Kan måtte kaste tonnevis med plommer: – Blir deprimert

1 week ago 12



– Det er nesten så eg ikkje orkar å gå inn her. Ein blir berre deprimert.

Plommebonde Eyvind Reme ser på dei fulle kassene på fruktlageret i Innvik i Nordfjord.

Heile 72.000 kilo med plommer kan hamne rett i søpla om dei ikkje blir selde i løpet av veka.

Det svarar til omtrent 3 millionar kroner.

– Problemet er at vi ikkje får bestillingar. Og det vi har her no, begynner å bli dårleg. Det hastar å få det ut, seier Reme.

Gjeld heile landet

Nokre av plommene i Innvik har alt stått på lager i 11 dagar.

– 40 prosent av det som står her no må dessverre gå rett i søppelkonteinaren, fortel dagleg leiar i Innvik fruktlager, Anita Roset.

Og det er ikkje berre i Nordfjord at dei risikerer å kaste tonnevis av plommer.

På eitt av dei største fruktpakkeria på Austlandet, Fellespakkeriet i Lier, har dei over 90 tonn plommer ståande.

– Vi står i fare for å kaste store volum, seier dagleg leiar Stig Mellerud.

Totalt er det rundt 260 tonn plommer på lager rundt om i Noreg, ifølge Leif Øie i Grøntprodusentenes samarbeidsråd.

– I tillegg heng det att mykje på trea, seier han.

Eit steinkast unna fruktlageret i Innvik, står plommetrea til Reme.

Alle plommene som heng att er ein påminning om dei store økonomiske tapa han kan stå overfor.

Eyvind Reme

Til vanleg kan Reme plukke 30–40 tonn frå trea på feltet sitt.

Foto: Ingeborg Slinde Grindheim / NRK

Får han ikkje seld meir no, anslår han at han tapar rundt 900.000 kroner. Sel han litt til, er det i beste fall eit tap på opptil 700.000 kroner.

– Dette er veldig alvorleg. Eg har hatt rundt 20 plukkarar som eg må betale løn til for varer eg ikkje får seld.

– For høge avlingar

Enkelt forklart: Om du er plommebonde i Noreg og vil selje plommer i matbutikkar, så har du kontrakt med enten Gartnerhallen eller Nordgrønt.

Det er dei som er leddet mellom produsent og fruktleverandørar.

  • Gartnerhallen leverer til Bama, som igjen har to ulike selskap: Bama Dagligvare som leverer til Norgesgruppen, og BaRe som leverer til Rema 1000.
  • Nordgrønt leverer til Coop.

Gartnerhallen er eit samvirke eigd av bøndene sjølve.

Saman med leverandørane lagar dei produksjonsplanar som skal vere tilpassa produksjonsønsket til bøndene og etterspurnad i marknaden.

plommer

I Innvik kan 72.000 kilo med plommer kan hamne rett i søpla om dei ikkje blir selde i løpet av veka.

Foto: Ingeborg Slinde Grindheim / NRK

Gunn Jorunn Sørum, organisasjonssjef i Gartnerhallen, seier målet deira er å vareta bøndene sine interesser.

– Vi vil gjere alt vi kan for å få seld så mykje som mogleg av det som er hausta.

Ho seier årets plommeavlingar er høge, og at det er difor bøndene no risikerer å brenne inne med tonnevis av plommer.

Ikkje fordi dei har bomma på produksjonsplanane.

– Dessverre er det ingen direkte samanheng mellom kor mykje avlingsnivåa ligg på og kor mange plommer forbrukarane spør etter, seier ho.

I år har prognosen for plommer vore 1700 tonn. Per 1. september er det levert 1169 tonn, ifølge Grøntprodusentenes samarbeidsråd.

Anita Roset i Innvik seier det har vore ein planlagd god plommesesong.

– Dette er planta ut etter oppmoding frå Gartnerhallen. No er plommene her, så det er om å gjere å få dei ut,, seier ho.

– Dei kan ikkje be oss plante ut så mykje dersom det ikkje heng i hop med marknaden.

dagleg leiar i Innvik fruktlager, Anita Roset.

– 40 prosent av det som står her no må dessverre gå rett i søppelkonteinaren, fortel dagleg leiar i Innvik fruktlager, Anita Roset.

Foto: Ingeborg Slinde Grindheim / NRK

Plommeimport

Reme trur ikkje det handlar om at nordmenn spør etter mindre plommer, men at det står på viljen til å få seld plommene.

I tillegg har plommeimport noko av skulda.

Samtidig som dei norske plommene hopar seg opp, importerte vi i juni og juli i år totalt 257 tonn plommer frå utlandet, viser tal frå SSB.

Nesten same mengde som ligg på lager rundt om i landet.

Det er toll på plommer i perioden 21. august til 10. oktober. Den ligg på 5,44 kroner per kilo.

– Går du i butikk no, så finn du spanske plommer. Det er heilt horribelt. Og dei er dyrare enn dei norske, hevdar Reme.

Den norske plommesesongen er på topp i august og september.

Peikar på etterspurnaden

– Vi forstår at produsentane ønsker å selje alt som blir produsert, men i sesongar med overproduksjon er vi avhengige av auka etterspurnad, skriv Pia Guldbrandsen, kommunikasjonsdirektør i Bama, i ein e-post.

Ho opplyser at dei har bestilt like mykje plommer som normalt. Hittil i år har Bama seld meir enn 800 tonn av ei normalavling på 1000 tonn.

– Vi reknar med å nå fjorårets salstal før sesongen er omme. Då selde vi 980 tonn.

Sørum i Gartnerhallen seier dei prøver å påverke forbrukarane til å kjøpe gode norske plommer når dei er i sesong, gjennom til dømes kampanjar.

– Men til sjuande og sist er det forbrukaren som vel kva varer som hamnar i handlekorga.

Publisert 04.09.2024, kl. 22.11

Read Entire Article