Kjempar for myra i hyttekommunen – møter motstand

1 month ago 24



– Dette er døme på eit område eg meiner vi skulle hatt forbod mot å bygge på.

Det seier One Enerud (SV), varaordførar i Øystre Slidre kommune i Innlandet.

Nokre hundre meter nedanfor Beitostølen sentrum vedtok lokalpolitikarane i ei av dei større hyttekommunane i landet for nokre år sidan å bygge eit nytt hyttefelt.

Nytt hyttefelt på Beitostølen, Tindelia

Varaordføraren i Øystre Slidre vil ha slutt på bygging i myr. Det gjeld både hytter og infrastruktur som til dømes veg, straum, vatn og avløp.

Foto: Frode Meskau / NRK

Det er no i ferd med å reise seg. Her kan det byggast opp mot 170 fritidsbustader.

Under snøen er deler av terrenget myr.

Slik utbygging vil Enerud ha slutt på. Ho vil verken ha hytter eller infrastruktur som veg, vatn og avløp i myr.

– Vi må behalde myra slik den er, seier varaordføraren.

Foreslo å gjere det forbode

Difor foreslo ho å gjere det forbode å bygge i myra.

Eit enkelt forslag å få gjennom i kommunestyret i ei av dei større hyttekommunane i landet, trudde ho.

– At vi skulle bli nedstemt på å forby bygging i myr hadde eg ikkje forventa, seier ho.

One Enerud, varaordfører (SV), Øystre Slidre kommune

Om ein ikkje har eit forbod, så tek ein seg lettare til rette, meiner varaordførar i Øystre Slidre kommune, One Enerud (SV).

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Men, i hyttekommunen i Valdres, ville berre 5 av dei i alt 23 politikarane gjere det forbode.

– Men så blir eg jo likevel ikkje så overraska. Vi er litt redde for å ta upopulære val.

– Øystre Slidre er ei fantastisk vakker hyttekommune. Vi har rein naturglede som slagord. Då er vi nøydde til å ta vare på naturen, seier Enerud.

No håpar ho på draghjelp frå høgare hald.

Vurderer nasjonalt forbod

I desember la Miljødirektoratet fram eit forslag om å verne myra og stanse all nedbygging av myr.

Forslaget gjeld i underkant av 30 000 kvadratkilometer. Det svarar til om lag 9 prosent av arealet i Noreg.

Hytter på Beitostølen

I dag er det nesten ein halv million hytter i Noreg. 3600 av dei ligg i Øystre Slidre kommune i Innlandet som huser destinasjonen Beitostølen.

Foto: Frode Meskau / NRK

No er forslaget til vurdering i departementet.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap), meiner det er realistisk å innføre eit forbod mot å bygge i myr.

– Men vi må vurdere nøye korleis vi formar forbodet. Vi må finne ei god balanse mellom det å ta vare på mest mogleg myr, samstundes som vi også tek omsyn til andre viktige samfunnsomsyn og andre verdifulle areal.

Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

– Natur er ein knapp ressurs vi må behandle forsiktig, også i Noreg. Difor bør ein fortette allereie utbygde område før ein bygger ned nye område, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) er klima- og miljøminister.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Før ei ny lov eventuelt blir fremma på Stortinget, må saka ut på høyring.

– Den beskjeden vi no gir til kommunane om at fritidsbustader ikkje bør plasserast på myr, er viktig inntil Stortinget eventuelt vedtek eit forbod mot å bygge på myr.

I mellomtida oppmodar klima- og miljøministeren kommunane til å ta omsyn til myr.

– Plan- og bygningslova gir kommunane verktøy til å unngå nedbygging i myr, og eg heier på kommunar som vil bruke desse.

– Kommunane kan og bør ta omsyn til myr når dei vedtek sine arealplanar, så dei ikkje er avhengig av eit nasjonalt forbod for å ta vare på myr.

Skal ikkje bygge på myra, men..

