35 er døde og 43 er skadde etter at ein bil køyrde inn i ei folkemengde i Zhuhai i Kina måndag kveld, lokal tid, melder Reuters, som siterer statlege medium.
Ifølge TV-kanalen CCTV køyrde bilen inn i ei folkemengde utanfor ein idrettsstadion.
Sjåføren, som er ein mann i 60-åra, er gripen, ifølge det statlege nyheitsbyrået Xinhua.