Kan ikkje trekke seg

1 day ago 11



Søndag morgon kunngjorde FOR at Glenn Diesen trekker seg som førstekandidat for partiet i Akershus.

Han skriv på Facebook at han gjer dette etter ein massiv mediestorm, der han opplever å bli utsett for personangrep og hets.

Men ifølge Vallova kan ikkje Diesen trekke seg etter at lista er godkjent.

I Akershus gjekk fristen ut for å endre på vallistene i slutten av april. Lista til FOR blei godkjent av distriktsvalstyret i Akershus 8. mai.

en mann i dress som smiler

Fylkesordførar i Akershus, Thomas Sjøvold (H), er leiar for distriktsvalstyret i Akershus.

Foto: Morten Brakestad / Akershus fylkeskommune

– Etter dette er alt låst, seier Thomas Sjøvold, som er leiar for valstyret til NRK.

Han seier at alle kandidatar har fått informasjon om dette i god tid før fristane gjekk ut.

NRK har ikkje lykkast med å komme i kontakt med Glenn Diesen for å få ein kommentar.

Omstridd parti

Partiet FOR fekk stor merksemd i forbindelse med ein reklamekampanje på t-banen i Oslo i midten av mai.

Der kritiserte dei den norske våpenstøtta til Ukraina. Kampanjen var finansiert av milliardæren Atle Berge.

Reklameplakatane blei rivne ned av aktivistar, som seinare blei melde til politiet av partiet.

Fleire kritikarar har skulda partiet for å spreie russisk propaganda og stilt spørsmål ved motiva og finansieringa av partiet.

Publisert 01.06.2025, kl. 10.49

Read Entire Article