Karpe til NRK: – Vi er eit svært, fuckings cruiseskip

15 hours ago 3



Etter 28 år, 13 spellemannsprisar, 5 album på toppen av VG lista og tallause utsolgte konsertar legger Karpe mikrofonen på hylla.

– Vi kjem aldri til å slutte å lage kunst og musikk, men slutte med det folk er vant til, seier Magdi og Chirag.

Akkurat no snakkar NRK med to av noregshistorias største og mest ettertrakta artistar. Vi møter dei på ærverdige Nasjonalbiblioteket.

– Som 16-åringar trudde jo ikkje det var noko vi kunne leve av. Vi såg jo berre på de som var idolene våre, at dette var ein subkultur, seier Karpe.

Hyllar dei unge

No hyllar dei andre unge i musikken.

– Akkurat no er det veldig mange unge menneske i rappsjangeren. Det har vore litt døvt ein periode, men no er det ein gjeng som ikkje har som mål om å vere på TV 2, seier dei.

Dei elskar å snakke med dei unge som er på veg opp og fram.

– Å få snakke med dei om rap gir ein drive. Med dei kan vi hente energi og idear.

Karpe

Karpe på veg inn til intervju med NRK.

Foto: Truls Skram Lerø / NRK

Heile pressekorpset i landet ventar på å få svar frå Chirag Rashmikant Patel og Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid i Karpe etter at dei tysdag kveld kom med nyheita om at dei gir seg.

No har dei invitert norsk media til intervjurundar.

– Vi er eit svært, føkkings cruiseskip. Og medan det cruiseskipet er som det er akkurat no, så er det noko med det å berre parkere skipet og putte det inn i eit glas. Så «moonwalke» ut og seie tusen takk for at vi fekk lov til å gjere dette, punktum.

– Kompromisslaust

– Korleis er det å gi slipp på det heile?

– Det er blanda kjensler rundt det. På den eine sida er det sjølvsagt vemodig å gå vidare til noko framand. Samtidig har vi jo gjort det i Karpe heile tida. Neste prosjekt og neste konsert, seier Karpe.

Men kvifor gje seg no, eller i 2028, som faktisk er sluttdatoen?

– Det er eigentleg noko vi har snakka om i mange år. Ikkje tidspunktet, men medan Karpe framleis er 100 prosent kompromisslaust frå vår side. Den energien har vi framleis. Men på eit eller anna tidspunkt, så har man ikkje.

Karpe

To menn som har endra norsk musikkliv gjennom fleire tiår.

Foto: Truls Skram Lerø / NRK

– Det har vore ei ekstrem nysgjerrigheit på kva som er mogleg, før det blir keisamt i dette rommet, og så lurer på om vi skal gå vidare til neste rom. Det er det vi elskar.

Når dei får spørsmål om korleis det er å sjå at folk landet rundt takkar dei for å ha gjort norsk kultur større og romslegare, ser dei på seg sjølve og sin eigen situasjon.

– Vi har jo berre på ekte skrive om det vi har lyst til å skrive om, og så har det troffe eit eller anna for nokon.

Dei svarer vidare ved å snakke om kven dei har valt å samarbeide med.

– Vi har, på ekte, sett bort frå kjønn, kultur, hudfarge og alt det. Fordi vi berre har sett etter kven som er best og kven vi synest er dei flinkaste til dei ulike rollene, seier Karpe.

– Bakgrunnsmusikken til mitt liv

Nyheita om at Karpe sluttar, har vekt stor merksemd dei siste dagane.

– Vent litt, kva sa du no?

Det var det superfan av Karpe, Anna Rasmia, rakk å seie før ho byrja å gråte, då ho fekk nyheita om at Karpe skal leggje opp.

– Eg visste at det kom til å kome snart, men samtidig så trefte det meg ut av det blå, held ho fram.

Karpe-fan takkar for musikken og minna

Ho fortel at duoen har vore med henne i tykt og tynt i årevis.

– Dei har vore bakgrunnsmusikken til heile mitt liv. Gjennom oppvekst og gjennom ungdomstida og gjennom vaksenlivet og gjennom oppturar og nedturar. Karpe har alltid vore der, fortel Rasmia.

Då ho såg musikkvideoen til låten «Piano» i 2006 var ho frelst. I åra som kom blei artistane ikkje berre viktige for henne, men for heile Noreg, meiner Rasmia.

– Dei har vore ein brubyggjar mellom dei ulike identitetane og heile mangfaldet som eksisterer i Noreg. Dei har introdusert min kultur og min bakgrunn, samtidig som dei har gjort at eg føler meg sett, seier ho.

Karpe vant seks priser under Spellemannprisutdelingen.

Foto: NTB

Rekord på rekord

Bevisa på at Karpe har vore ein bauta i musikkhistoria gjennom dei siste tiåra er mange.

Heilt frå start kjempa dei seg inn på topplistene i Noreg. Låten «Glasskår» frå 2004 hamna på ein 9. plass på VG-lista.

Vidare utover 2010-talet sikra dei seg fleire topplasseringar og i 2022 sette dei ein historisk rekord med albumet «Omar Sheriff»:

Samtlige seks songar på utgivinga tok dei seks øvste plassane på singellista samtidig. Det hadde aldri skjedd før i historia til VG-lista.

Det same albumet, som inneheldt låten «PAF.no», vann seks spellemannsprisar i 2022.

Noko som gjorde at rap-duoen blei blant dei mestvinnande med 13 spellemannsprisar, og dei første i historia som har vunne Årets spellemann to gonger.

Hausten 2022 selde Karpe ut Oslo Spektrum 10 gonger til totalt 110.000 tilskodarar, noko som heller aldri var gjort før.

Karpe

Karpe valde Nasjonalbiblioteket som scene for intervjua dei har gjort torsdag.

Foto: Truls Skram Lerø / NRK

Publisert 30.04.2026, kl. 11.06 Oppdatert 30.04.2026, kl. 11.35

Read Entire Article