Dei norske kvinnene imponerte under stafetten i tyske Oberhof, og tok ein sterk andreplass framfor Tyskland.
Ingen kunne gjere noko med dei franske kvinnene, som vann 53,7 sekund føre Noreg.
Maren Hjelmeset Kirkeeide skaut ein rask serie på siste ståande skyting, og sikra andreplassen for Noreg framfor Tyskland.
– Imponerande i seg sjølv. Ho berre lever i sin verda. Heilt utruleg, seier skytetrenar Patrick Oberegger om Kirkeeide sin siste serie.
– Maren leverer ein super etappe, seier NRKs ekspert Ola Lunde.
Marthe Kråkstad Johansen la grunnlaget for resten av stafettlaget. Med to fulle hus kunne ho sende Ingrid Landmark Tandrevold ut på ein andreplass. Karoline Knotten leverte også stabilt og sende Kirkeeide ut på ein tredjeplass.
















English (US)