Kjempar for å få dommen oppheva

20 hours ago 5



Saken oppsummert

  • Foreldre og storebror er dømt for grove overgrep mot familiens yngste barn.
  • Gulating lagmannsrett beskriver oppveksten som et «overgrepsregime» med hensynsløse foreldre.
  • Alle de dømte har nå formelt anket dommen, og håper Høyesterett vil oppheve den. Det kan bety ny behandling i lagmannsretten.
  • Det er påstander om at barna har fått falske minner påvirket av omfattende samtaler med ansatte i barnevernet.

Oppsummeringen er laget med kunstig intelligens (KI) fra OpenAI. Innholdet er kvalitetssikret av TV 2s journalister.

– Åtte år av livet mitt øydelagd av overgrep, har den no tolv år gamle jenta skrive i dagboka si.

– Hadde eg budd heime eitt halv år til, hadde eg ikkje overlevd, fortalde den 17 år gamle guten til politiet undervegs i ankesaka i fjor haust.

No i februar vart foreldra og storebroren deira dømd for å ha grovt valdteke dei gjennom fleire år

 Frode Hoff / TV 2

Sjokk og vantru etter dom: – Har mista trua på rettssystemet

– Omsynslaust

Gulating lagmannsrett slo fast at barna har vakse opp i eit «overgrepsregime», der far og mor har opptredd «heilt omsynslaust» og sett «eigne behov framføre barna sitt ve og vel».

I same ankesak vart ein nabomann på ny dømd for å ha valdteke den same jenta og sin eigen son i nabolaget i Ullensvang kommune i Vestland.



- Jente (11) og gut (16), som er barna til foreldreparet og søskena til den tiltalte storebroren

- Gut (10), sonen til nabomannen

Nabomannen er også tiltalt for grove overgrep mot dattera til foreldreparet.

Dei tiltalte risikerer alle 21 års fengsel, men nektar straffskuld og seier overgrepa aldri har skjedd.

Forsvararane meiner det kan vera snakk om falske minner og/eller systemsvikt i barnevernet og politiet slik at barna har blitt påverka til å fortelje om overgrepshandlingane. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

«Så massivt, grovt og alvorlig at det er vanskelig å sette ord på det»

Som betyr at domstolen meiner jenta har blitt utsett for fire vaksne overgriparar før ho var fylt ti år.

Usemje i dommen mot mor og storebror

Den omfattande dommen frå Gulating lagmannsrett var samrøystes for nabomannen og trebarnsfaren. Éin meddommar tok derimot dissens når det gjaldt mora og storebroren.

Barna sine eigne forklaringar låg særleg til grunn for fleirtalets dom. I tillegg til det som blir sagt av barna, viser dei også til kroppspråket deira og korleis dei teikna og forklarte overgrep.

– Saman med bevistilgangen elles, viser dette med sikkerheit at handlingane dei skildrar er sjølvopplevde, samanfattar fleirtalet.

Mindretalet på ein dommar meiner det er nok tvil om mora og storebroren si skuld at frifinnande dom burde vore avsagt.

«Mindretallet vil særlig fremholde at (navn på lillebror) trakk tilbake sin forklaring om mor, og at hans forklaring om storebror først kom frem meget sent under etterforskningen. Begge disse sider ved hans forklaringer, svekker forklaringenes bevisverdi», meiner meddommaren.

Han kan heller ikkje utelukke at barnevernet si rolle i saka har påverka innhaldet av særleg veslebroren sine forklaringar.

Dette kan skje no

Overgrepssaka er skildra som ei av dei verste i nyare tid i Noreg. Rettspraksis har vore vanskeleg å finna for domstolen, men Alvdal-saka har vore nemnd.

Men i rettssakene har også det lokale barnevernet og politiet fått det glatte lag av både forsvararar og ein rettsoppnemnd vitnepsykolog.

Harde skuldingar om at barna er blitt påverka, og vidare fått falske minner om overgrep, har hagla. 

Slaktar samtalane barnevernet hadde med barna: – Eigna til å påverka

Mangel på kontradiksjon har også vore sentralt. Altså at tiltalte ikkje har fått imøtegå skuldingane som har kome i tilrettelagde avhøyr av barna.

Alle dei fire dømde har no anka lagmannsrettens dom. Fristen gjekk ut fredag 14.mars.

I første omgang er håpet at Høgsterett sitt ankeutval skal vurdere sakene dit at dommen, eller deler av den, blir oppheva.

Det kan altså resultere i ein heilt ny behandling i lagmannsretten.

Nektar plent for overgrep

Advokatane Ingvill Gjerstad og Alexander Sele forsvarar den dømde storebroren. 

Tingretten meinte han vart tvinga til overgrep av foreldra. I lagmannsretten sin dom har han fått ein langt meir aktiv rolle. 

Dei meiner det er haldepunkt for at han fekk pengar av foreldra for å delta i det seksuelle misbruket av søskena.

– Vår klient reagerer på at fleire punkt frå bevisføringa blir ståande uforklart. Han meiner bevisvurderinga framstår samanblanda med dei andre tiltalte og manglar ein individuell vurdering for hans del, seier Gjerstad til TV 2.

