Sidan oppstarten for fire år sidan har den saudiarabisk-finansierte LIV Golf-ligaen snudd opp ned på den profesjonelle golfverda med astronomiske summar og stjernesigneringar. Nå kan det heile vere over i si nåverande form.
Ifølge kjelder i golfindustrien som nettstaden The Athletic har snakka med, planlegg det saudiarabiske statlege investeringsfondet (PIF) å trekke si milliardstøtte til prosjektet. Medium som BBC og The Guardian melder også om krisa.
– Det ville vore veldig overraskande. Signala frå LIV har heile tida vore at dei har komme for å bli, seier Eurosports golfekspert Marius Thorp til NRK.
Det siste året har dessutan premiepengane blitt reduserte kraftig samanlikna med oppstarten av konseptet.
LIV har ikkje kommentert påstandane.
Bakgrunnen for den dramatiske vendinga skal vere ein kombinasjon av enorme underskot og endra prioriteringar frå Saudi-Arabia:
- Enorme tap: Berre den britiske delen av selskapet tapte over 6 milliardar kroner i 2024.
- Lang veg til overskot: Leiinga har tidlegare uttalt at det vil ta 5 til 10 år før ligaen går med overskot.
- Strategisk skifte: I ein fersk femårsplan frå PIF, godkjent av kronprins Mohammed bin Salman, blir ikkje LIV Golf nemnd med eitt einaste ord. I staden blir fokus retta mot innanlandske investeringar og økonomisk transformasjon i Saudi-Arabia.
OPPSTARTEN: Made Alsorour, Charles Schwartzel, Yassir Al Rumayyan Governor og Greg Norman poserer saman etter ei LIV-turnering i juni 2022.
Foto: Alastair Grant / AP,NTB
Knusande dom
NRKs sportskommentator Jan Petter Saltvedt er ikkje nådig i sin dom over situasjonen.
– Dersom det er slutt nå, vil det straks gå inn i historia som ein stormannsgalen fiasko. Dei la så mykje pengar og prestisje i å vise kor enkelt dei kunne overta styringa i ein av dei største sportane i verda, men motstanden var større enn dei såg for seg. Dette er heilt openbert eit nederlag som svir, seier Saltvedt.
Han peikar på at Saudi-Arabia nå ser ut til å skifte fokus.
– Det er tydeleg at Saudi og PIF har dårlegare råd nå, og at dei spissar prioriteringane sine inn mot fotball og delvis e-sport.
KRITISK: NRKs sportskommentator Jan Petter Saltvedt meiner LIV-touren må sjåast på som ein fiasko.
– Sesongen fortset som normalt
Likevel er LIVs skjebne framleis uklar. LIV-topp Scott O’Neil sende nemleg ut ein e-post til dei tilsette for å tone ned rykta. E-posten har blitt avbilda i fleire medium og blitt sitert breitt i utlandet.
– Eg vil vere krystallklar. Sesongen vår held fram som normalt – samanhengande og med full styrke, skriv han i ein e-post.
Golfstjerna Sergio Garcia hevdar også at dei har fått positive signal frå LIV-leiinga.
– Vi blei fortalde at dei (LIV) står bak oss og at dei har eit prosjekt for mange år framover. Det vil alltid vere rykte, seier spanjolen ifølge BBC.
Thorp er likevel tydeleg på at det er noko som skurrar i golfverda om dagen.
– LIV har prøvd å tilpasse seg, men det er vanskeleg å vite kva som går føre seg bak kulissane når fleire golfprofilar nå forlèt skuta, seier han.
– Vegen tilbake for dei som gjekk til LIV er full av spørsmål, fortset han.
Blant dei som har forlate LIV i 2026, finn vi stjerner som Brooks Koepka og Patrick Reed. Bryson DeChambeau har ikkje ønskt å forlenge kontrakten.
FERDIG: Patrick Reed er blant golfspelarane som har trekt seg frå LIV-touren.
Foto: Brian Snyder / REUTERS,NTBHovland lunken til LIV
Det norske golfesset Viktor Hovland har ikkje deltatt i LIV-turneringar, og har heile vegen vore tydeleg på at han ikkje ønsker å ta del i konseptet.
– Ein må tenke litt, da. Viss alle dei beste i verda speler i same liga, og det vil eg. Eg vil vise meg som golfspelar og spele mot dei beste i verda. Da er det ei moglegheit, men eg trur og håpar at det ikkje går den vegen, sa Hovland til NRK tilbake i 2022.
TAKKA NEI: Viktor Hovland har halde seg lojal til PGA-touren.
Foto: ANDREW REDINGTON / GETTY IMAGES NORTH AMERICA,NTB– Tiger Woods og Hovland kan kanskje angre på at dei ikkje berre tok milliardane og stakk, seier Saltvedt, men legg til at ligaen har øydelagt mykje for sjela til sporten:
– Dei absurde summane skjemte bort spelarane, og konkurranseelementet forsvann. Når ein tar bort kravet om «cut», gjer det noko med heile innstillinga til sporten.
Thorp meiner at Hovland gjorde ei god avgjerd da han avventa deltaking i LIV-touren.
– Ein kan seie at Viktor Hovland kunne fylt opp lommene og kommen tilbake nå, men han har vore veldig konsekvent. Han vil konkurrere med dei beste, og han føler at det er i PGA han gjer det. Det er bra at han tok eit så tydeleg standpunkt tidleg, meiner han.
«Business as usual»
Trass i rapportane om kaos i toppen, prøver ligaen å oppretthalde ein fasade av normalitet med turnering i Mexico City i helga. Spelarprofilen Sergio Garcia seier han ikkje har høyrt noko om kutta og hevdar spelarane har fått beskjed om at LIV er eit prosjekt for mange år framover.
Samtidig har fleire pressekonferansar i Mexico blitt avlyste, og mediesenteret blei halde stengt tysdag med tilvising til straumbrot.
Verken LIV Golf eller representantar for det saudiarabiske investeringsfondet har svart på førespurnader om kommentarar. Da The Athletic besøkte kontora i ligaen på Manhattan onsdag, var beskjeden kort:
– Vi gir ingen informasjon til journalistar akkurat nå.
Publisert 16.04.2026, kl. 21.49












English (US)