Men å skulle lage eit lokalt forbod mot bygging i myr, slik Enerud vil ha, meiner ordføraren i kommunen som mellom anna huser destinasjonen Beitostølen, Bjarne Budal (Ap), hadde vore feil.

Han er einig i at ein skal ta vare på myra, men likevel vil han halde døra på gløtt for bygging.

Han meiner eit lokalt forbod er feil veg å gå.

– Det ville gitt Øystre Slidre kommune veldig krevjande rammer for å utvikle hyttelivet og reiselivet, seier Budal.

Bjarne Budal, ordførar Øystre Slidre kommune

Bjarne Budal (Ap) er ordførar i Øystre Slidre kommune. Han meiner eit forbod mot å bygge i myr, er feil veg å gå.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Han meiner dei er tydelege på at dei skal unngå å bygge nye hytter i myr i kommunen hans.

– Men vi har sagt at vi skal sjå på moglegheita til at samfunnskritisk infrastruktur kan gå.

Med det meiner han til dømes straum, vatn og avløp til hyttene.

Det er lagt opp og gjort klart for mange nye hytter i det nye hyttefeltet nedanfor Beitostølen sentrum.

FOTO: FRODE MESKAU / NRK

Trass i at han ikkje vil ha eit lokalt forbod, er han open for ei nasjonal forskrift.

– Det vil gjere det tydeleg korleis ein skal utvikle både hyttebygging og annan type infrastruktur.

– Vi treng meir overordna retningar slik at alle har dei same rammevilkåra, seier Budal.

Treng tydlegare rammer

Mange saker som blir avgjort i kommunestyre rundt om i landet, har verdi langt utanfor kommunegrensene.

Saker om utbygging i myr er eit døme på dette.

Om ein grev i myra, blir store mengder klimagassar slept ut.

Nytt hyttefelt på Beitostølen

Miljødirektoratet foreslår å gjere det forbode å bygge i myr. I forslaget blir det opna for å kunne gi dispensasjon til tiltak som gjeld vesentlege samfunnsinteresser.

Foto: Frode Meskau / NRK

Gro Sandskjær Hanssen er forskar ved Oslo Met og professor ved NMBU.

Ho er også medlem i Klimautvalet 2050 som i fjor la fram ein rapport der det vart problematisert at kommunane har for mykje innverknad og at naturen blir bygd ned raskt.

Ho meiner kommunane treng tydlegare rammer i arealforvaltninga.

Gro Sandkjær Hanssen

Gro Sandskjær Hanssen er forskar ved Oslo Met og professor ved NMBU.

Foto: Tom Balgaard / NRK

I Noreg er arealforvaltninga desentralisert og kommunane har mykje makt over arealbruken. I mange andre land ligg denne makta på høgare nivå enn i kommunen.

I rapporten seier Klimautvalet at ein bør sjå på ein annan måte å organisere arealforvaltninga.

– Ikkje overstyre kommunane eller ta frå dei ansvaret, men at dei skal ta avgjersler innanfor tydelegare og sterkare nasjonale rammer, seier forskaren.

Hyttebygging

Hyttebygginga har bremsa opp. No vil nokre gjere det forbode å bygge i myr.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Å sette klarare rettslege grenser for kva dei kan gjere med naturen dei forvaltar, slik som til dømes eit forbod mot å bygge i myr, er grep ho meiner ein kan gjere.

– Etter Stortinget sitt anmodningsvedtak blir det no jobba med å forby nedbygging av myr. Det er slik rettsleg beskrankning, som det heiter, som vi treng meir av, også for andre naturtypar, seier Hanssen.

Hei!

Har du tankar om saka du har lese? Eller har du tips til andre saker eg bør sjå på? Send meg gjerne ein e-post!

SJÅ OGSÅ:

På Flisa i Innlandet blir det jobba med å redde naturens svamp, nemleg myra.

Publisert 01.04.2024, kl. 20.02

Read Entire Article