips så gjerne ta kontakt. 

Publisert 12.08.2024, kl. 16.07

Read Entire Article