 Robert Reinlund / TV 2
FORSVARAR FOR STOREBROR: Advokatane Alexander Sele og Ingvill Gjerstad. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Håpar på oppheving

Tidleg i etterforskinga vart storebroren omtala som eit «offer» av søskena sine. Han vart først «snakka inn» i saka av veslebroren sin etter at både far og mor var tiltalt.

Tidlegare har han omtala sin far som eit monster og trudde først på skuldingane om fysiske overgrep. Men då også mora vart innblanda i forklaringane, byrja han å tvile på det søskena fortalde.

No er han dømd til ni års fengsel og reagerte svært sterkt på det under opplesinga i Gulating i februar.

Forsvarar Gjerstad viser til ei fersk avgjerd i Høgsterett. Ein dom i ein sovevoldtektssak vart oppheva grunna «mangelfull begrunnelse» frå lagmannsretten. 

No håpar storebroren det same kan skje i hans tilfelle.

– Høgsterett viser der til at domsgrunnane er mangelfulle når fornærma si forklaring ikkje blir heldt opp mot andre sentrale bevis i saka. I denne saka meiner vår klient at fleire element frå bevisføringa ikkje er drøfta inngåande i dommen mot han, forklarar Gjerstad.

 Frode Hoff / TV 2
FORSVARAR FAR: Advokatfullmektig Helene Hjelmås og advokat Jan Henrik Høines på veg inn til domsavsigelsen i Ullensvang-saka. Foto: Frode Hoff / TV 2

Meiner barna har fått falske minner

Den dømde trebarnsfaren i saka fekk forvaring av tingretten, men vart dømd til 20 års fengsel av lagmannsretten.

No har han anka lagmannsrettens dom av fleire grunnar.

– Vår klient har anka både på lovanvendelse og på saksbehandlingsfeil. Me har skrive eit omfattande støtteskriv til anken og ganske mykje av det er knytt til manglande kontradiksjon, seier forsvarar Jan Henrik Høines til TV 2.

Slik forklarte trebarnsfaren det spesielle funnet i senga til dottera: – Ville unngå søl

Faren meiner barna hans er blitt såpass påverka av barnevernet at dei har fått falske minner om overgrep utført av han, mor og storebror.

Han har vore i varetekt heilt sidan juli 2021. Ein av tinga han har reagert på er at det skal ha gått over 190 dagar frå det første tilrettelagde avhøyret og til han fekk moglegheit for å kome med motspørsmål.

– Er det saksbehandlingsfeil som kan tenkast å ha verka inn på utfallet, så skal det føre til at lagmannsretten sin blir oppheva. Det er min klients påstand, seier Høines.

– Eit mareritt

Også mora og naboen har levert anke over lagmannsrettens dom. 

Mora sin forsvarar, Astrid Aksnes, seier til TV 2 at også dei mellom anna ankar på mangelfull grunngjeving.

– Og lovanvendelsen knytta til bevisdømminga. At dei har sett beviskravet for lågt, seier Aksnes.

– Han lever framleis i eit mareritt som han opplever aldri tek slutt. Han er svært sliten av å ha stått i denne belastninga over mange år, seier nabomannens forsvarar Kai-Inge Gavle.

 Silje Tangen Kinserdal / TV 2
FORSVARAR FOR NABOMANNEN: Kai-Inge Gavle i Gulating lagmannsrett. Foto: Silje Tangen Kinserdal / TV 2

Også hans klient meiner lagmannsretten har dømd han på mangelfulle domsgrunnar.

– I støtteskrivet forsøker vi å vise at dommen inneheld uriktige attgjevingar frå barna sine forklaringar på svært sentrale punkt. Vidare saknar vi retten sine vurderingar av det vi meiner er viktige bevis. Nokre vurderingar er også uklare, seier Gavle.

Svar kjem truleg i vår

Statsadvokat Ellen Cathrine Greve seier til TV 2 at ho har varsla motanke mot faren som fekk 20 års fengsel. 

Det vil seie at om han får sin anke om straffutmålinga sleppt gjennom av ankeutvalet i Høgsterett, så ønskjer statsadvokaten å få vurdert forvaringsspørsmålet på ny. 

Det er venta at Høgsterett tek stilling til dei ulike ankene i løpet av våren. 

Slik vart Ullensvang-sakene rulla opp

Nabomannen i 30-åra var den første som vart pågripen av politiet. Det skjedde hausten 2020.

Fleire hadde reagert på korleis han var i kontakten med nabojenta. Lagmannsretten meiner oppførselen minnar «om grooming».

Så fortalde jenta politiet om kva mannen hadde utsett ho og sonen hans for.

Under etterforskinga oppdaga politiet at det også var mykje digital kontakt mellom dei to. Det vart difor tatt beslag i faren hennar sin telefon som vart nytta til dette.

Der fann dei urovekkande søkehistorikk. Trebarnsfaren hadde nyleg sona dom for nedlasting av grovt overgrepsmateriale.

Difor vart han pågripen på nytt, sommaren 2021. Og då begynte den yngste sonen hans å fortelje.

Det byrja med skildringar av overgrep frå far under dusjing om morgonen.

Fleire tilrettelagde avhøyr seinare hadde det utvikla seg til skildringar av overgrep der heile familien var involvert.

Read Entire Article