Kabelbrot i Finskebukta: – Noko rart på gang

15 hours ago 5



Det var fleire skip i Finskebukta då ein undersjøisk kraftkabel blei broten onsdag.

Men mistanken blei raskt retta mot tankskipet «Eagle S».

Finsk politi seier at det var «etterretning» som sette dei på sporet. Finsk grensevakt blei sende ut, og bad tankskipet om å heise ankeret.

– Berre ankerkjettingen kom opp då ankeret skulle hevast, seier Markku Hassinen i finsk grensekontroll på ein pressekonferanse torsdag.

– Det er ein tydeleg grunn til å mistenke at det var noko rart på gang, seier Hassinen.

«Eagle S» var på veg frå St. Petersburg til Egypt.

Det sigla under flagget til Cookøyene, som er ei øygruppe i Stillehavet. Ifølge det finske tollvesenet tilhøyrer skipet skuggeflåta til Russland.

«Eksterne krefter»

Tidlegare i dag blei det oppdaga tre nye kabelbrot i same området, ifølge det estiske nyheitsbyrået EER.

Det skal vere snakk om kommunikasjonskablar. Til saman er fire datakablar no ute av drift, ifølge det finske nyheitsbyrået Yle.

Finsk politi mistenker at «eksterne krefter» står bak skadane, men ønsker ikkje å peike på spesifikke land på dette tidspunktet.

«Eagle S» er frakta til finsk farvatn for vidare undersøkingar.

Seinast i november blei to andre undersjøiske kablar i Østersjøen skada. Ein mellom Sverige og Litauen, og ein mellom Finland og Tyskland.

Den gongen blei det retta mistanke mot eit kinesisk skip som låg ankra i Kattegat.

Publisert 26.12.2024, kl. 13.23 Oppdatert 26.12.2024, kl. 14.20

Read Entire Article